Tre generasjonar båtreisande har ankra opp ved Nordstrøno i Bjørnafjorden på 1950-tallet.
Tre generasjonar båtreisande har ankra opp ved Nordstrøno i Bjørnafjorden på 1950-tallet. Haugalandmuseet

Dei båtreisande – museet som kjelde til kunnskap og påverkar for haldningsendring

Romanifolket som reiste med båt, òg kalla «dei båtreisande», har ei viktig rolle i lokalhistoria. Likevel har dei fått lite merksemd i museums- og kulturminnesamanheng, og i den «offisielle» historia om livet langs kysten. Dei historiene som vert fortalde har ofte ei negativ vinkling eller eit fokus på annleisheit. Hauglandmuseet er blant dei som arbeider for å setje søkelys på dei båtreisande si historie lokalt og nasjonalt, og gjere historiene som vert fortalde om romanifolket til noko dei sjølv kan kjenne seg att i. Museet har dei siste åra registrert mange av stadene dei båtreisande kom til og publisert desse på KulturPunkt. Gjennom å dokumentere og gjere desse kulturminna tilgjengelege vil Haugalandmuseet auke kunnskapen i samfunnet om korleis dei båtreisande levde liva sine. Eit håp er at auka forståing skal føre til færre fordommar. Denne artikkelen vil ta for seg aspekt ved historia til dei båtreisande og nokre metodiske grep som er brukt for å samle inn informasjon om kulturminne. Artikkelen vil utforske kvifor det er viktig å fokusere på delen av historia, korleis romanifolket vert omtalte og kva museet kan oppnå med å jobbe med dette. Hovudfokuset blir på ein gjennomgang av sentrale trekk ved det registrerte materialet og funn og tendensar som har vist seg basert på dette.

Historie

Spissøyhamn i Bømlo kommune var ei populær hamn og ein mykje brukt samlingsplass for båtreisande.

Romanifolket, eller «dei reisande», er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Folkegruppa kom truleg til landet på 1500-talet. Lenge levde dei eit primært omreisande liv. Dei selde varer og tenester til fastbuande på ulike stader. Dei hadde mange ulike overnattingsstader, faste besøksstader og midlertidige bustader rundt i landet. For reisande som kom til Vestlandet og Sørlandet var båt det naturlege framkomstmiddelet. Dette utvikla seg til å bli ein eigen kultur; dei båtreisande. Sjølv om òg dei kunne reise til lands til tider, førte livet til sjøs til at dei fekk eit levesett som var markert annleis enn livet til reisande i innlandet. I dag er det reisande levesettet så godt som borte. Romanifolket lev eit primært fastbuande liv, men reiser gjerne mykje i sommarsesongen.

Driftsbygning på Svanviken arbeidskoloni.

Norsk misjon blant hjemløse, eller «Misjonen», dreiv fornorsking av romanifolket på 1900-talet. Misjonen meinte at dei måtte reddast frå eigne dårlege val og lære å bli gode samfunnsborgarar. Slike argument vart nytta for å rettferdiggjere uretten som vart gjort mot romanifolket. Mange familiar vart sendte til Svanviken arbeidskoloni, der dei skulle lære å bli bufaste. Her var det strenge reglar. Dei fekk ikkje utøve eigen kultur, og skulle lære å bli bufaste. Dersom foreldra ikkje følgde reglane, kunne borna bli tekne frå dei. Dei vart sendt til barneheimar og adoptert bort. Omtrent 1500 reisande born vart tekne frå familiane sine i Noreg på 1900-talet. Det negative biletet av romanifolket Misjonen var med på å skape heng på mange måtar att. Det er til dømes fare for å møte fordommar på skule og arbeidsplass, og i møte med barnevernet. Dette er nokre av grunnane til at det framleis ikkje er alle som vel å vere opne om å vere av romanislekt. Å dokumentere kulturminna deira som ein viktig del av den norske kystkulturen, er eit bidrag til å skape eit betre bilete av historia deira.

Landrøyvågen på Tysnes var ei av dei mange hamnene til båtreisande i Sunnhordland.

