History
-
Informant f.1939 fortel i brev 2.7.2004:
"På Stadlandet vart vi tidleg tilknytte Ytre fjordane Kraftlag sitt nett. I starten var det berre til lys i fjøs og hus. Det var vanleg med eit abonnement på 500 w. Vi hadde det så lenge eg kan hugse tilbake i tid (f.1939). Vi hadde og ei lita kokeplate som tok 450 w, og dersom vi brukte den, kunne vi ikkje ha på lys, for då tok det til å vippe. Tanta mi hadde truleg større avtale, og dei hadde overforbruksmålar og ikkje vippe. Ho hadde komfyr med magasin på for å sleppe å få overforbruk som var mykje dyrare.
Vi hadde vanleg "svartomn" med ringar og seinare spareplate. Det var soting av omn før vi skulle steike brød og kaker, men det vart god mat. Brensel var torv som vi tok or grøfter. Vi hadde torvteig på fjellet, men det var tungvint og far laut grave djupe grøfter likevel og lage kistesette avløp og køyre på mykje stein. Og då gjekk det godt an å ta ut torva til å tørke og brenne.
I 1952 kjøpte vi første traktoren, ein President, og far fekk mykje arbeid vårane med møkkakøyring for grannane og om sommaren med slått. Dermed vart det mindre tid til torvet. I tillegg vart det tryggare straumtilførsel. Elles laut dei likevel vøle det gamle ledningsnettet i huset. Vippa laut ut og målarar inn. Det var nok dette som gjorde at dei kjøpte komfyr og tilhengar. Vi fekk dette inn like før jul i 1953.
Komfyren var produsert i Ørsta på Grepa og Mjelva fabrikker, og om han far fekk ein slektning til å kjøpe han for seg, hugsar eg ikkje. Iallefall var dette ein "sekunda" komfyr: det var flekk i emaljen og då vart han billegare. Men det var så visst ikkje nokon sekunda komfyr på andre måtar: Svært god effekt på plater og steikjeomn, og han vart brukt til ein gong på 70-talet. Det var så greitt med Grepa, for om ei plate slutta å verke, gjekk det an å få ei ny og sette inn, og det veit eg vart gjort minst ein gong. Men ei ulempe var det med dei komfyrane med slik steikomn; døra til steikomnen vart frykteleg varm og dampen gjekk ut gjennom ventilen. Dette gjorde at mor ikkje våga å steike noko når ungane våre var der, ho var redd for at dei skulle brenne seg. Ny Grepa vart innkjøpt, no med større steikomn og isolert dør.
Komfyren vart plassert i kjellaren, heilt til min komfyr ein dag rauk. Det var ferietid, og vi hadde huset fullt. Då var gamleomnen god å ha, og han virka, i alle fall var steikomnen i full vigør. Det er årsaka til at han hamna i kjellaren hos meg. Og no lyt han ut!
Mor var veldig nøye med å skrive kva som vart innkjøpt av investeringar og kva pris det var. Men eg har ikkje klart å finne noko om Grepa'en enno.
Ein ting er i alle fall sikkert: Omnen bar merket Grepa med rette!"
Aksesjon: 2004 (Informantopplysingar)
Bruk: 1953 - 1970
- BruksstedNorge Selje Stadlandet Fløde gnr/bnr 0017/003sikker
Produksjon: 1953
- ProdusentMjelva og Grepa fabrikker
Classification
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2004-00008
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedSeptember 9, 2014
- Date updatedJanuary 8, 2015
- DIMU-CODE011025127394
- UUID3414918c-b868-4a12-849a-e6a83b5837e8
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».