Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge

- mannen som kristna Noreg

Av Bjarte Sindre

I 1537 var Noreg i union med Danmark. Utover mot 1800-talet vart tilhøva i Noreg stadig verre. Stor fattigdom rådde, og dei færraste kunne lese og skrive. Vi hadde ikkje eige universitet. Heller ikkje trykkeri. Såleis hadde vi ikkje eigne aviser. Språket i alt prenta var dansk. Der var eit stort klasseskilje mellom rike embetsmenn og fattige bønder. Sedløysa rådde, og drukkenskap heldt på å øydelegge landet.

Våren 1796 går den unge bondeguten Hans Nielsen Hauge på frodige marker i Tune i Østfold og pløyer jorda. Brått får han eit syn. Det skal vere hans oppgåve å forkynne Guds ord i eit land fylt av synd og vantru. Som i ein rus set han seg ned og skriv boka «Verdens Daarlighed» og får den prenta. Han byrjar som forkynnar i heimbygda og grannelaga, men snart er han på vandring over heile landet. Stadig vert han arrestert og sett i fengsel, men då ein ikkje kan finne noko straffbart mot han, vert han sleppt fri. Ein kan undre seg over at ein som forkynner at folk må leve etter Guds ord og leve eit sedeleg liv, skulle verte slik forfølgd. Grunnen var nok at folket strøymde til Hauge sine samlingar. Her var ein som stod midt mellom dei, og som talte deira språk. Ikkje ein embetsmann, ofte dansk, som stod der høgt på preikestolen, heva over den usle allmugen.

Prestane såg i Hauge ein farleg utfordrar som dei med alle middel måtte stogge. Presten på Voss var rasjonalist. Han talte lite om Guds ord, meir om korleis bøndene skulle dyrke poteter. Biskop Brun i Bergen hadde lite til overs for rasjonalistane, og han gjev Vossepresten eit spark då denne klagar over Hauge. «De Vakte vil oppvekke en Sensation der hvor Allmuen ikke hører Guds Ord, men bare den evige tørre Fornuft- og Sædlære... De vil heller høre Guds Ord, hvor enfoldig det end bliver forkyndt.» formanar han presten sin. Elles hadde biskopen lite til overs for Hauge. Han skriv at dei er «Mennesker uden Talegaver. Det de trykker er uden Sammenheng. De ere velmenende Zeloter.» Merkeleg er det då at bøker prestane fekk trykt, mest ikkje vart lesne, medan Hauge sine mange skrifter stadig måtte prentast i nye opplag.

På vandringane sine fekk Hauge på nært hald sjå den nauda som rådde mellom folk. Han forstod at her måtte ein også skape arbeidsplassar til alle dei som var utan arbeid. Han synte ei veldig handlekraft og fekk oppretta næringsverksemder av ulike slag over alt i Noreg. Han skaffa arbeid til tusenvis, og inntektene gjekk til støtte for fattige. Men for at slik verksemd skulle vere lovleg, måtte han ha kjøpmannsbrev. Difor kom han til Bergen 1798, og sette i gang med handelsverksemd i denne Vestlandsbyen. Kjøpmannsbrevet fekk han i 1801. Ein av dei første han møtte i Bergen var regimentssmeden Erik Svorstøl frå Naustdal. Denne kjende allereie Hauge gjennom skriftene hans, og dei vart vener for livet. Svorstøl har visseleg påverka Hauge til å forkynne i Sunnfjord. Allereie i 1799 dreg han gjennom distriktet vårt på veg til Trondheim. I reiseskildringane sine fortel han at der var mange «belæste mennesker... der herskede nogen Cultur, fasthed og venlighed, saa jeg paa nogle Steder fik fortrolige Venner.» Diverre gjev Hauge få stadnamn, og endå færre namn på personar. Dette var for å spare dei for forfølging frå styresmaktene si side. Typisk er det at då han kom til Trondheim, kverrsette dei passet hans. Sidan reiste dei rettssak, og dømde han til ein månads tukthus, av di han ikkje hadde pass!

