Includes 2 objects
History
-
Historia bak modellen er følgjande:
Nokre ungdomar på Io hadde gøymt unna våpen frå fortet på Skarvøy. Desse låg i ein møkkakjellar på Io. Dette blei avslørt i 1941 i samband med opprullinga av den såkalla «Alvær-saka» og fleire personar med tilknytnad til Io blei arresterte. Blant dei var Brynjeld Io.
I Ulven fangeleir laga han båtmodellen, som han ville gi til den 3 år gamle nevøen sin, Erling Haugen. Han sa i ettertid følgjande om arbeidet med modellen: «Eg hadde ikkje klart det om det ikkje hadde vore slik at eg ikkje visste om eg kom til i morgon eller ikkje».
Modellen blei smugla ut frå Ulven av ein som arbeidde med bosset i fangeleiren. Dei fekk modellen til Io når noko tid var gått. Modellen hadde Brynjelv gjeve klar melding om at nevøen skulle ha. Ei god stund etter at modellen var komen fram fann dei eit brev som var gøymt i båten. Erling Haugen hugsar godt at mora gret då ho las brevet. Erling har etterlyst brevet, men det er nok borte.
Produksjon: 1941
Båtmodellen ble laga av Brynjeld Io.
Classification
-
- Båter og fartøyer (Outline)OU 501
- Krig (Outline)OU 720
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHER.00276
- Part of collectionHerdla Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHerdla Museum
- Date publishedDecember 15, 2023
- Date updatedDecember 15, 2023
- DIMU-CODE0210214109517
- UUID56191a37-fde0-4a56-8a74-cf41217947ce
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».