• (Opphavsrett)

Jernvinna i Vossebygdene

Tidleg jernvinne

Prøver av kolrestar frå ein slaggdunge på stølen Brileset på Voss er daterte til tida kring Kristi fødsel, så denne verksemda har høyrt heime i den tidlegaste bolken av jernvinne i landet vårt.

Myrkdalen

I 1768 skreiv presten Even Meldal ein artikkel til Bergens Adressecontoirs Efterretninger om myrmalmsmeltinga på Voss. Der fortel han om Olav Botolvsson Sundve som hadde teke opp att den gamle jernvinna. På Meldal si tid var det særleg i Myrkdalen dei dreiv med jernblåster. Der var det rikeleg med myrmalm tett ved gardane, slik at drifta lønte seg, og «nesten enhver Gaardbruger havde derfor sine Smeltegruber,» skriv Meldal.
 

Share to