Kjelder og haldningar

Imsøysundet i Lindesnes var ein stad det ofte låg båtreisande. Herifrå kunne dei ro inn til fastlandet. Biletet er teke på tur med Linda Lorine, båten til Landsorganisasjonen for romanifolket.

Ein viktig del av arbeidet til Haugalandmuseet dei siste åra har vore å dokumentere stader som av ulike grunnar har vore ein del av dei båtreisande si historie. Det er registrert fleire hundre kulturminne av ulike typar langs Vestlands- og Sørlandskysten. Nokre av dei registrerte stadene er funne fram til gjennom samtalar og turar med folk som er av romanislekt eller har hatt mykje nærkontakt med romanifolket. Dette er den mest ønskjelege forma for registreringsarbeid, då dei kan fortelje historia frå innsida og vinkle denne på sin måte. Desse møta har gitt mykje innsikt i korleis kvardagen til dei båtreisande faktisk var, og kva som var viktig for dei på stadene dei kom til. Til dømes var det mykje fokus på kvar ein kunne få tak i drikkevatn. Båtreisande nytta gjerne vasskjelder som få andre veit om. Det hadde òg mykje å seie kva slags forhold dei hadde til dei fastbuande, og om dei følte seg trygge. Det var sjølvsagt òg viktig kvar båtane kunne liggje lunt og trygt. Denne typen innsikt er det vanskeleg å få frå utanforståande.

På Skauerøya kunne dei båtreisande finne ferskvatn frå eit vassoppkom. Her var det òg kort veg inn til Lillesand, samstundes som dei fekk vere i fred. Dette var difor ein stad dei kom mykje til.

Det er òg samla inn mykje informasjon basert på fastbuande sine forteljingar om romanifolket, gjennom samtalar med folk med kjennskap til lokalhistorie, eller gjennom lokalhistoriske kjelder, til dømes årbøker og ulike diskusjonsforum på internett. Det er mogleg å få mykje interessant frå slike kjelder, om kvar dei båtreisande kom, kva dei gjorde der og korleis dei fastbuande møtte dei. Likevel er desse historiene ofte prega av at folk ikkje visste så mykje om dei båtreisande og ofte hadde ein del fordommar om dei og levesettet deira. Om ein spør etter eldre folk sine erfaringar med dei båtreisande kjem dei ein del svar om fine opplevingar, gode minne og gode forhold mellom reisande og fastbuande, men det er òg vanleg å få svar som «dei stal mykje», «me var redde for dei» eller «alle låste dørene når dei nærma seg». Fastbuande som kjente ein eller fleire reisande godt hadde nok oftast mindre fordommar. Likevel, sjølv folk som hadde gode og nære forhold til reisande som ofte kom på besøk, og gjerne visste mykje om livet som reisande, observerte framleis det reisande levesettet som utanforståande. Dei hadde ikkje den unike innsikta som berre levd liv eller ei slektsbasert kulturforståing kan gje.

Mange stader var folk svært vande med at båtreisande kom innom, til dømes i Røyksundkanalen på Bømlo. Her var det butikk og gode stader å liggje med båt.

I mange tilfelle må ein sile ut fordommar og overdrivingar for å komme fram til ei meir objektiv sanning om romanifolket sine besøk langs kysten. Ofte sit ein då att med namnet på ein stad det kom båtreisande til, men ikkje mykje meir. I kontrast til dei ofte negativt ladde historiene som er ofte er blitt fortald, har Haugalandmuseet vald å formidle historier på meir positive eller verdinøytrale måtar, samt å setje søkelys på den uretten som er gjort mot romanifolket, heller enn på historiene som vart brukt til å rettferdiggjere denne uretten. Romanifolket fortener, på lik linje med resten av det norske samfunnet, å få historia si fortald på ein måte som får fram korleis dagleglivet var for dei, ikkje ei historie som berre fortel om dei verste hendingane. Resten av samfunnet hadde òg kriminalitet, men dette er skjeldan det første ein tenkjer på når ein ser for seg livet på dei norske bygdene før i tida. Historia er mykje meir mangfaldig enn det.

Ofte valde dei båtreisande å leggje seg på stader der dei kunne vere i fred frå dei fastbuande, som ofte fekk dei til å føle seg uynskt. Ein slik stad er i ”Fanteholla” utanfor Arendal.

