• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Oksebotn, rallarbrakke rett inntil vegen

Ikkje alle rallarbrakkene langs Rallarvegen er frå anleggstida. Vêrtilhøva langs høgfjellsstrekninga gjorde at ein måtte vøle snøoverbygg og -skjermar kvar sommar.

Fleire plassar langs høgfjellsstrekninga måtte det nye brakker til, mellom anna her i Oksebotn. Her budde det i fleire somrar faste arbeidslag frå Sunnmøre. Det var fiskarar som fiska om vintrane og var her på sesongarbeid som tømrarar om somrane. Det var særskild vøling av snøoverbygga som var oppgåva deira. Brakka var innreidd slik som anleggsbrakkane: Ei stor stove med fire doble senger, eit langt bord med to benker, og ein stor komfyr. Kokka budde i kammerset. Etter dagens brakkestandard er ho lita og dårleg, likevel kom dei same folka att sommar etter sommar. Kan hende var det det frie livet i fjellet som trekte dei hit? Ei stor avveksling var det i alle fall.

Dei opphavlege rallarbrakkene vart bygde slik at dei lett kunne flyttast frå plass til plass med hest og slede. Denne har stått på same plassen sidan ho kom opp. Når du kjem til Finse kan du gå innom på Rallarmuseet der du kan gå inn i ei flyttbar rallarbrakke, og sjå med eigne auge kor liten plass det var for dei tolv anleggsfolka som budde der. Slike rallarbrakker vart bygd etter at Vei- og Jernbanearbeiderforbundet i 1895 sendte krav til Stortinget om «tilstrekkelige og ordentlige brakker». Om brakka ved Oksebotn nokon gong har oppfylt dette kravet, er vel tvilsamt.

Share to