History
-
Fedraheimen var ei av dei viktigaste norske avisene på 1800-talet. Avisa var den første store nynorskavisa etter Dølen, og fleire kjende journalistar og forfattarar leverte stoff til Fedraheimen.
Fedraheimen kom ut frå 1877 til 1891. Den første redaktøren var Arne Garborg, og avisa vart i alt redigert av minst tolv personar. Nokre av desse sat berre kort tid, dei tre som sat lengst, var Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Avisa vart redigert fire ulike stader – Kristiania, Tynset, Fredrikstad og Skien.
Målsaka stod sentralt for Fedraheimen. Avisa var aktiv i målpolitiske debattar, og dei fleste nummera hadde òg minst éin litterær tekst. Både nye og meir etablerte forfattarar leverte dikt eller forteljingar til avisa.
Avisa starta som eit vekeblad for det norske folket, men vart gradvis meir radikal, ikkje minst då Steinsvik styrte avisa. Dei to siste åra kom det ut få nummer, og det siste nummeret kom i juni 1891.
Informasjon henta frå Store Norske Leksikon.
* 1877: nr. 1-13.
* 1878: nr. 1-88.
* 1879: nr. 1-75.
* 1880: nr. 1-52.
* 1881: nr. 1-52.
* 1882: nr. 1-52.
* 1883: nr. 1-52.
* 1884: nr. 1-64. (manglar del av nr. 27 og nr. 36).
* 1885: nr. 22, 23, 24, 26-40, 62-102.
* 1886: nr. 1-9, 18-26, 69-75, 77-84.
* 1887: nr. 1-17, 19-34, 38, 40, 41, 43-50, 52.
* 1888: nr. 1-23, 25-32, 35-52.
* 1889: nr. 1-32.
* 1890: nr. 1-5, 7, 9-12, 14, pluss 4 bilag.
* 1891: utgåve april, mai, juni.Produksjon - Utgjeven på Tynset: 1877 - 1891
Ringvolds Bogtrykkeri: 1877, 1878, 1879, 1880. Nikolai Olsens Bogtrykkeri: 1881, 1882, 1883, 1884, 1885, 1886, 1887. Fjeld-Loms Trykkeri, Røros: 1888, 1889. Trykt i P. M. Gjærders Boktrykkjeri: 1890. Vardens Bogtrykkeri: 1891.- Place of creationNorge Oslo Oslo (Kristiania)sikker
- Place of creationNorge Sør-Trøndelag Rørossikker
- Place of creationNorge Hedmark Tynsetsikker
Classification
-
- Språklig identifikasjon (Outline)OU 197
- Presse (Outline)OU 204
- Litteratur (Outline)OU 538
- Humaniora (Outline)OU 814
References
-
- LitteraturreferanseAvisene er nr. 2427-29 i Lista yver Ivar Aasen-boksamlingi, av Kaare Haukaas (1946)
- LitteraturreferanseDigital utgåve ved Nasjonalbiblioteket
- LitteraturreferanserPeikar til artikkel om Fedraheimen i Store Norske Leksikon
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierIAAM-2822
- Part of collectionIvar Aasen-tunet
- Owner of collectionNynorsk kultursentrum
- InstitutionNynorsk kultursentrum
- Date publishedOctober 18, 2023
- Date updatedMarch 1, 2024
- DIMU-CODE0210213952633
- UUIDaaa25e1f-bec6-448f-9502-3ec2508d767f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».