• Hermansverk, før 1888. 

Det kvite huset midt på er det såkalla Borch-/Torp-huset. På balkongen står det mykje folk samla. 

Huset vart kjøpt av Christopher Engebreth Borch som var Amtsingeniør i Nordre Bergenhus Amt i åra 1885-1895. Det er fortalt at huset vart flytta frå Bergen til Lavik og derifrå til 'Ådnegarden' på Hermansverk. Seinare vart det flytta og oppsett att av amtsingeniør Borch. 

Her budde og dei tre første vegsjefane i Sogn og Fjordane, høvesvis Christopher Engebreth Borch (vegsjef 1895-1924), Knud Knudsen (vegsjef 1924-1937) og Alf Torp (vegsjef 1937-1956).  Huset brann ned i 1979.

Borch selde huset til overingeniør Knutsen og seinare tok vegsjef Torp over. Torp selde huset til Leikanger kommune, som leigde det ut til vegadministrasjonen i Sogn og Fjordane fram til år 1939, då dei flytta inn i Tinghus I.
    Photo: Schrøder, Berent Martin Henrik Nielsen / Norsk vegmuseum

Hermansverk, truleg før år 1888

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to