Hauge kom til å like seg svært godt i Sunnfjord, og kom tilbake hit mange gonger. Særleg var det prestegjelda Kinn og Førde han vitja. Ein særleg trugen ven fekk han i Peder Steinhovden. Han blei vunnen for Hauge då dei møttest i Bergen. Hauge såg at Steinhovden var ein vis mann og dugande forkynnar. Då Hauge i 1802 tok til å organisere rørsla si, peika han ut Peder Steinhovden til leiar for haugianarane i Sunnfjord. At Hauge hadde ei særleg omsut for Sunnfjord viser seg i at han sende mange av sine fremste forkynnarar hit. Fleire av dei var kvinner, mellom anna søster hans Karen. Ei anna, Berte Lauvåsen frå Klæbu, vart jamvel gift med Peder Steinhovden etter tilråding frå Hauge! Det vart eit lukkeleg ekteskap med mange born.

 1802 var Hauge igjen i Sunnfjord og forkynte. Han hadde då løyst borgarbrev i Bergen, og hadde lov til å drive handel. Han kjøpte seg fleire skuter. I januar 1803 la han i veg nordetter med tre skip for å selje korn nordpå, og kjøpe med seg fisk tilbake. Ved Kinn kom dei ut for ein hard vinterstorm, og eine skuta «Haabet» forliste ved Ytterøyane. Han fortel sjølv: «Folket blev reddet; Nogle undrede sig over at jeg ikke var sørgmodig over mit Uheld, men jeg erindrede dem Jobs Ord: Herren gav, Herren tog, Herrens navn være lovet.» I 1804 kom Hauge på ny til Sunnfjord. Han skulle sjå på Svanø hovedgård som var til sals. Han kjende eigedomen frå før, men ville sjå nærare på den. Han fann at dette måtte vere rette staden for eit senter for haugianarane, og at her høvde det framifrå til næringsdrift. Han kjøpte garden for 11999 riksdalar, og fekk den gode venen sin Ole Torjussen Helling frå Hallingdal til å ta over. Og Hauge kunne seie seg nøgd med Ole Torjussen. Han fortel: «han byggede der en Saug (sag) samt Meelmølle, anlagde et Skibsbyggeri og i senere Tid et Saltkogeri.» Svanøya vart nett det Hauge hadde vona. Eit kraftsenter for Haugerørsla for heile Vestlandet og eit vi kan vere stolte av den dag i dag.

Framgangen for Haugerørsla i Sunnfjord gjorde at dugande haugianarar frå andre landsluter kom og slo seg ned her. Då Hauge vitja Hyen i 1799 var Kristian Aa blitt omvend. Han tok seg arbeid hos Peder Steinhovden, samstundes med at han forkynte Guds ord i distrikta. Etter Hauge si tilråding gifte han seg med enkja i Ausevika og slo seg ned der. Kristian var svært kunnskapsrik, og vart tilsett som lærar i 1816. Då Ole Torjusen flytta til Svanøya, følgde Erik Gjeldaker frå Ål med. Han drog til Sunnmøre for å forkynne, og vart gift med Guro Vebjørnsdotter, barn av ein Haugeven i Ørsta. Seinare fekk dei tilbod om å kjøpe garden Tingnes i Vevring. Dei selde garden sin, og drog dit. Erik Tingnes var ein framifrå leiar, og vart ein naturleg styrar av Haugelyden i Vevring.

Seinare blømde kristenlivet i Sunnfjordbygdene, og nokre av dei fremste forkynnarane i landet kom herfrå. Vi kan berre nemne Anders Haave og Mads Ivar Vevring. Ei heilt spesiell åndskraft må Stina Underlid ha hatt. Det var ei svært gåverik ungjente, som vart omvendt 17 år gammal. Det er sagt at forkynninga hennar kristna heile Vevring og Naustdal.

