Valdres ligg langs ei gamal handelsrute mot byar i aust og byar i vest. I fleire tusen år har folket her stått i spenning mellom det heimlege og impulsane langt ifrå. Bondehandelen ...
Valdres ligg langs ei gamal handelsrute mot byar i aust og byar i vest. I fleire tusen år har folket her stått i spenning mellom det heimlege og impulsane langt ifrå. Bondehandelen var viktig for folk i Valdres, og reisene vart mange til Lærdal, Drammen og Oslo.
Salt, sild og korn i byte med skinn og smør og overskotsvarer. Hestevogn, omlasting, vassveg og båt. Vegane var tunge, men best fór ein vinterstid på fjordar og elvar. Bønder frå Valdres, handelskarar frå byen – og skreppekremmarar som alltid var på reise. Knappenåler og tråd. Eit silkeplagg og ei fele. Sjeldne varer fann vegen til Valdres. Dei som reiste på handel, trong sikre ferdaskrin. Vakre var dei òg, med utskjering, beslag og ranker i alle fargar.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».