Typar kulturminne

Registreringa av kulturminne har betydning for å få fram desse meir varierte sidene ved livet til romanifolket. Stadene Haugalandmuseet har registrert at romanifolket kom til er mange og varierte. Dei kan delast inn i nokre hovudkategoriar, men innanfor desse kategoriane er det mange typar stader som er nytta på ulike måtar:

Hamner: Stader der båtreisande har lagt til med båt av ulike grunnar, for handel, overnatting eller andre opphald på land eller i båten.

Innegardsvågen i Alver var ei god og lun hamn.

Handelsplassar: Stader der romanifolket handla med fastbuande med eigne varer og tenester. Desse låg ofte nær sjøen og hamner dei båtreisande nytta, men dei kom òg til stader fleire kilometer innover.

I kystområda kom båtreisande til dei fleste gardane og bygdene for å “handla”. Dei kom til dømes til Sæbø på Halsnøy i Kvinnherad.. Dei gjekk gjerne til stader som låg fleire kilometer frå sjøen.

Overnattingsstader: Stader der romanifolket overnatta på land eller i båt. Utanom båten vart naust ofte nytta. Mange reisande overnatta heime hos fastbuande, i hus, løe eller andre bygningar. Hòler og hellerar vart òg nytta tidlegare. Nokre sov i telt.

Ein av bygningane som vart nytta som overnattingsstad var eit gammalt badehus litt utanfor Leirvik på Stord. Denne bygningen er borte no.

Teltplassar: Ein type overnattingsstad. Det kan merkast at mange av teltplassane det finst informasjon om ikkje ligg nær sjøen. Desse vart i ein del tilfelle nytta av reisande som reiste landevegen i kystområda.

Eit rområde ved elva i Svelgen i Bremanger vart nytta som teltplass av reisande.

Vinterbustader: Båtreisande hadde ofte ein fast plass, eller ulike stader frå år til år, der dei budde i nokre månader om vinteren, utanom båtsesongen. Borna gjekk gjerne på skule om vinteren. På Vestlandet var det vanleg at reisande tok inn i ein bygning. Dette kunne vere hos fastbuande, i eige hus eller i bygningar som ikkje var i bruk. På Sørlandet overvintra dei reisande ofte i båtane sine på faste stader.

Horneland gamle bedehus vart ein kald vinter tilhaldsstad for ein reisande familie.

Bustadhus og bustadområde: Mange reisande vart etter kvart bufaste i eigne hus, som dei enten skaffa seg frivillig eller vart tildelt i ein tvangsbusetjingsprosess. Ofte valde reisande å busetje seg eit område der det òg budde andre reisande. Dei som fekk tildelt hus fekk ofte dette langt frå andre av romanislekt, i eit forsøk på å skape avstand mellom dei og den reisande kulturen.

Det vesle huset “Klippen” på Tysse i Samnanger var lenge bustad for reisande.

Institusjonar: Svanviken arbeidskoloni, der mange reisande vart tvangssendte, er den mest sentrale institusjonen som er registrert. Det er òg registrert fleire barneheimar som romaniborn vart sendte til etter å ha blitt tekne frå familiane sine.

Askviknes barnehjem i Bjørnafjorden var ein av stadene romaniborn som vart tekne frå familiane sine vart sendte til.

Stadnamn: Ein del av registreringane er basert på stadnamn som inneheld ord som vart brukte om romanifolket, ofte negativt ladde ord. Nokre av dei er registrerte med forklaring på korleis staden vart brukt av reisande. Andre har ingen tilleggsinformasjon. Her er det ofte uklart om staden faktisk vart nytta av romanifolket, eller om namnet har eit anna opphav.

Eit døme på eit stadnamn som kan vere relatert til romanifolket er Fantehola i Lillesand. Her har ikkje Haugalandmuseet anna informasjon om staden enn at dette namnet finst på kart.

