• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Salhus Tricotagefabrik

Den første tida var Salhus Tricotagefabrik eit strikkeri, som kjøpte ferdigspunne garn. I 1863 starta fabrikken eige ullspinneri. Produkta frå Salhus, særleg trøyer og underbukser, slo godt an både innanlands og i Sverige, noko som gav grunnlag for fleire utvidingar av fabrikken. I 1910 stod ein ny fabrikkbygning på 460 kvadratmeter i tre etasjar ferdig. Tekstilindustrien i Salhus fekk etter kvart fleire tilvekstar. Jürg Clausen, son til P.C. Clausen, grunnla Salhus Jacquardvæveri i 1894 (frå 1909 Salhus Væverier A/S). Birkelund Trikotasjefabrik, etablert av Andreas Nilsen, såg dagens lys i 1920.

Gode arbeidsplassar

Tekstilarbeidarane i Salhus kom i stor grad frå Åsane og Nordhordland elles. I den første tida var særleg mange frå Haus. Desse hadde gjerne erfaring med tekstilindustrien i Arna. Sjølv om avstanden til byen var kort, søkte få bergensarar til Salhus. Fabrikkane stod bak bygginga av ei rekkje arbeidarbustader. Medan mennene var i fleirtal i startfasen, kom snart dei fleste tekstilarbeidarane til å vera kvinner. Som på kvinnedominerte arbeidsplassar flest, låg lønene godt under gjennomsnittet for industriarbeidarar. Likevel vart fast jobb på tekstilfabrikkane sett på som inngangsbilletten til eit trygt materielt tilvære, og desse arbeidsplassane bidrog nok til å redusera utvandringa frå Åsane og naboområda til Amerika. 

Fabrikkbyen Salhus 

Tekstilindustrien førde til at Salhus etter kvart fekk eit bymessig preg med ei rekkje butikkar, handverkarar av ymse slag, dampskipskai, postopneri, telegraf- og rikstelefonstasjon, bank, bibliotek, kyrkje, folkebad, lensmann, doktor og jordmor. Her kom gater med gatelys og kloakksystem. Folkeskulen i Salhus var ein fabrikkskule heilt fram til 1942. Kulturliv og idrettsaktivitetar blomstra. 

Gradvis nedtrapping

1950-åra markerte høgdepunktet for tekstilindustrien i Salhus. Dei tre fabrikkane sysselsette då om lag 700 arbeidarar. I 1960-åra starta den billige tekstilimporten, noko som resulterte i ei gradvis nedtrapping i Salhus. Salhus Tricotagefabrik heldt ut til 1989. Folketalet i Salhus gjekk naturleg nok tilbake, frå 1149 personar ved folketeljinga i 1960 til 725 i 2001, men korte avstandar til arbeidsplassar i andre delar av Åsane og Bergen stogga ei drastisk fråflytting.

Museumssenteret i Salhus

Maskinene i Salhus Tricotagefabrik blei ikke selde etter nedlegginga, noko som la grunnlag for skipinga av Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter i 1992. Museet fekk status som nasjonalt prioritert industriminne. Oppgåvene til museet vart utvida i 2004 gjennom opprettinga av Museumssenteret i Salhus (frå 2008: Museumssenteret i Hordaland). Senteret yter no ulike tenester til mange av dei andre musea i fylket.

Share to