Hotel Hardanger i 1898, sett frå nordaust.
Hotel Hardanger i 1898, sett frå nordaust. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Hotel Hardanger

I Odda hadde det vore ein gjestgjevarstad i Kremargarden allereie frå 1667, med skiftande eigarar fram til 1845, då alle husa i Kremargarden brant ned. Dette hadde vore ei mørk og skiten skjenkjestove, og både bygdefolk og kommunestyret meinte at det var godt at det gamle rasket var vekk.

Fleire søknader om ny gjestgjevar i Kremargarden vart frarådd innvilga av kommunen, men styresmaktene meinte at det var trong for ein landhandel og eit herberge i Odda.

I 1848 fekk sorenskrivarkontorist Carl Monsen frå Larvik kongeleg løyve til å driva landhandel. Til landhandelprivilegiet fylgde plikt til å ta mot reisande. Monsens Hotel vart som første hotel sett opp nede ved sjøkanten i Odda. Til å driva hotellet hadde Carl Monsen med seg kona Inga Margrethe frå Bergen. Dei fleste som overnatta her, var fotturistar som kom gjennom Odda på veg frå Oslo eller Stavanger til Bergen, og hotellet fekk gode skussmål, der spesielt maten og dei gode sengene ofta vart nemnde.

I 1882 drog Carl Monsen med familien sin til Amerika.

Odda sentrum og Prestgarden før industriutbygginga. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Då dampskipsferdsla frå Bergen starta i 1861, tok turisttrafikken til for alvor. Odda var ikkje lenger ein stad å overnatta på gjennomreise, no var Odda blitt sjølve målet for reisen.

Det vart snart bygd fleire hotel i Odda. Bård Aga bygde Agas Hotel i 1861. Lars Vetrhus kjøpte Monsens Hotel i 1868, bygde på det og kalla det Wetterhus Hotel. I 1868 kom også det tredja hotellet i Odda då Ola Håvardson Prestegaard bygde Prestegaards Hotel nord for Vetrhus sitt. Dette vart i 1880 utvida til eit to-høgda bygg med veranda langs heile fasaden mot vest. Prestegaards Hotel vart seinare Grand Hotel.

Monsens Hotell i Oddapollen kring 1850 Knud Knudsen

I 1882 vart Vetrhus Hotel seld til brørne Svein og Mikkel Tollefsen som fekk kapitalhjelp frå den engelske professoren dr. theol. Theodor Boyd, som hadde eit nært forhold til Odda. Svein Tollefsen var ein dyktig hotellmann, og hotellet han bygde var stort og moderne og stetta dei krav engelske turistar stilte til komfort. Hotellet var ferdig i 1887 og fekk namnet Hotel Hardanger. Det nye hotellet var eit sersyn.

Eit hotel i særklasse

Hotel Hardanger (1887-1895) Knud Knudsen

Kunsthistorikaren Johan Bøgh gjev ei reiseskildring av hotellet i 1887, der han skriv:

Det er en overraskelse at blive installert i et hotel som virkelig bar dette navnet med rette. Inredningen var praktisk og grei. Lange gange med værelser paa begge sider, brede korridorer som forbandt fløibygningen med hovedbygningen, og udenfor rommelige glasverandaer til gjæsternes behageligheder.Værelsene var enkelt men net utstyrede efter engelsk forbillede. Lange, brede senger af jern eller træ, harde madrasser og bløde, ulne tæpper. Store vaskevandsfad som rommer hele hovedet - og forøvrig et bord, nogen stoler og en høi kommode, alt i lyst træ. Dessuten findes en imponerende spisesal hvor der kan sidde henved 70 gjæster tilbords. Da denne gaar gjennem to etager, er den i tillegg høi og luftig. En liden salon i underetagen var udstyret noksaa pent med moderne møbler samt pianoforte.

Eigaren døyr

Svein Tollefsen var ugift, så han tilsette Sofie Simonsen frå Mølstervåg på Sveio som oldfrue, vertinne og husmor. Svein Tollefsen vart alvorleg sjuk, og då han merka at sjukdomen tok meir og meir overhand, skreiv han til broren Mikkel og bad han koma heim og hjelpa han. Mikkel kom, og i 1885 gifte han seg med oldfru Sofie Simonsen. Då Svein Tollefsen døydde i 1889, berre 38 år gamal, gjekk hotellet over til broren Mikkel og fru Sofie.

