100
Fotografi av Ola Mosafinn (1828-1912) med fiolin. Mosafinn var ein omreisande hardingfelespelar. Han drog på spelferder i inn- og utland, og rekonstruerte mange slåttar. Fotografen er kanskje Anton Rohde, Chicago. Biletet er i såfall truleg teke på ein av dei to spelferdene til Amerika mellom 1890 og 1892. Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004. Kjelde: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/ola-mosafinn/96/1472/ (Lesedato: 14.04.2020)
Photo: Nynorsk kultursentrum
Accept license and download photo