History
-
- Arbeisantrekk bruka under arbeidet med å "strippla" eller "strippa" katodeplater i elektrolysehallen ved sinkverket, Det Norske Zinkkompani (DNZ), seinare Norzink og Boliden Odda. Å strippla plater vil sei å flå/flenga av tynne plater med sink som la seg på katodane i elektrolysebadet. Arbeidet blei utført manuelt, ein gong i døgeret. Ullkleda verna kroppen mot syre. "Det spruta alltid litt syra når vi slo på platene" (fortel Einar "Dodlen" Paulsen). Denne typen lysare blusar var lenge vanleg, men seinare type stripplarblusar var i mørkare grå ull. Dei hadde bukse i same stoff. Hadde kun denne dressen utanpå underklede som arbeidsantrekk i denne avdelinga + sko og vern av hendene. Etter kvart skift var arbeidsantrekket dyvått av sveitte og blei lagt til vask, så fann dei eit nytt neste morgon. Under stripplinga bruka dei kraftige gummihanskar, gummistøvlar med strikkalabbar, og maske framfor munn og nase. Før dei ferdigkjøpte støvmaskene kom, bruka dei gassbind festa på streng.
Produksjon: 1960 - 1975
- ProdusentWassdal Industrisømantatt
Bruk: 1963 - 1980 (anslått)
Historik om bruk og arbeidsrutiner.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05844
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedFebruary 28, 2020
- Date updatedDecember 5, 2020
- DIMU-CODE021028535141
- UUID29b7915f-3048-460b-b022-68cec9c94d1f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».