Mikkel hadde reist til sjøs og vore ein del i Amerika. Hotelrøynsle hadde han såleis ikkje, og han la seg heller ikkje mykje borti forretningsdrifta. Det var helst vertskapsplikter som fall på hotelleigaren sjølv, som var språkmektig etter åra som sjømann. Svogeren Theodor Simonsen stod for administrasjonen av den store verksemda som hotellet etter kvart vaks opp til.

Fru Sofie Tollefsen hadde ansvaret for den indre administrasjonen og var ei høgt respektert dame. I Odda gjekk ho under namnet "Fruen" eller "Fruo". Theodor Simonsen var bror til Sofie, og var i røynda hoteldirektør. Det var han som hadde alle trådar i si hand når det gjaldt å få heile apparatet til å fungera knirkefritt.

Tilsette ved det første Hotel Hardanger, Herr og fru Tollefsen i midten. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Hotellbrannen 9. august 1895

Fredag 9. august 1895 var ein varm og fin sommardag med lett solgangsbris. Hotel Hardanger hadde smekkfullt hus, men mest alle gjestene var på utferder. I 11-12 tida om formiddagen slo flammane brått ut frå eit av soveromma i 2. etasje og elden breidde seg med rivande fart til heile hotellet. Noko brannvern hadde ikkje Odda i den tid. Folk kom springande til med bytter og spann, men det var ikkje mogeleg å berga hotellet.

Seks andre hus forsvann i flammane. Telefon- og telegrafstasjonen i Odda rauk og med i brannen, så det var ingen som hadde direkte kontakt med Odda.

Utan ein einsleg brannslange som vart festa i kranen på kjøkenet, fannst ikkje brannslokkingsreiskaper på hotellet, så det var ei lukke at dampskipet Vega låg på fjorden den dagen. Skipet hjelpte til med slokkingsarbeidet og forhindra at fleire hus gjekk med i brannen. Etter tre timar hadde dei brannen under kontroll, men arbeidet med slokking heldt fram til kl. 14 neste dag.

Skilt som hang på hotellet Kraftmuseet arkiv

Ingen liv gjekk tapt

Hotellet sine eigne verdiar, og verdiane til gjestene vart offer for flammane. Hotellet hadde heller ikkje hatt eit ildfast skap til oppbevaring av gjestene sine verdigjenstandar. Avisene skreiv i dagane etterpå at dette var ein utilgiveleg mangel for eit hotell av denne storleiken. Hotellet var forsikra, men ikkje til sin fulle verdi.

Theodor Simonsen freista sjølv å redde ut så mykje som mogleg, men alt han fekk med seg var drikkepengane til tjenarane. Privathuset til Mikkel og Sofie Tollefsen brann heilt ned. Fru Tollefsen greidde å springa inn i huset for å redde den yngste sonen opp or vogga, før huset forsvann i flammane.

Årsaka til brannen skal ha vore ei blafrande gardin i eit ope vindauga som kom bort i ei open flamme på eit spriritusapparat. Ei engelsk dame hadde nytta dette til å varme opp ei krølltang.

Dei fleste turistane som kom heim frå utfluktane den dagen og fann hotellet i aske, tok det heile ganske rolig og meinte at dei fekk skaffe seg nye pengar og klede i Bergen. Men for nokre var det ei katastrofe, dei stod blotta for alt.

I eit intervju med Bergens Aftenblad den 12. august, fortalde kontorsjef Theodor Simonsen at han allereie hadde med seg arkitekt Hans-Heinrich Jess frå Bergen til Odda for å planlegga det nya hotellet. Antakeleg hadde Tollefsen gått med tankar om å utvida hotellet med hjelp av arkitekt Jess då det brann ned. Truleg hadde arkitekten allereie deler av teikningane klare.

Det nye hotellet skulle ha nasjonal arkitektur. Sveitserstilen vart blanda med nygotiske trekk, samstundes som dragestilen fekk stor innverknad både inne og utvendig. Trematerialane kom i skipslaster frå Nord-Trøndelag og taksteinen var vossaskifer.

