Akvarell av Tysso I
Akvarell av Tysso I Harald Hognerud, Kraftmuseet arkiv

Tysso I, eit prestisjebygg

Arkitekturen i Tysso I har trekk frå fleire epokar. Interiøret kan med sine søyler og bogegangar minne om antikk basilika-arkitektur. Eksteriøret har parallellar i renessansepalass. Ei samanstilling av fleire stilelement er typisk for seinhistorismen, ein arkitekturstil som var moderne i Norge i byrjinga av 1900-talet.

Vasskrafta og kraftanlegga blei det viktigaste og mest uttrykksfulle symbol på framsteg og statleg utbygging på tidleg 1900-tal. Den monumentale byggjestilen var felles for både Norge og resten av Europa, og gjorde at arkitektane i større grad fekk ansvaret for utforminga. Kraftstasjonane hadde element frå borgarkitektur, kyrkjer, katedralar og store gjennomførte slottsanlegg. Det var heller ikkje berre storleiken eller fasadane på vasskraftverka som ga assosiasjonar til kyrkja og det heilage rom. Blanke maskinaggregat stod på rekke og rad i store hallar som ofte ga assosiasjonar til heilt andre rom enn industrielle produksjonslokale. Maskinane var plassert på podier på blanke marmorgolv, med dekorerte veggar og gesimsar.

Vasskrafta sitt symbolspråk blei viktig detaljbruk på dei store anlegga, noko som blei synleg gjennom turbininspirerte vindauge, detaljar med vatn- og lynmotiv - symbol som speglar vasskrafta.

Maskinhallen i Tysso I kraftstasjon i 1912 Kraftmuseet arkiv (Copyright)

Arkitektane

Industrigründaren Sam Eyde starta utbygginga av Tyssovassdraget, og vart den første generaldirektøren for AS Tyssefaldene. Han var født i Arendal i1866. Ingeniørutdanninga si tok han på den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg frå 1884 til 1891. Han hadde ei lang yrkeskarriere i Tyskland før han etablerte seg som ein av dei største gründarane innan vasskraftutbygging i Norge.

Thorvald Astrup og Victor Nordan, to av dei leiande arkitektane i Norge, vart arkitektane bak Tysso I. Astrup teikna første del av kraftstasjonen med boga vindauge og teglsteinsdekorasjonar. Nordan heldt fram i same stil.

Dei to arkitektane hadde studert arkitektur på den tekniske høgskulen i Berlin samstundes med at Sam Eyde var i Tyskland, så ein kan nok rekna med at dei kjende til kvarandre.

Thorvald Astrup (1876-1940)

Astrup gjekk fyrst på Christiania tekniske skule, og så på den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg frå 1896-1897. Thorvald Astrup vert rekna som ein av dei viktigaste, store kraftverksarkitektane i Norge. Den fyrste store oppgåva han fekk var å teikna kraftstasjonen i Tyssedal i 1906. Seinare teikna han Svelgfoss (1909–1913), Bjølvo Kraftverk (1915) og Såheim kraftstasjon på Rjukan (denne saman med arkitekt Olaf Nordhagen) i 1916. Fram til 1950-talet var han den arkitekten som vart oftast nytta av Norsk Hydro.

Victor Nordan (1862-1933)

Nordan var utdanna ved South Kensington Museum i London, og ved den tekniske høgskulen i Berlin-Charlottenburg. Han var i Berlin i to semester i 1886–87. Fleire sjukehus, m.a. Ullevål sjukehus, Dikemark sykehus, Gamle Gades Institutt og Haukeland i Bergen, Rogaland Fylkessykehus i Stavanger, kyrkjer og bankbygg ber hans underskrift.

Tysso I kraftstasjon, første utbygging Kraftmuseet arkiv

Kraftstasjonar

Under bygginga måtte arkitekten ta mange tekniske omsyn, og måtte såleis ha eit tett samarbeid med ingeniørane.

Retning og plassering i terrenget var bestemt ut ifrå kvar røyrgatene ville gå. For at vatnet skulle treffa best mogleg rett på turbinane, måtte desse stå på ei rekke mot fjellveggen. Når bygget måtte ha ryggen mot fjellet, forsvann moglegheita for å ha vindauga i bakkant. Lyset måtte ein henta inn på motståande vegg. Den store høgda under taket (12,5m) var naudsynt for å løfta maskiner og turbiner som vart henta inn med kran frå inngangen i nord. Traverskrana måtte løfta fleire titalls tonn, noko som kravde kraftige dimensjonar på veggar og søyler.

Vassrøyra skulle gå under bygget og ut til fjorden. Halve delen av turbinane ville verta hengande under golvet. Heile turbina måtte vera tilgjengeleg for inspeksjon, så Astrup måtte teikna sjakter ein kunne klatra ned i. Då bygget vart nærast ope ned mot vatnet, ville ein få ein høg luftfuktighet. Det var naudsynt med sjakter for ventilasjon. Oppvarming trong ein ikkje tenke på, då maskinene i seg sjølv ga varme til bygget.

