Includes 2 objects
History
-
Klarinett etter Zakarias Døsen. Klarinetten er i fylgje fortal laga i 1785. Ein veit ikkjenår og kvar Zakarias kjøpte han, men klarinetten vart kjøpt brukt.
Zakarias Døsen var bonde, steinarbeidar og -klarinettist. Han var ein person som utmerkte seg i lokalsamheldet, og det gjekk mange historiar om han. Han skal ha vore umåteleg sterk og ha hatt ein framifrå lungekapasitet.
Døsen spelte i fylgje Berhard Færøyvik på klarinetten då Holvikejekta vart sjøsett første gongen: "Klarinettblåsar Døsen var der og spela. Nokre engelsmenner var òg tilstades, svinga seg ein grand og gav spelemannen dugeleg med pengar. Det var som ein folkefest"(Færøyvik 1931 s.48).
Zakarias Døsen var kjent som ein briljant klarinettist, og spelte i mange ulike samanhengar - både i heimbygda og utanbygds.
Han spelte m.a. på fjellturar til Austrheim ungdomslag og på 17.mai-feirningar på Sandane, der han spelte framfor 17.mai-toget. Han spelte også til dans.
Etter fortal skal Døsen ha vore på ei militærsamling på Ulven (Ulven ekserserplass om lag 20 kilometer sør for Bergen sentrum)
der det vart bestemt at soldatane skulle marsjere til Bergen. Døsen spelte på vegen, og var den som fekk spele troppen inn i byen.
Når Døsen skulle spele, la han først klarinetten i ein jutesekk, heiv sekken på elva og batt den fast i land. Der låg den til den trutna.
"Døsen med sin lange fløyte går til elven hen, først han dypper den i vann, siden spiller som en mann", var eit ordtak som gjekk om Zakarias Døsen.
Bruk: 1928 (Truleg)
- BrukerDøsen, Zakarias Johnson
- BruksstedNorge Sogn og Fjordane Gloppen Vereide sokn Austrheim Døsen gnr/bnr 069.016
Aksesjon: April 26, 2016
Produksjon: 1785 - 1800 (Truleg. I fylgje fortal skal klarinetten vere laga kring 1785.)
Relation
Classification
References
-
- LitteraturreferanseTo artiklar om Zakarias Døsen i "Ljøren" - Sogeskrift for Gloppen - Årgang 15, 2013, s.6-10. Ein av artiklane er skrve av etter nedskrivingar skulestyrar på Austrheim skule, Einar Austrheim (1900-1983), gjorde om Zakarias Døsen.
- LitteraturreferanseFærøyvik, Bernhard: "Nordfjordjekti (Holvikjekti)" i "Norsk Aarbok" 1931 12te årgang utgjivi ved Gustav Indrebø, på s.48 om Norsk Aarbok: https://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_Aarbok
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2015-00061
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedApril 11, 2017
- Date updatedJuly 6, 2023
- DIMU-CODE021026964629
- UUIDa3df0de3-235b-4abf-b5d9-1205979ba49c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».