Nye Hotel Hardanger

Hotel Hardanger (1896-1917/1976) Knud Knudsen

Hotellet stod fram som eit Soria Moria slott då det var ferdig. Berre ti månader tok det før det stod klart til å ta imot nye gjester i juni 1896.

Arkitekt Jess heldt seg i Odda i heile byggeperioden og sytte for at alt arbeidet vart så koordinert at ingen trong venta på andre. Snikkararbeidet var det byggmeister Lars M. Fixen (Fykse) som hadde ansvaret for. Han bygde fleire av hotella i Hardanger i 1890-åra, og han hadde ein fast snikkargjeng med seg i mange år. Men den vinteren har fleire vore sysselsett. Det var så mykje utanbygds folk den vinteren at alle hus var overfylte med losjerande arbeidsfolk. Det vart sagt at 130 arbeidarar var i sving både i Odda og Bergen

Hotellbygget var oppført i kileform med vestfasade mot sjøen og austfasade mot hovudvegen. Det hadde to fulle etasjar samt kjellar og loftsetasje. Romma hadde ei høgd på 3,75m i første etasje, 3,24m i andre. Hotellet hadde ei grunnflate på 1600 kvadratmeter, med ei samla golvflate på 4800 kvadratmeter. Grunnmuren var dels av gråstein, dels av murstein, pussa med ru- eller glattpuss. Første og andre etasje var oppført i laftetømmer og kledt med bord. Takflaten vart broten av tre utsiktstårn med spir, gavle og ljosopning. Kanten av taket stakk 60cm ut frå vegg. Takrenner og røyr var i sink.

Det vart lagt ein stor vassledning på 854 meter til ein bekk på Ragde der ein på om lag 30 m høgd hadde demma opp eit reservoir. Røyret vart lagt inn under golvet på hotellet og kom opp i begge fløyane der det fanst seks brannslangar.

Utvendig var hotellet malt, først i ein gulfarge, seinare mørkraud.

Interiøret

Hotellet hadde 110 rom med 117 senger, og matsalen - ein gildehall i vikingstil, dekorert med drakeornamenter utført av trekunstnaren Lars Kinsaarvik - var på 200 kvadratmeter og hadde plass til 250 gjester.

Det var fliser på golv i vestibyle og på toaletter. Vestveggen og takvindauga i spisesalen hadde dempa og fargebrent glas, medan veggane var dekorerte med treskjerararbeid og felt med oljemalerier. Hovudinngangen frå landsida førde inn i hallen med rotunden. Kring hallen og langs vestsida av sjøfløyen låg salongar og selskapsrom av mange slag på rekkje og rad. Frå hallen førde lange korridorar til vestfløyen og austfløyen med ei breid trapp opp til 2. etasje og vidare til 3. etasje. Frå galleria hadde ein fin utsynsplass til livet nede i hallen, der gjester kom og gjekk. Langs alle vegger stod mjuke skinnsofaer. Veggar var dels malte, dels tapetserte eller ferniserte.

Til venstre for hovudinngangen var kontoret der publikum vart ekspederte gjennom ei luke. Kontorsjef Simonsen sat på kontoret og dirigerte både hotell- og skysstrafikken.

Soveromma var utstyrte med senger, stolar, kommode, vaskeservant med nattpotte i og vaskefat og mugge på. Det store hjørnerommet i den nordvestlege enden hadde meir luksus. Dette var Kongeværelset. Her overnatta fyrstelege og kongelege gjester. Kong Leopold II overnatta her i 1896, reisedama hans sov i siderommet som det var ei gjennomgangsdør til. I 1907 kom kong Chulalongkorn av Siam med sitt harem til hotellet. Han sov i Kongeværelset, men måtte ha ei heil etasje med rom til fylgjet sitt.

Toalettene var helst primitive med kaggedo og pissoarar bak ein halvhøg vegg. Det var knapt meir enn eitt eller to baderom i det store hotellet, og meir var ikkje å venta, så lenge ein ikkje hadde sentraloppfyring.

Hotel Hardanger var eit sommarhotell og hadde ikkje omnar på gjesteromma.

