• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Erling Hakestad

Ein av dei mange erfarne fjellfolka var Erling Hakestad, postførar og guide.

Erling Hakestad var blant dei hardføre fjellfolka som heldt fast på virket sitt på høgfjellet gjennom dei lange vintermånadene. Til tross for at han eigde ein gard i Ulvik, arbeidde han som postførar under bygginga av Bergensbana. Han kjende fjellet godt, var fjellvand og hadde god erfaring med dårleg vêr og overlevingsteknikkar. Hakestad vart ofte send bod på i spesielle tilfelle: leiteaksjonar, viktig post som måtte fort fram, og liknande. Ved eitt tilfelle gjekk kasseraren ved Bergensbaneanlegget seg bort i ein snøstorm på fjellet, og det vart Hakestad som leia søket etter han.

Etter at Rachel Klem starta drifta av hotellet på Finse, tok Hakestad ofte på seg oppdrag som guide for hotellet sine gjestar. I 1914 var Hakestad førar for prinsen av Wales under besøket hans på Finse, og han var også guide for den kjende fotografen Anders Beer Wilse fleire gonger.

Hakestad vart seinare patentførar for Turistforeininga, og heldt ut i arbeidet fram til 1922, då han flytta til garden i Ulvik for godt. Han døydde i 1939.

Share to