• Middeladerkyrkja i Holmedal var ei stavkyrkje som stod fram til 1814. Ho vart då (1815) avløyst av ei svært enkel tømmerkyrkje. Denne blei erstatta av noverande kyrkje i 1882. Skipet er bygd av materialar frå den gamle kyrkja. Kyrkjestaden vart flytta frå Holmedal til Utåker. Kyrkja vart istandsett i 1982 under leiing av arkitekt Magne Ivarsøy. Kjelde: Kyrkjene i Hordaland gjennom tidene. Riksantikvaren daterar kyrkja til 1815 * Langkyrkje frå 1882 i tre. Arkitekt Fr. Øvrevik. * Altertavle: Altarskåp frå 1475. Motivet er Jesus på krossen saman med Maria og Johannes. * Preikestol: I tre frå 1882. * Døypefont: I tre frå 1882, døypefat og kanne av sølvplett frå 1882. * Orgel: Pipeorgel, elektropneum av Jørgensen org. Fabrikk 1973. 4 stemmer. * Kyrkjeklokker: 2 stk frå ca 1250 og 1300 med innskrift: "Salva Sancta Parens": "Ver helsa heilage mor og "Ad Honorem Sci. Spc. Sonet": "La henne ringja til ære for Den Heilage Ande". * Lysekrone: Frå ca 1790: 10 armar. * Lysglobe: Kjøpt inn i januar 2004. I glasmonter er det utstilt Bibel frå 1589 (Fredriks II Bibel). Frå den gamle kyrkja i Holmedal har ein teke vare på døypefont i kalkstein frå ca 1300.
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Holmedal kyrkje, Kvinnherad

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to