Familien på Hauen i Tengesdal, med syster til husmora og hennar familie. Me ser bustadhuset på Hauen. I dag har det fått inngang på oppsida og kvist på begge sider. Huset i bakgrun ...
Familien på Hauen i Tengesdal, med syster til husmora og hennar familie. Me ser bustadhuset på Hauen. I dag har det fått inngang på oppsida og kvist på begge sider. Huset i bakgrunnen står der tunet var på 1690-talet og lang tid frametter. Det er den gamle røykstova som står att, brukt som smalhus. I mellomkrigsåra vart det flytta ned i tunet. Personane er, bak frå venstre: Knut S. Tengesdal, far hans Steffen Tengesdal, ein dreng frå Laberget under Tveitane (Suldal), tenestejenta Stora-Siri (Suldal) og Paul Løyning med eit barn. Framme ser me først barna på Hauen. Det er Sissela, Steffen, Maria og Johan, som sit på mor Severine f. Fiveland sitt fang. Syster til Severine, Boletta Løyning f. Fiveland, sit til høgre for henne. Ho er kona til Paul Løyning. Tre av barna deira er med på biletet.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».