Nils Bergslien fekk oppdraget med å fylla dei tomme felta på veggane med nasjonalromantiske nisse- og huldremalerier. Familien Tollefsen tok med seg måleria av Bergslien og selde dei vidare med stor forteneste då dei selde hotellet. Odda kommune fekk kunstnaren Askeland til å måla nye bilete som vart plassert i dei tomme felta.

Over anretninga i spisesalen var eit lite galleri, antakeleg tenkt som musikkplass. Det vart fjerna då salen vart kinematografsal etter at kommunen tok over bygget.

I sørenden av austfløyen hadde familien Tollefsen privatbustaden sin.

Hotellet var eit imponerande syn då det lyste frå alle dei 270 vindaugo i august- eller septemberkveldane, og med ljos frå dei kulørte lyktene på verandaene. Hotellet fekk elektrisk ljos frå eit oljedrive aggregat rundt 1900, før denne tid var det oljefyrte lampar og lykter med levande ljos.

Eit hotel for keisarar og kongelege

Odda og Hotel Hardanger vart så populært at det somme dagar var vanskeleg å få tak i rom. Turisten John L. Stoddard fortel i 1897 at Odda var den einaste staden i Norge der han hadde vansker med å skaffa rom. Då båten la til kai, var det reine kappløpet for å koma først til hotellet. I resepsjonen var det så livleg at ein kunne tru det var børsen i New York. Det gjekk reint i surr for vertinna; ho ropte opp nummer på rom som ein auksjonarius.

Prisane på eit hotelrom var frå ei krone og opp til femti. Ein frukost kosta kr. 1,50, kveldsmat det same, og ein tre-fire rettars middag med kaffi kosta kr. 2,25.

På denne tida tok dei første engelske turistskipa til å visa seg på hamna i Odda. Hotella hadde ikkje så mykje inntekter av turistane som var med på dei flytande hotella. Det var skysskarane og turistforretningane som hadde mest glede av dei. Tollefsen og Simonsen skipa eigen skyssforretning, og heldt fleire hestar, noko som forarga vognmennene.

Fram til 1. verdskrigen var det jamn framgang og fredelege tilstandar i Europa, og reiselivet blømde som aldri før.

Spisesalen på Hotel Hardanger i 1903. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Bergens Aftenblad skriv i ein artikkel 29. juni 1896 om opninga av det nye hotellet:

Odda har fått et i høi grad forandret Aasyn: Idet man fra Dampskibet langt borte faar Byen isigte, tar det sig ud som om de fleste Huse havde samlet seg til én stor gul Masse. Den lange, høie Kirkebygning tilvenstre kan ikke ret hævde sig overfor denne nye Koloss.
Endnu mere vil Bygningens Former komme tl sin Ret, naar den blir malet med Skjønsomhed. Det nuværende ensfarvet gule er kun Underbemaling. Spisesalen er hotellets største Pryd. Det er et høit, rundloftet Rum, hvor lyset dels kommer ovenfra gjennom farvede Ruder, dels gjennom de mægtige Vinduer, hvis Glasmalerier fremviser Vestlandske Billeder. Spisesalen er beregnet til at kunne rumme 250 Spisende. Vi har havt Anledning til at se samtlige Soveværelser, og har overalt gledet oss ved det vakre Udstyr . Innvielsen: Lørdag Aften førte "Vøringen" arkitekten og de indbudne til Odda. Ved innseilingen blev afbrændt et Fyrværkeri, der gjorde god Virkning i Sommernatten. Søndag Formiddag viste Hr. Arkitekt Jess de besøgende om i Bygverket, der er saa stort af Omfang og dog saa enkelt og overskuelig indrettet. Kl. 2 samledes man til Middagen. Da Hr. Arkitekt havde Ordet, bad han erindre at der meldte sig mange praktiske Vanskeligheder ved et Byggeforetagende som dette. En av disse Vanskeligheder var den knappe Tid som var levnet Arbeidet. Dernæst maatte det ikke være dyrere end at det kunde betale sig i den korte Turistsæson, medens her paa den anden Side ogsaa maatte tages nødvendige Hensyn til Skjønhed og de Reisendes Komfort. Talen endte med at udbringe et Leve for Tollefsen og Frue. Efter mange Taler herskede den gemytligste, hjerteligste Stemning. Fyldt af et godt Indtryk og med Ønsket om en god Fremtid, tog man Farvel med de ligefremme og elskværdige Vertsfolk, idet man ønskede godt for Fremtiden. (Utdrag, red.anm.)

