• (Opphavsrett)

Sigvard Heber

Ein assistentingeniør ved Bergensbaneanlegget står bak ei av dei meir fargerike skildringane frå bygginga av Bergensbana.

Sigvard Heber (1872–1929) var assistentingeniør ved Bergensbana frå 1904 til 1909. Han fekk først ei stilling ved Norges Statsbaner (NSB) i 1894. Frå 1899 til våren 1904 var han involvert i bygginga av Gjøvikbanen. Då Gjøvikbanen var ferdig, og ein ordre om overføring til ei annan banestrekning var i vente, spurde Heber frivillig om overføring til ei av høgfjellsstrekningane til Bergensbana i mai 1904. Han vart send til sjette avdeling: Haugastøl.

Heber vart verande på Bergensbana si høgfjellsstrekning til bana opna hausten 1909. Han viste seg å vere eit aktivt fjellmenneske og var ofte ute på skiturar, både mellom anleggsbrakker og komande stasjonsbygningar, og til fjelltoppar og andre naturlege turmål på Hardangervidda. Det kjem fram at han hadde ein stor kjærleik til naturen på høgfjellet.

I 1924 vart Da Bergensbanen Blev Til utgjeven. Boka var nedteikningar av Heber frå dei fem åra han var på høgfjellet. Det er personlege nedteikningar, og den store kjærleiken hans til høgfjellet, og respekten han har for alle dei menn og kvinner som var aktive på fjellet, kjem tydeleg fram.

Share to