Eit utval av dei registrerte stadene er publiserte på KulturPunkt.org for å gjere dei tilgjengelege for flest mogleg. Dei fleste publiserte kulturminna er stader der dei båtreisande har opphaldt seg på sine eigne premissar, anten dette var stader dei kom til og fekk vere åleine, eller der dei fekk lov av fastbuande å vere. Desse stadene fortel om korleis dei valde å leve, og kvar dei valde å dra. Båtreisande hadde fridom til å dra dit dei ville, noko romanifolket ofte legg vekt på sjølv. Stadene dei kom ofte til fortel om kvar dei likte å vere, kvar dei følte seg trygge og velkomne, og kvar dei kunne få oppfylt behova sine.

På den andre sida fortel institusjonane og stadene der dei vart tvangsbusette om val dei ikkje fekk ta. Desse stadene fortel om livet utanforståande bestemte at dei skulle leve, og står i sterk kontrast til fridommen og valmoglegheitene det reisande livet gav dei. Desse to kontrasterande sidene er begge ein viktig del av historia til dei båtreisande. Størsteparten av både dei dokumenterte stadene og utvalet museet har vald å formidle på KulturPunkt er stader dei reisande sjølv valde å vere. Vi ser òg på desse som den viktigaste delen av historia deira å formidle, då dei fortel mest om kvardagen og kulturen til dei båtreisande. Sjølv om dei tradisjonelt har hatt eit anna levesett enn folk flest, er det mykje som er likt. Historiene rundt kulturminna kan hjelpe utanforståande å relatere meir til dei reisande. Bevaring av denne kunnskapen kan auke kunnskap og forståing for dei båtreisande og bidra til å nedkjempe fordommar, som ofte stammar frå mangel på kunnskap.

Funn og tendensar

Det finst historier om båtreisande som har vore innom så godt som alle stader langs kysten i området som er undersøkt. Det er funne særleg mykje langs heile Sørlandskysten, i Sunnhordland og rundt Bergen, og i Sognefjorden. I Møre og Romsdal er det funne noko informasjon om båtreisande, men ikkje like mykje. Særleg på Nordmøre handlar det meste som er funne av informasjon om reisande som vart bufaste i området, særleg i og rundt Kristiansund. Ofte er det òg snakk om reisande som kom landevegen, særleg gjennom Romsdalen. Det er usikkert om desse òg reiste med båt. Mange stader der reisande kom med båt tidleg på 1900-talet kom dei etter kvart med hest, og gjerne seinare bil. Reiseruter og framkomstmiddel var i stadig endring. Det kan sjå ut som reising med båt varte lengst i dei ytre kystområda med mange øyar, der båt var den lettaste måten å komme seg rundt, til dømes Sunnhordland og skjergarden på Sørlandet. Òg i Sognefjorden reiste dei lenge med båt. I ein del indre fjordområde, særleg der det var fjellovergangar, kom reisande gjerne landevegen.

I Sunnhordland, der det er mange øyar, haldt reisande fram med å bruke båt fram til rundt 1970, medan dei slutta tidlegare andre stader. Bilete frå Vestbøstad på Fitjar, ein mykje brukt samlingsplass.

Informantar har fortald om mange stader båtreisande kom til innanfor små område. Dersom desse stadene, som Foldrøy på Bømlo, Arendal og Mandal, er representative for resten av kysten, er det mange fleire kulturminne å finne. Berre ein liten del av dei relevante stadene er registrert.

Romanifamiliane hadde oftast eit fast område dei heldt til i, til dømes Sørlandskysten, Haugalandet og Sunnhordland eller Sognefjorden. Nokre familiar reiste langt, medan andre heldt til på eit mindre område. Informantar og kjelder nemner ofte dei same få familiane, sjølv om det opp gjennom åra var mange familiar som reiste med båt. Dei som er nemnd oftast er nok dei som reiste til lengst utpå 1900-talet. Tidlegare var det mange fleire, men det er nok dei folk framleis kan hugse i dag ein finn mest informasjon om med dei metodiske grepa som er nytta.

Dei båtreisande familiane hadde ofte ein fast base dei kom tilbake til kvar vinter. På Sørlandet var det ein del som overvintra i båtane sine på faste stader, som Kuholmen og Hannevika ved Kristiansand, medan det på Vestlandet var vanlegast å overvintre innandørs i eige hus eller hos andre. Eit døme på dette er det vesle huset “Villaen” på Nedstrand i Tysvær, som romanifolket brukte mykje. Mange reisande busette seg i eller nær byane langs kysten, der båtreisande ofte kom innom. Her busette dei seg gjerne nær kvarandre.

