History
-
Torjus og Mikkel Hemmestveit starta i 1881 verdas fyrste betalte skiskule i Kristiania (Oslo). Begge reiste til USA, og via sine skiferdighetar blir dei kalla "The crazy Norwegians from the North Pole". Torjus og Mikkel vaks opp på Nigard Hemmestveit i Morgedal og fekk tidleg intersse for skisport. Dei fekk mykje av sin lærdom frå Sondre Norheim (10.juni 1825-9.mars 1897). I Oslo i 1879 er Torjus for fyrste gong med i Husebyrennet ( Oslo). Han deltek i yngste klasse
"Det va eit hopp så lite, me blei aldeles mismota" fortel Torjus. Seinare blir det fleire renn for Torjus og Mikkel og ikkje minst mange flotte premiar. Torjus og Mikkel Hemmestveit reiser begge to til Amerika. "Br. Hemmestveit giver nu opvisinger på ski over i Amerika, The crazy Norwegians from the North Pole, the Skycrasher og Torjus Hemmestveit farer i luft og sky, men står lige radt 103 fod". Mikkel flyt heimatt til Morgedal i 1894 og overtek garden Suigard Kallåk. 1928 fekk begge to Holmenkollmedalja og major Qvale (Skiforeningen) seier bl.a. dette i sin tale:"Hemmestveitenes fremtreden blev en mektig løftestang til fremme av skiidretten. De var i det hele tatt forgrunnsfigurene i all norsk, for ikkje å si verdens, skiidrett på den tid".Torjus og Mikkel Hemmestveit markerar skilje i norsk skiløyping. Det byrja å bli hardtråkka bakkar og vidjebindingar på furuski utan render og hudsko var ikkje det rette utstyret for lange hopp.
Produksjon
- Produsent (K)Hemmestveit, Mikkelantatt sikker
- DigitaltMuseumSearch in «Hemmestveit, Mikkel»
Produksjon - Produsert
ca 1900
Classification
License information
Metadata
- IdentifierOBJM0355
- Part of collectionOlav Bjaaland Museum
- Owner of collectionOlav Bjaaland Museum
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedJanuary 19, 2024
- Date updatedJanuary 19, 2024
- DIMU-CODE0210214195045
- UUID42d6927d-1ac4-4f1d-be82-c563e8780565
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».