Hauge sin innsats kan ikkje skattast høgt nok. Med rette vert det hevda at det var han som kristna Noreg. Viktig er det at han arbeidde så sterkt for fattigfolket. Han fremja folkeopplysninga. For ein haugianar var det ei æressak å kunne lese og skrive. Næringsverksemda han sette i gang skapte arbeidsplassar til mange tusen menneske. Alt det Hauge tente vart gjeve til menneske som leid naud. Demokratitanken gjennomsyra arbeidet til Hauge, og var vesentleg då vi utvikla oss som nasjon utetter på 1800-talet. Den sterke nasjonalitetstanken bøndene kom til å representere, var avgjerande for unionsoppløysinga i 1905.

 Der haugerørsla vann fram, vart det slutt på drukkenskapen. Hauge var den først i Noreg som aktivt arbeidde mot alt det nedbrytande alkoholen fører med seg, og han kunne vise til svært positive resultat. Når statsmakta samla inn vitnemål mot Hauge, måtte jamvel motstandarane hans vedgå at der læra hans breidde seg, «blev den sædelige Tilstand meget bedre,» og at haugianarane var «særlig arbeidsomme»

Hauge går til åtak på presteskapet si forkynning. Ein skal rette seg etter Guds ord. Vart det konflikt mellom einevaldsstyret/ embetsmenn og trua, var det Guds ord som galdt. Gud står over staten, og statsmakta skal ikkje bestemme kva som skal forkynnast. Der skal ein rette seg Kristi` ord. I Hauge si tru var alle likeverdige, fattig og rik, kvinne og mann. Han stod for ein ljos kristendom, der nestekjærleiken var framherskande. I rørsla hans var der mange svært dugande kvinnelege forkynnarar som drog landet rundt og målbar tankane hans. Viktig for Hauge var det at utbreiinga av Guds ord skulle korkje stå på stand eller kjønn. Under Guds åsyn var vi alle like. Då den norske kyrkja seinare trykte Hauge til sitt bryst, vart dette gløymd i mange år.

Etter kvart var det ikkje berre prestar som såg ein fårleg mann i Hans Nielsen Hauge og forkynninga hans. Heile embetsverket, ja sjølve einevaldsstaten kom til å rekne han som ein opprørar, noko han verkeleg var. Verksemda hans var ein fåre for kyrkja, og demokratitankane hans ein fåre for sjølve statesmakta.

  1804 fann makthavarane at Hauge måtte stoppast. Han vart arrestert, og kasta i fyllearresten i Christiania. Eit mørkt og fuktig jordhol. Her vart han sittande i fleire år utan å få sjå dagslys. Den sterke kroppen hans vart broten ned, og han fekk alle dei sjukdomar som kunne fåast. Først då han låg for døden, fekk han lettare tilhøve. Som ved eit under kom han seg til hektene att. Rettssak var det enno ikkje snakk om. Styresmaktene måtte samle inn bevis, og tok seg meir enn god tid.

  1809 vart det ein katastrofal saltmangel i landet. Hauge hadde som næringsdrivande oppretta fleire saltkokeri, og var fagmann på dette feltet. No slapp han ut for å hjelpe til med å fremje saltproduksjonen. Han gjorde ein framifrå innsats. Siste plassen han fekk vitje, var Svanøy, der han gjorde betringar på saltverket til Ole Torjussen. Då den verste saltmangelen var over, vart han atter sett i fengsel. Først i 1813 kom saka mot han opp. Retten var i høgste grad ugild, og hadde vel påbod frå høgste hald om at Hauge skulle dømast. Han fekk to års tukthus, enda dei ikkje kunne påvise noko straffbart. Med hjelp av gode vener appellerte han domen. Endeleg dom fall i 1814. Her vart Hauge frikjend og var ein fri mann. Først i 1820 fekk han ei viss erstatning for all den uretten han hadde lide.Hauge var no ein avkrefta og sjuk mann. Utan fysisk overskot, og svekka mentalt. Heldigvis fekk han på slutten av livet sitt nokre gode år. Oppmuntrande brev kom frå det ganske land, og mange vener la vegen til Bredtvedt gard i Aker, der han hadde slått seg ned. I 1824 sovnar han stille inn. På gravsteinen hans finn vi denne innskrifta:

«Jeg har svoret Guds Aand lydighed og har han hjulpet mig til at blive mit forsæt tro».

 

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2005)

Share to