• Austre Moland kyrkje er ei lafta og utvendig panelt korskyrkje frå 1673. Ho vart opphavleg bygd som ei lita langkyrkje, men vart bygd om til korskyrkje i 1779. Tre fløyer vart føydde til, og den gamle langkyrkja vart vestskipet på kyrkja. Samstundes fekk kyrkja nytt tårn over våpenhuset i vest, med høg, slank tårnhette omkransa av fire småtårn, eller fialar.

Korpartiet fyller austre korsarm, og i dei andre tre er det galleri. Over korsarmane er det bogekvelv med skymåling, og i krysskvelven over midtpartiet er det fire englar med basunar. På midten av korskiljet står kongemonogrammet til Christian VII. Anders G. Løve måla dekoren i interiøret i 1797, blant anna galleribrystningane, som til saman har 36 fyllingar med bilete av bibelske personar. Preikestolen, med bilete av evangelistane, vart måla av Anders G. Løve og Nils Christensen.

Kyrkjerommet har måla tømmervegger. I 1870 vart veggene dekte til og interiøret måla over, men i 1922 vart kyrkjerommet ført attende etter ein restaureringsplan utarbeidd av Finn Krafft. Den todelte altartavla, med rikt utskorne vengestykke i rokokkostil, er laga av Ole Nielsen Wejerholt i 1784. I nedre felt er det bilete av Nattverden og i øvre Korsfestinga. På toppen står den sigrande og oppståtte Kristus.

Kjelder:
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
Weierholt, Olav: Kirken i Austre Moland, Arendal 1973
www.wikipedia.no
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Austre Moland kirke

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to