• Photo: Anders P. Wallevik (Opphavsrett)
  • Photo: Siv Nytrøen Leden, (Opphavsrett)
  • Photo: Siv Nytrøen Leden (Opphavsrett)

Kinsarvik kyrkje

Overgangsstil mellom romansk og gotisk

Den første kyrkja i Kinsarvik var ei lita trekyrkje, med tak og vegger borne av jordgravne stolpar. Denne kyrkja må ha vore bygd alt på 1000-talet. Ho vart avløyst av den noverande steinkyrkja mot slutten av 1100-åra. Vestportalen i skipet og sørportalen i koret har detaljar som syner slektskap med overgangsstilen mellom romansk og gotisk stil, slik vi kjenner han frå England i andre halvdel av 1100-åra. Det kan vera cisterciensarmunkane i Lyse kloster som førte denne stilen til Vestlandet.

Interiør

I skipet er det restar av mellomalderlege kalkmåleri; ei dommedagsframstilling med erkeengelen Mikal, «Sankte Sålemikkjel», som veg sjeler i ei skålvekt.
Altertavla skriv seg frå 1690-åra; døypefonten, av kleberstein, er frå mellomalderen. Preikestolen har ei spesiell form. Opphavleg kan han ha stått framfor korbogen som ein såkalla lektoriepreikestol, ein type som er sjeldan i Noreg. Stolen, som er måla av Petrus Reimers frå Neustadt i 1609, vart gjeven til kyrkja av lensherre Jørgen Brockenhuus. Under restaureringa i 1961 vart den gamle gallerifronten sett på plass att.
 

Share to