• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Ole Bull og Lysøen

Barn av nasjonalromantikken

I heile sitt vaksne liv reiste Ole Bull svært mykje på konsertturnear, særleg i Europa og USA. Ole Bull var barn av si tid; nasjonalromantikken. «Ole Olsen, norsk nordmann fra Norge» kalla han seg. Han ville gjera Noreg kjend i utlandet, og ingen nordmann var så verdskjend som Ole Bull i hans tid. Kring 1850 skipa han Det Norske theather i Bergen; det første teatret i Noreg som bruka norsk språk. I tur og orden sette han Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson til instruktør og leiar for teatret. Frå 1850-åra og resten av livet budde Ole Bull for det meste i USA. I 1872 kjøpte han Lysøen. Her budde han kvar sommar, og her døydde han i 1880.

Villa Lysøen 

Lysøen, dette eventyrslottet med den russisk-inspirerte løk-kuppelen på hjørnetårnet, står som eit minne om historismens mangfald og eit monument over ein mangfaldig kunstnarperson; ein sentral skikkelse i den norske nasjonalromantikken.

Ole Bull kom til Lysekloster første gong i 1826, og han vart alt som 16-åring fascinert av staden. I 1872 kjøpte han Lysøen av barndomsvenen sin, antikvar Nicolay Nicolaysen, for 600 Spesiedalar. Året etter, i 1873, stod «Villa Lysøen» ferdig. Då tok han huset i bruk som sommarbustad. Sikkert er det at det må vera Ole Bull sjølv som har samla inntrykk og impulsar på sine reiser til denne fabelvillaen med det store musikkrommet i maurisk stil. «Mitt lille Alhambra» kalla Ole Bull Lysøen. Øya er i seg sjølv eit uttrykk for nasjonalromantikkens naturkjensle. Kvitgrusa spaserstigar fører opp til den høgaste toppen, med vidt utsyn over fjordlandskapet.

Museet Lysøen

Ole Bull si dotterdotter Sylvea Bull Curtis skjenka i 1974 heile Lysøen med bygningar og inventar til Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Etter gjevars ønske gjorde dei den 700 mål store eigedomen om til museum, og i dag er Museet Lysøen ein stor turistattraksjon. I opningstida frå mai til ut august er det daglege omvisningar på øya, museumsbutikk og kafé. Ein direktebåt fraktar besøkande att og fram. Det vert også arrangert konsertar her under Festspillene i Bergen. Frå 2007 vart Museet Lysøen ein del av Kunstmuseene i Bergen.
 

Share to