Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Mellom Vestland og verda

21 objects

Mellom Vestland og verda - verk frå samlinga 1978 - 2012

Når Hans Gude måla vestlandsfjordar på 1800-talet, var han ikkje stadbunden. Ei skisse teikna ein sommar i Noreg, kunne bli eit

måleri i Tyskland neste vinter. I dag kan vi ikkje sjå kor det er måla. I SFKM si samling har vi verk som på liknande vis bevegar seg

mellom ein fjord og Noreg. Eller mellom Noreg og verda. Nokre lokale kunstnarar har dratt ut, og andre har flytta inn. Nokre

verk er tatt inn i samlinga for å vise ei nasjonal kunsthistorie og har ikkje anna tilknyting til regionen.

I denne samlingsutstillinga synar SFKM fram eit utval av museet sin kunst frå 1980 og 1990-talet, med nokre sidesteg framover og

bakover i tid. I kraft av vår fortid som både fylkesgalleri og kunstnarsenter, er SFKM del av ei spennande historie. Samlinga har ikkje

nødvendigvis det ein reknar med å finne frå ein periode. I staden blir ein møtt av understraumar, utprøving og eit stort hjarte for

staden Sogn og Fjordane i seg sjølv. Ny, ung kunst har vore prioritert i innsamlinga framfor det etablerte, og måleriet, 1980-talets

store omdreiingspunkt i Noreg, er nesten fråverande. Pappboksar, tre og fotografi fyller i staden Høgsalen. I dag gjer dette samlinga

til ei uvurderleg kjelde inn i endringar på kunstscena i fylket og i Noreg gjennom 1980 og 1990-talet.

Noko har over tid gått inn i ei nasjonal soge, andre verk har falle i gløymsel gjennom 30 år. Utstillinga er ei utforsking av SFKM sine

samlingar, like mykje som av enkelte kunstverk i dei. Kva blei eigentleg samla inn i Sogn og Fjordane for 30 år sidan, og kva skjer når ein set det saman igjen i dag?

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to