• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: K. Knudsen/Festskrift i anledning det 10de Landsangerstevne 1926. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: K. Knutsen/Festskrift i anledning det 10de Landssangerstevnet i 1926. (Opphavsrett)
  • Photo: K. Knudsen/Festskrift i anledning det 10de Landsangerstevne 1926. (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Musikkfylket Hordaland

Norges landsangerforbund

Norsk mannskorsong har røter tilbake til 1840-åra, truleg som ein del av den nasjonalromantiske bølgja, og arbeidarane var dei første som danna kor. Norges Sangerforbund, som seinare heitte Norsk arbeidersangforbund vart skipa i 1909, og den ivrigaste i dette arbeidet var ein radikal sosialist frå Bergen, Albert Nicolay Arnevig, medan W.F.K. Christie i 1917 byrja arbeidet med å skipa Studentersangforeningen, Det fyrste landsongarstemnet i forbundet sin regi vart halde i Bergen i 1926 der det også har vore fleire landstemne seinare.

Ei viktig oppgåve har vore å styrka kornivået og difor har ein arrangert ei rekkje song- og dirigentkurs. Ei anna viktig oppgåve har vore rekruttering og difor har det vore gjort eit stort arbeid med å organisera barne- og ungdomskor. Med åra har også forbundet teke opp i seg korformer som tidlegare ikkje var med, slik som blandakor, damekor og skulekor.

Stiftarane

Ludvig Matias Lindeman (1812-87) var fødd i Trondheim. Han vart organist i Vår Frelsers kirke i Oslo og var lærar i kyrkjesong og messe. Han starta også Musikkonservatoriet i Oslo. Han ivra særleg for ei forbetring av salmesongen og kom i heftig avisdebatt med m.a. Johan Didrik Behrens. Men hans ”Koralbog” vart autorisert til kyrkjebruk, og han starta i 1848 eit viktig arbeid som varde i mange år, med innsamling av folkemelodiar.

Den norske korsongen sine fedrar er: Johan Didrik Behrens (1820-90) Johan Gottfried Conradi (1820-96) og Friedrich August Reissiger (1809-83). Dei skapte den organiserte korsongen i Noreg med dei første songforeiningane, som var Den Norske Studentersangforening, Haandverke-rsangforeningen og Handelsstandens Sangforening. Dei vart alle grunnlagde i byrjinga av 1840- åra, og i dei store byane vart fleire kor stifta utover 1800-talet.  

Songkor

Mange stader i Hordaland var dei komne i gang med kor på slutten av 1800-talet, men tradisjonen med samsong er truleg eldre. Ofte var det lærarar og kyrkjesongarar som skapte interesse og iver, særleg blant ungdomen, og starta songkor. Til god hjelp for dette var innføringa av Lindemans nye korallbok, der ein kunne læra folkemelodiar og dei nye salmane.

Særleg på Vestlandet vaks det fram mange kor så tidleg som i 1870-åra. Sunnhordland var tidleg ute med korsong for på ”Stordøens Seminarium” starta dei alt i 1839. ”Det var ikkje mange år etter at seminariet, no lærarskulen, vart skipa, fyrr elevane ved skulen fekk den plikt på seg å møta fram til gudstenesta i kyrkja og leida menighetssongen der.”

På Leirvik vart Stordøens Mandssangforening stifta i 1860-åra, og øvingane vart haldne i privatheimen til stiftaren. I Rosendal kom dei i gang med kor i 1883. og etter kvart vaks det fram kor i bygd og by over heile fylket. I 2009 er det 128 kor som er medlemer av Norges Korforbund – Hordaland, den lokale korkontakten i forbundet, som heldt kurs og arrangement i nærområdet. Sjølve hovudforbundet er Nord- Europas største interesseorganisasjon for kor og har om lag 1000 medlemskor.  

Songarstemne

Etterkvart vaks det fram eit ynskje om samarbeid kora imellom, og i 1914 vart det for fyrste gong stelt i stand songarstemne. Det var på Stord og der møtte ni kor med meir enn 200 songarar frå Stord, Rubbestadneset, Espevær, Bømlo og Husnes. Etter dette vart Søndhordland Sangerforbund skipa.

På denne tida var tilhøva i samfunnet annleis enn i dag både teknisk, økonomisk og sosialt. Vegbygging hadde så vidt byrja, bilen fanst ikkje, føter og robåt var framkomstmiddelet. Det var difor tidkrevjande å samlast frå fleire bygder. Ein hadde ofte få instrument og få forsamlingshus, difor vart korøvingane ofte haldne i ein heim. Når dei hadde stemne vart det stor fest og konsertar. ”Et syngende folk er et lykkelig folk,” var mottoet.

I jubileumsskriftet for Rosendal songlag heiter det: ”Reisa til og frå tok si tid for det bar ikkje så snart avgarde med fiskeskøyta. Men for den gamle garde står det ein eigen glans over turane. Fjelga og fin med flagget til topps låg båten og dunka ved kaien til fastsett tid, gjerne kl.5 om morgonen om det bar langt avgarde helgekledde songarar og musikarar med våseplagg, notemapper, matøskjer, primus, kaffikjel, pledd og anna utstyr i mild forvirring.” 

Barnekor

Rekruttering må til om ein tradisjon skal halda fram. I 1960-åra tok interessa for barnekor seg opp. Songfaget i skulen vart lagd meir vekt på, og dette førte ofte til skulekor. I 1973 vart fyrste barnekorstemnet i Hordaland halde – på Stord. Etter kvart vart det stifta ein landsomfattande organisasjon: Norges Barne- og Ungdomskororganisasjon.
 

Femtiårsjubileet i 1971 

Jubileumssamlinga vart halden i Bergen, der den første samlinga var i 1926. Komiteen hadde håpa at Grieghallen skulle stå ferdig då, men slik vart det ikkje. Difor vart Bergenshallen leigd til konsertar, middagar og songarball. Det var no første gongen i forbundet si historie at damekor, blandakor og barnekor var med. Finansieringa var ikkje så enkel. På 1970-talet hadde samfunnet endra seg. Det var ikkje lenger aktuelt med basarar og utloddingar for å skaffa pengar. Ein måtte ty til næringslivet og kommunen. Rekrutteringa hadde heller ikkje vore stor sidan 1956, så det var dei gamle som ”drog lasset”. 

Share to