Photo: Hoff, Pål / Kunst i offentlige rom

Haukeland universitetssjukehus Glasblokkene, fase 2

Den første delen av Glasblokkene, som husar det nye barne-, ungdoms- og kvinnesenteret ved Haukeland universitetssjukehus, opna i mai 2017. Nå er heile prosjektet opna, og alle tilbod innan klinisk psykisk helsevern og habilitering for barn og unge er samla, i tillegg til Sykehusskolen og Energisenteret.

Glasblokkene har fått ei rekke nyproduserte kunstverk som er laga spesielt for sjukehuset. Kunstprosjekta er blitt utvikla med tanke på staden og dei som oppheld seg her. Eit anna viktig prinsipp har vore at kunstverka skal vere offentleg tilgjengeleg for både pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset. Derfor er kunsten nettopp på dei stadene der flest mogleg vil kunne møte den.

Utanfor hovudinngangen finn vi dei fargerike søylerekkene Sinus, Fibonacci og Korpus av Edith Lundebrekke. I hagane er Perler av kunstnarduoen Mari Røysamb og Ole Rósen plassert. I alt elleve store skulpturar i ulike materiale er spreidde rundt i hagane. Skulpturgruppa Invers XI, Invers XII og Invers XIII av Petter Hepsø står også her ute. Den viser til den populære barneleika My Little Pony.

Den tyske kunstnargruppa inges Idee har laga dei to store og teikneserieaktige skulpturane Nice to see you. Eit par kjempestore briller og eit par kaninøyre stikk opp av bakken på kvar si side av ein gangsti og er vende mot kvarandre.

Ved hovudinngangen blir vi møtt av blyantteikningane til Anne Knutsdatter Wille i verket¿Barn som helter – helter som barn. Blyantteikningar er forstørra og overført til ei lang rekke glasflater ved hovudinngangen og mot symjehallen. Wille har også laga Teorien om alt, som har eit mer abstrakt uttrykk og er basert på måleri overført til folie på glas. Like innanfor hovudinngangen finn vi dei to interaktive vegginstallasjonane¿Colour Cloud¿av engelske Miriam Sleeman og australske Thomas Sloan. Når det er roleg i lokalet, pulserer to prismeaktige digitale tavler sakte i abstrakte fargemønster. Når nokon nærmar seg og stiller seg foran tavlene, reagerer verket dynamisk.

Det var en gang¿av Ida Carolyn Helland-Hansen er fargerike linoleumsmønster som mellom anna fungerer som leielinjer i golvet og viser veg til dei ulike undervisningsromma på Sykehusskolen. Helland-Hansen har også laga det andre golvverket, Brusebroene, som strekker seg langs golva i dei fem gangbruene som bind bygningane saman. I eit opphaldsrom som brukast til å slappe av, har Bertil Greging brukt ein heil vegg til dei to figurane i veggmåleriet Med hodet i Bergen?. Dei iaugefallande fargane er ikkje noko vi vanlegvis forbind med sjukehus, som tradisjonelt har kvite veggar. Den komplekse formasjonen Bølger, blomst og sammenvevde bånd av Hilde Hauan Johnsen er laga av bjørkefiner som er lyssett på baksida. Slik blir naturen trekt inn i ei av dei kritiske sonene i Glasblokkene: staden der dei fødande kjem inn. Dei små marmorskulpturane Som små av Håkon Anton Fagerås minner oss på dei aller minste og sårbare blant oss. Fagerås er ein av få samtidskunstnarar som bruker marmor og høgg skulpturane sine sjølv.

Vidare er ei rekke grafiske trykk og serielle originalarbeid kjøpt inn til dei ulike sosiale sonene og venteromma i sjukehuskomplekset. Dei to illustratørane Øyvind Torseter og Ola Lysgaard har utvikla to kunstbøker for barne- og tenåringspasientar. Bøkene er meint å gi ein leiken presentasjon av kunstverka i Glasblokkene og inviterer lesaren til å gå på oppdagingsferd på eiga hand.

Haukeland universitetssjukehus har opparbeida seg ei stor og omfattande kunstsamling gjennom mange år. Herfrå kjem mellom anna Rytterfrise, eit monumentalt keramisk veggrelieff frå 1968 av Frans Widerberg, som har fått ny plassering i symjehallen i Glasblokkene.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to