• (Opphavsrett)

Mordere i beltestakk

Mann drept i nærheten av Mannebru.

Mannen som blei drepen hadde vore på det lokale vertshuset på Hørteverket og spela med mykje pengar. Ved brua møtte han sin skjebne - to menn kledd  ut som kvinner i beltestakk.

Ei fager ung jente kom tilfeldigvis forbi og morderane fanga ho og hang ho opp etter flettene i mannebrua. Ho måtte sverge at ho aldri skulle fortelje det ho hadde vore sett til ein levande sjel. Ho lova og slapp fri.

Jenta sleit fælt med dette i ettertid og til slutt satte ho seg framfor ei gravstøtte da folket kom ut frå kyrkja og fortalte det ho hadde opplevd til gravstøtta.

Slik har historien levd vidare sidan 1800-tallet.

 

1 comment

  • Fornavnet er Aslaug, ikke Anlaug (bildet viser Aslaug Halvorsd Uvdal, gift med Torgrim Kleppen)

Share to