Hannevika i Kristiansand vart mykje brukt av reisande som overvintra i båtane sine. Sjøen gjekk då mykje lengre inn her enn han gjer i dag.
Steinberget i Kristiansund var eitt av områda der fleire reisande busette seg.

Påverknad

Dokumentasjon og formidling av stadene dei båtreisande kom til, som viser korleis dei levde liva sine, er viktig for å vise at romanifolket er ein viktig del av den norske historia. Rolla deira i historia har fått mykje mindre merksemd i forteljinga om livet i Noreg enn andre grupper. På lik linje med bønder, fiskarar og handelsmenn fortener dei båtreisande merksemd i historiebøker, på museum og i læreplanane. Historia til andre grupper i samfunnet er mykje betre dokumentert. Det er viktig både at romanifolket får sjå seg sjølv representert i historia og at utanforståande får større kunnskap om dei. Dette kan bidra til å styrke identiteten til folk av reisande slekt og motverke fordommar og misforståingar frå andre. Å vise ei større breidde i dei båtreisande sine opplevingar kan vere med på å vise kor ulike liv reisande levde, sjølv om dei hadde nokre fellestrekk.

Sjølv om Haugalandmuseet åleine ikkje kan endre heile samfunnet sitt syn på romanifolket, er det viktig for museet å vere ein pådrivar for ei større endring, der dei som fortel historia om livet i Noreg i større grad anerkjenner romanifolket som viktige deltakarar i denne historia. Som museum har vi moglegheita til å vere med å bestemme kven sine historier som blir fortalt og kva som blir sett på som historier verdt å formidle.

Konklusjon

Haugalandmuseet har dei siste åra arbeida for å fortelje ei anna historie om romanifolket enn den som har dominert tidlegare. Som utanforståande kan ikkje museet åleine gje innsikt i korleis det var, og er i dag, å vere reisande. Likevel har vi forsøkt, med hjelp frå romanifolket, og ved å sjå på historiene om dei med eit nytt blikk, å formidle ulike sider ved dette livet. Det er på tide at museums- og kulturminne-Noreg får større fokus på å fortelje romanifolket sine historier på ein måte som dei sjølv kan kjenne seg att i, heller enn å la gamle fordommar i storsamfunnet styre korleis vi ser romanifolket i dag. Kanskje er heller ikkje denne tilnærminga så nyansert som ho kunne ha vore. Uansett korleis formidlinga av historia til dei båtreisande, og romanifolket generelt, vil sjå ut i framtida, er det tid for ei vinkling der det òg er plass til å fortelje om fridommen, gleda, samhaldet og dei gode opplevingane som følgde med livet som reisande.

Kjelder

Brønseth, Nora og Knut Brendhagen. “- Fortsatt dårlige holdninger mot tatere.” NRK, 14. jJanuar 2016. https://www.nrk.no/osloogviken/vil-bygge-tillit-til-taterne-1.12748869. Sett 14. desember 2022.

Haugalandmuseet. “De båtreisende - Romanifolket som reiste sjøveien.” https://batreisende.no/. Sett 14. desember 2022.

Pérez, Cecilie van der Hagen Johansen, Utdanningsnytt. “Usynliggjøring og manglende kunnskap får i for stor grad gjøre seg gjeldende i formidlingen og møter med rom og romani i norsk skole.” Utdanningsnytt, 8. april 2020. https://www.utdanningsnytt.no/historie/usynliggjoring-og-manglende-kunnskap-far-i-for-stor-grad-gjore-seg-gjeldende-i-formidlingen-og-moter-med-rom-og-romani-i-norsk-skole/238692. Sett 14. desember 2022.

Vie, Grethe Paulsen. De båtreisende - romanifolket som reiste sjøveien. Fortellinger om kyst-Norge, 2012. https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/handle/11250/176936.

Alle foto i teksten av Anna Tveit/Haugalandmuseet.

Ting laga av båtreisande på Haugalandet

Order this image

Share to