• (Opphavsrett)

Mellomalderstaden Kinsarvik

Arkeologiske funn

Naturleg nok knyter det seg skepsis til slike segner, men gjennom arkeologiske utgravingar er det gjort funn av gjenstandar frå mellomalderen: spikar, båtsaum, kleberkar, kljåstein, knivskaft og brukskeramikk, særleg frå 1300- og 1400-talet. Mykje talar såleis for at det har vore ein busetnad her.

Fjordungstinget og Olavsgildet

Fjordungstinget vart halde i Kinsarvik fram til 1650, og i mellomalderen hadde St. Olavsgildet tilhaldsstad her. Då Borgstova vart flytta til gildestovetufta, som vart graven ut i 1957, synte det seg at også denne stod på kjellarmurar frå mellomalderen. «Ålmerket», almenningen ved kyrkja, kan ha vore meir enn berre ein marknadsplass.

Leidangsskipet

Segna fortel også om leidangsskipet «Hardinggeiti» som hadde opplagsplassen sin i langskipsnaustet i Kinsarvik. Nausttufta, Skiparstod, ligg tydeleg markert i terrenget i dag, ved nedkjøringa til ferjestaden. Segl og mast til leidangsskipet måtte lagrast tørt. Opninga i murverket øvst i kyrkjegavlen på Hertzbergs prospekt viser truleg at seglet og masta til «Hardinggeiti» vart lagra på kyrkjeloftet.

Skiparstod er 33 x 13 meter i flatemål, og dette naustet har hatt plass til to langskip. Korleis sjølve bygningen har sett ut, veit vi ikkje, men det har truleg vore eit naust med stolpevegger og tak over, slik vi ser spora av langskipsnaustet på Stend i Fana eller Bjelland på Stord.
 

Share to