Odda nye Rådhus
Odda nye Rådhus Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Rådhuset i Odda

Då Odda vart eigen kommune i 1913, eigde dei ikkje så mykje som eit kontor. I 1917 kjøpte kommunen Hotel Hardanger frå eigarane Tollefsen og tok det i bruk som rådhus.

Industrien med røyk og støv gav turisttrafikken i Odda ein grunnstøyt. Opninga av Bergensbanen førde med seg at gjennomgangstrafikken over Haukeli praktisk tala tok slutt. Så kom den første verdskrigen, som var med på å jaga turistane heimover i august 1914. Så lenge krigen varde, tok ikkje turisttrafikken seg opp att. I industristaden Odda var det ikkje lenger eksistensgrunnlag for eit hotell av slike dimensjonar som Hotel Hardanger, og eigarane såg seg om etter ein måte å bli kvitt det på.

Folketalet i Odda hadde firdobla seg frå 1907 til 1917 - frå 1500 til 6000. I 1913 vart Odda utskilt frå Ullensvang Herad som eigen kommune. Men enno i 1917 eigde ikkje kommunen sjølv så mykje som eit kontor. Dei leigde hus her og der. Det var krav om realskule, om oppretting av sparebank. Det skulle bli politikammer i Odda om ein kunne skaffa hus. Det var oppretta kommunal kino, som heldt til i Folkets Hus, der og boksamlinga var. Mikkel og Sofie Tollefsen hadde gitt hotellstyringa over til sonen Theodor i 1912, og han såg no etter kjøparar. Det var berre to alternativ å velgja mellom; anten at kommunen kjøpte hotellet eller fabrikkane overtok det. På eit kommunestyremøte den 10. juli 1917 vart det vedteke med 12 mot 7 røyster at ein skulle kjøpa hotellet for kr. 750 000 og ta opp lån i Kinsarvik Sparebank.

Den 30. september 1917 stengde Hotel Hardanger etter sin siste sesong. Den 15. oktober overtok kommunen sin nye eigedom, og innflyttinga tok til litt etter kvart. Odda Sparebank fekk sine lokale på hjørna - kor det vart laga ny inngangsdør - og vart opna i 1918. Odda folkeboksamling flytta inn i 1919, og den store matsalen vart kinematograf med ca. 400 sitjeplassar. I kjellaretasjen fekk distriktsveterinæren og kjøtkontrollen rom.

Hotell vert til rådhus

Dei første åra hende ikkje anna enn at skiltet Hotel Hardanger vart teke ned, og i nokre år kom framande inn på kommunekasserarkontoret og spurde om det var her ein kunne tinga middag.

Kongeværelset vart utteke til formannskapssal og kommunestyresal. I 1918 flytta den høgare skule inn i alle romma i sjøfløyen i 1. etasje. I austfløyen var dei kommunale kontora, og på hjørna i sør fekk Odda Sparebank sine lokaler. Odda folkeboksamling flytta inn ved sida av i 1919. Matsalen vart kino med ca. 400 sitjeplassar. Maleria til Bergslien hadde hotelleigaren tatt unna og selde dei med stor forteneste vidare.

I andre etasjen var likningskontor, politikammer, lensmannskontor, distriktslegekontor, telegraf- og telefonsentral. Politimeister, distriktslege og likningssjef hadde husvære her, i alt budde 8-9 huslydar i rådhuset, dei fleste med opp til 8-9 rom kvar. Tredje etasjen vart nytta til ulike møterom for ymse sosiale og humanitære samskipnader.

Bortsett frå ei ny inngangsdør til sparebanken på sørausthjørna, vart ingenting gjort med rådhuset utvendig før i 1927, då kommunen tok ei naudsynt sanering der storparten av altanar, verandaer og tårn vart nedrivne. Samstundes fekk bygget ein ny farge, frå ljosgul til rustraud. Det vart seinare måla grågult og vart verande slik til vart rive i 1976.

Kring 1950 tok styret for den kommunale kinoen til å arbeida med planar om eit nytt kinobygg i Odda. Kinosalen i rådhuset var for liten, og det var lite forsvarleg å driva kino i eit så brannfårleg hus.

Frå 1957, då nye Odda rådhus stod ferdig, og til 1974 gjekk utflytting og forfall på det gamle rådhuset hand i hand. Sjøfløyen vart riven i 1973, og dermed var den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstod som noko amputert.

I aller siste liten vart det gjort eit krafttak for å berga det tradisjonsrike bygget for ettertida. Ein fekk tilskot frå Norsk Kulturfond til utarbeiding av ein plan for restaurering og framtidig bruk av rådhuset. Arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker arbeidde ut restaureringsplanen. Kostnadsoverslaget lydde på ca. 5 milionar kroner. Men med 27 mot 17 røyster vedtok kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) straks skulle rivast. Høyer-Ellefsen A/S tok på seg jobben for kr. 400 000

Den 8. november 1976 tok dei til med rivinga av rådhuset og i juni 1977 var det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.

Det gamle rådhuset kort tid før riving på 1970-talet. Torvald Haara, Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Nytt rådhus

Etter den andre verdskrigen hadde Odda kommune lagt seg opp store byggjefond. Ein hadde byrja sjå på nye bygg til den kommunale ålmennskulen som var i austfløyen i rådhuset i det gamle Hotel Hardanger. Kring 1950 tok styret for den kommunale kinematografen til å arbeida med planar om eit nytt kinobygg i Odda. Kommunen hadde bruk for ein del kontorrom, og ba arkitekt Gustav B. Helland frå Stavanger om å laga teikningar og overslag til eit administrasjonsbygg med tilbygd kino.

Men byggjefonda til kommunen hadde vekst og formannskapet fekk ideen om at ein like godt kunne byggje eit heilt nytt rådhus. Helland fekk den nye oppgåva.

I tillegg til rådhus finn ein her Odda sitt berømte bibliotek og kino. Kunsten som smykker rådhuset ute og inne er utført av Herborg Kiberg, Ragnar Grønsdal, Olav Holm, Arne Breidvik og Kristi Meland.

Det nye rådhuset vart vigsla med stor fest 12. desember 1957. Alle kommunale kontor vart flytte frå det gamle til det nye rådhuset.

Statsinstitusjonane som politikammeret, lensmannskontoret, tollkontoret, den høgre ålmennskulen og Odda Sparebank var framleis i det gamle rådhuset. Odda kommune ville at staten skulle byggje til sine eigne etatar, men staten ville berre vera leigetakar om kommunen ville byggja. Kommunen reiste då det store tilbygget til rådhuset, som vart kalla Justisbygget. Her flytte statsetatane inn 1. juli 1969.

Ålmennskulen fekk sitt eige nybygg på Eide i 1958. Sparebanken flytte ut frå det gamle rådhuset i 1974.

Rådhuset vert bygd - 1956 Kraftmuseet arkiv (Copyright)
Rådhuset vert bygd - 1957 Bjarne Eidnes, Kraftmuseet arkiv (Copyright)
Kinosalen i rådhuset Bjarne Eidnes, Kraftmuseet arkiv (Copyright)
Foajeen til kinosalen i andre høgda Bjarne Eidnes, Kraftmuseet arkiv (Copyright)
Foajeen og billettluka Bjarne Eidnes (Copyright)

Kjelde

Olav Kolltveit i Hardanger Historielag sitt tidsskrift Hardanger årgang 1976 og 1977

Eva Røyrane: Fabrikkbyane i Hardanger

Share to