Frå hotell til rådhus

I 1906 kom industrien til Odda, og denne sommaren var den siste med normal turisttrafikk til Odda. Det var ikkje lenger eksistensgrunnlag i industristaden Odda for eit hotell av slike dimensjonar som Hotel Hardanger. Og då første verdskrig braut ut i 1914 forsvann dei resterande gjestene. Hotelleigarane såg seg om etter ein måte å bli kvitt hotella på. Nokre fekk seld til bedriftane, dei fleste fekk erstatning frå industrien, men måtte etterkvart stengja drifta.

Familien Tollefsen hadde drive forhandlingar med formannskapet i Odda om at kommunen skulle kjøpa hotellet, og i juni 1917 vart salstilbodet frå familien Tollefsen drøfta i kommunestyret for stengde dører. Tilbodet gjekk ut på at kommunen kunne få overta hotellet slik det stod for kr. 700000 pluss kr. 50000 for innbu og lausøyre.

Saka kom opp for kommunestyret i slutten av juni. Argumenta for kjøp var at ein her kunne finna plass for alle kommunale kontor, for realskule, kinematograf, sparebank, politikammer, lensmannskontor, veterinærkontor osb, og enno ha rikeleg med plass til andre kommunale eller offentlege institusjonar. Slo ein ikkje til straks, risikerte ein at industriselskapa reiste med hotellet for nasa på kommunen.

Saka kom opp til endeleg behandling 10. juli 1917 og vart avgjord med 12 mot 7 røyster.

I ettertid ser ein at hadde ikkje kommunen kjøpt hotellet, ville mange oppgåver vore nærmast uløyselege.

Tårna vert rivne Bj. Eidnes Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Den 30. september 1917 stengde Hotel Hardanger etter sin siste sesong, og den 15. oktober 1917 overtok kommunen den nye eigedomen sin, der innflyttinga tok til litt etter kvart.

Utvendig vart det teke ei sanering i 1927, då tårn, verandaer og altaner vart nedrivne. Samstundes fekk bygget ein rustraud farge som skulle løyna skiten betre enn den ljosgule. Seinare fekk rådhuset den grågule fargen att.

Riving

Etter at nye Odda rådhus vart bygd og stod ferdig i 1957, gjekk utflytting og forfall på det gamle rådhuset hand i hand fram til 1974. Sjøfløyen vart riven i 1973, og dermed var den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstod som noko amputert.

Rivinga starta i 1976 Jan Gravdal, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Det ein gong så stolte bygget var no eit trist syn mot kva det hadde vore, og stemninga for riving vart større.

I aller siste liten vart det gjort eit krafttak for å berga det tradisjonsrike bygget for ettertida. Ein fekk tilskot frå Norsk Kulturfond til utarbeiding av ein plan for restaurering og framtidig bruk av rådhuset. Arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker arbeidde ut restaureringsplanen. Kostnadsoverslaget lydde på ca. 5 milionar kroner. Men med 27 mot 17 røyster vedtok kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) straks skulle rivast.

Høyer-Ellefsen A/S tok på seg jobben for kr. 400 000.

Den 8. november 1976 tok dei til med rivinga av rådhuset og i juni 1977 var det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.

Gjenoppbygging?

Brosjyre Anne Gravdal, Kraftmuseet

I 2006 starta ei gruppe initiativtakarar leia av Reidar Eikemo eit prosjekt for å byggje opp att hotellet. Kommunen var positiv, men prosjektet vart ikkje noko av.

På Kraftmuseet i Tyssedal er det stilt ut ein modell av hotellet.

Teikning av Hotel Hardanger si bakside før det brann ned Bård Kolltveit
Modell av Hotel Hardanger Anne Gravdal, Kraftmuseet

Kjelder

Olav Kolltveit: Hotel Hardanger frå vogge til grav.

Artikkel i Hardanger Historielag sitt tidsskrift Hardanger årg. 1976 og 1977

Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga frå 1962

Sekse & Mannsåker: Forslag til bevaring av det gamle rådhuset i Odda

Kraftmuseet arkiv

Share to