History
-
Tekst som fylgjer med biletet:
Mathias Øgrey tok over som lærar i Osen skulekrins etter Haldor Fadnes. Mathias og kona Nilsine Øgrey var frå Lyngdal og budde på Dørheim/Roa. Dei flytte sidan attende til Lyngdal. Det nemnast for øvrig at Mathias hadde klumpføter og hadde spesialinnretning for føtene på sykkelen sin.
Mathias og kona Nilsine sit midt i biletet, ho med barnet deira på fanget.
Dette er kva me elles veit om kven som er på biletet:
Venstre side (jentene):
Bertine Dørheim Stykket
2. rekkje: Serina Dørheim (nr. 1), Ingeborg Dørheim (nr. 2)
3. rekkje: Thea Tofte (nr. 1), Brita Hiksdal (nr. 3), søster Malene Stangeland (nr. 9)
4. rekkje: Bertha Vaksdal (nr. 7) (Bertha var slekt til Ths. Vaksdal som budde på Tveitegarden)
Martha Heggen var òg på biletet.
Høgre side (gutane):
2. rekkje: Rasmus Dørheim (nr. 1), Jens Vik (nr. 2), Jakob Solberg (nr. 5), Johannes Langhelle (nr. 7)
3. rekkje: Sigurd Heggen (nr. 1), Gustav Dørheim (nr. 2)
4. rekkje: Kristoffer Dørheim (nr. 1), Anders Langhelle (nr. 2), Olaf Hamre (nr. 4), Olaus Rødne (nr. 6)
Fleire som er med på biletet: Torbjørn Stangeland, Torbjørn Hamre, Kolbein Digernes, Bernhard Hiksdal, Mikal Haugen, Knut Digernes, Odd Opheim, Olaf Helland og Alfred Helland.
Martin Haugen, han vart teken ut til å leggja i omnen. Dette var noko Øgrey fekk i stand for at skulestova skulle vera varm når elevane kom på skulen Lærar Fadnes la først i omnen etter at han hadde låst opp i skulen, og då var det kaldt når elevane kom.
---------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1900 - 1905 (ca.)
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00046-04
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedMay 5, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE021019717935
- UUIDe4fa1c8c-914e-4371-81cd-fb1fedb28cc7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».