Kyrkjekunst frå mellomalderen
To utskorne portalvangar og eit måla antemensale (alterforstykke) høyrer til det ypparste vi har av mellomalderleg kyrkjekunst i Noreg. Portalen og antemensalet er i dag i Bergens Museum; dei høyrer til dei mest kostesame eignalutene til muséet. Ein kopi av mellomalderantemensalet heng i dagens kyrkje. Denne er prydd innvendig i 1923 med måling av Lars B. Osa. Dei fysiske restane av mellomalderens kyrkjebygg, stavkyrkjeportalen, daterer stavkyrkja til 1100-talet; eit høgdepunkt i norsk og europeisk treskjerarkunst.