Stavanger har lang historie som hermetikkbyen. Sild og sardiner blei lagt på boks her, og etikettane var forseggjorte. Den dag i dag er det mange som samlar på iddisar - eit ord som kjem frå etikett, eller iddikett på stavangersk, forkorta iddis. Under kan du sjå ein film frå snutt.no, som fortel meir om desse små kunstverka.
«Iddiser. Jeg er en gutt som samler. Er det noen som har noen å gi bort, ta kontakt» Slik lyd ei annonse i Stavanger Aftenblad. Men kva er det guten samlar på?