Heidi Løvlunds heimelaga panfløyte. Surra med garn i fargane grått, brunt, blått, lilla, rosa og vinraudt.
"Heidi fekk ei plate med Georges Zamfir av meg til jul (ca. 1972). 4. dag jul var eg på fest, og då eg kom heim ca. kl. 01.30, lyste det frå verkstaden i kjellaren. Der sat Heidi og stemte ei panfløyte ho hadde laga av mine bambus-skistavar! Fyrst ville ho ikkje vera ved at stavane var mine, men måtte gje seg då eg fann "ISL" svidd inn i ein av bitane. Den eine staven var rett nok knukke, men... (Artig historie, veldig typisk Heidi!)"
-Fortald av Inger Sofie.
Photo:
Bø Museum