• Photo: Jan Adriansen (Opphavsrett)

Køyrevegen mellom Jondal og Utne

Etappevis

Allereie i 1874 blei det løyvd pengar til kjerreveg mellom Utne og Alsviken, og denne var ferdig i 1898. Same året opna vegstrekninga frå Herand og opp til Samland. 4 år seinare, i 1904, blei det avgjort å bygge eit bindeledd mellom dei to bygdevegane. Arbeidet tok til i 1906. Men det skulle gå heile 19 år før den over 9 kilometer lange og 2,5 meter breie strekninga kunne overleverast. Årsaka var kanskje at vegen gjekk gjennom 3 herad, Kinsarvik, Kvam (tidlegare Vikør) og Jondal, og at kvart herad skulle stå for sin del.

I mellomtida løyvde amtstinget midlar til eit hovudvegsanlegg på den manglande etappen frå Herand til Jondalsøyri (og vidare til grensa åt Strandebarm), for å knyte saman bygdelaga langs fjorden. Men det skulle enno gå mange år før heile vegen vart realisert.

Ein gong før andre verdskrig byrja ein på vegstrekninga Svåsand – Sollesnes. Vegarbeidet starta ved Svåsand, stoppa opp på grunn av krigen, og blei gjort ferdig kring 1950. I 50-åra blei vegen frå Herand mot Svåsand bygd, og den siste biten mellom Sollesnes og Jondalsøyri kom til midt i 1960-åra. Då Jonatunnelen nær Jondalsøyri blei opna i 1965, fekk bygda for første gong tilknyting til omverda med andre kommunikasjonsmidlar enn båten.

Kronglete vestlandsveg 

I dag står vegen fram som eit flott døme på ulike epokar i historia til vegutbygginga. Frå dei smale snirklevegane på 1800-talet, som passerte gjennom gardstun og grannelag og nytta dei naturlege formene i landskapet som kurvatur, til 6-7 meter brei bilveg frå 1960-åra, med store skjeringar og fyllingar, der det viktigaste var å kome fortast mogeleg fram.

Spesielt strekninga mellom Utne og Alsviken blir lagt merke til av bilistar og andre forbipasserande. Vegen er så smal og krokete enkelte stader at rutebussen har vanskar med å kome forbi, og turistane refererer ofte til denne biten når dei snakkar om dei farlege vestlandsvegane.

Kultur og natur 

Vegen i seg sjølv er flott, og den heilskaplege samansetjinga av kulturminne langs ruta gjer den særmerkt. Den passerer tusenvis av frukttre, gamle gardstun, kvernhus, store skiferbrot, og til og med forhistoriske helleristingar. Ved Vines finst ein bensinstasjon som har selt bensin sidan starten av 1930-åra. Det særleg vakre naturlandskapet som omgir Hardangerfjorden gjer opplevinga ekstra stor. Høge fjelltoppar og djupe fjordar set sitt romantiske preg på vegstrekninga. 

Share to