• Photo: Magnus Manske Attribution (CC BY)

Eg er Neri Tolt og eg skal snakke med kongen!

Frå barnsbein var han ein original, ein raring. Han var nok ingen dumming, men han hadde ein frodig fantasi. Neri Tolt heitte han og vaks opp på Oterholt.

På nabogarden budde Johan Mathias Rye, ein storbonde på den tida. Han var kaptein i militæret. Neri var gode venner med Rye. Rye lærde Neri både lese, skrive og reknekunsten. Det var ikkje vanleg på den tida, at ein ungdom hadde slik lærdom.

Etter endt militærtjeneste som Kaptein Ryes personlege oppassar, var han ein deil år gardsstyrar hjå han.

Då Rye flytte frå bygda, blei Neri arbeidslaus. Han tok til med forskjellig arbeid. Faren, Tor, hadde sete med ein mindre Oterholtgard, men måtte reise frå denne. Neri ville ta tilbake farsgarden. Han forhandla med den nye eigaren, men nådde ikkje fram. Han gjekk rettens veg, fekk saka si heilt fram til høgsterett, men tapa.

Pengelens og fattig, drog han til Christiania i håp om hjelp frå Kongen. Vel framme ved Slottets vakt, sa han: ”Eg er Neri Tolt frå Bø i Telemark. Eg skal snakke med kongen.”

Merkeleg nok kom han inn utan audiens. Etter at Kongen hadde høyrt Neris problem, sa han: ”Den rett du har krav på skal du få.”

Neri reiste heim att med uforretta sak.

Share to