• Photo: ukjend (Opphavsrett)

Vindenes teglverk

Teglverket dreiv berre i sommarhalvåret. Ein mann kunne forma opp til 3 000 murstein for dagen, men 2 000 var meir vanleg. Panneformarane greidde opp til 1500. Etter kvart som det minka med leire på land, prøvde teglverket med sjøleire. Men ho høvde ikkje for maskinene. Drifta på Vindenes Teglverk, til dagleg kalla Leiro, tok slutt i 1923. Då hadde verket levert teglpanner til Bjørnefjordbygdene gjennom eit halvt hundreår, og mange hus er enno tekte med hardbrende vinnespanner.

Share to