Fyrste byggjetrinn vart utførd i perioden 1906-1908, og stasjonen var 50 meter lang, med seks aggregat og to røyrgater. Allereie året etter kom eit nytt aggregat på plass. Arbeidet med utvidingane haldt nær kontinuerleg fram til 1918. Då hadde kraftstasjonen ei lengde på 180 meter, med ei breidd på 10,5 meter, 14 meter i midtpartiet, 12,5 m under taket. Dette vart den endelege storleiken.

Snitteikning av kraftstasjonen i 1913 AST, Kraftmuseet arkiv (Copyright)

AS Tyssefaldene under Sam Eyde hadde frå byrjinga av planer om å utvida stasjonen etterkvart, men fortare enn ein hadde rekna med viste det seg at overslaget på vassmengdene ikkje hadde vore heilt riktig, vassføringa var større enn ein fyrst hadde trudd. Industrien kravde snart meir energi, og behovet for å byggja ut kraftstasjonen og røyrgata meldte seg.

Thorvald Astrup leverte forslag til utviding, men desse vart vraka til fordel for sjukehusarkitekt Victor Nordan sine teikningar. Sjølv om dei var konkurrentar, samarbeida dei to arkitektane godt, og Nordan studerte Astrup sine utformingar då han teikna utvidingane.

Inspirasjon frå Tyskland

Då Sam Eyde bygde opp industrisamfunn rundt kraftstasjonane, var han opptatt av at arbeidarane skulle få bustader og ein arbeidsstad bygd med kvalitet. Eyde hadde fleire leiande tyske industrileiarar i sin omgangskrets, og delte deira visjonar om arkitektonisk og stilistisk kvalitet i industrien.

Mange av ingeniørane og arkitektane i Norge hadde si utdanning frå dei tyske høgskulane, som hadde etablert seg som dei leiande institusjonane for høgare ingeniørutdanning i Europa.

Høgskulen i Berlin var flytta inn i eit nytt og imponerande bygg to år før Sam Eyde kom dit. Medan han studerte til ingeniør, fatta han og interesse for arkitektur, og under utbyggingane i Norge ynskte han å la eigne arkitektar utforma kraftstasjon, industribygg og bustader. Eyde må ha samspela med arkitektane lik som han virka på ingeniørane sine. Kor mykje av Sam Eyde det var i det endelege resultatet er det ingen dokumentasjon på, men det ein veit er at arkitektane fekk utfolda seg og at dette var innleiinga på ei æra med prangande og monumental byggjekunst.

Høgskulen i Berlin Charlottenburg vart teikna av dei tyske arkitektane Lucae, Hitzig og Raschdorff som eit monumentalbygg i italiensk høgrenessansestil, og har kanskje vore ein inspirasjon for Astrup og Nordan då dei teikna kraftstasjonen Tysso I.

Arkitekt Friedrich Hitzig sitt utkast til den tekniske høgskulen i Berlin Architekturmuseum der Technischen Universität Berlin
Detalj av arkitekt Julius Raschdorf sitt utkast til kjemibygget på den tekniske høgskulen i Berlin. Architekturmuseum der Technischen Universität Berlin

Freding og restaurering

Kraftstasjonen vart freda av riksantikvaren i mai 2000, og ei naudsynt restaurering kunne endeleg byrja. Forfallet hadde akselerert sidan 1989/1996. Utan varme, med ei luftfuktigheit på opp mot 80% hadde det gått hardt utover bygget og maskinane. Skade frå råte, maling og murpuss som flassa av vegger og tak gjorde at det ein stilte spørsmål om bygget i det heila tatt ville overleva. Restaureringa vart delt inn i tre fasar:

  1. Restaurering av utvendige fasadar, tetta røyrkjellar og installera anlegg for avfukting. Testing for å finna fram til rett maling og murpuss. Utvendig restaurering.

  2. Hovudsakleg innvendig restaurering.

  3. Rehabilitera maskiner. Ei oppgradering av den viktige traverskrana.

Bygget skulle verta mest mogleg realistisk restaurert. Ein kom fram til at ikkje alt skulle førast attende til det opprinnelege. Noko endringar var irreversible. Endringane var ein del av historia til bygget, og skulle behaldast. Restaureringa tok fem år, og kostnaden var på rundt 47 millioner kroner.

I 2001 vart det også installert eit fjernvarmeanlegg som baserte seg på varmt spillvatn frå produksjonsprosessen ved nabobedrifta ETI. Anlegget og kablar vart lagde i røyrkjellarane bak turbinhallen. Riksantikvaren godkjende dette, då det var naudsynt med jamn varme for framtidig vedlikehald, samstundes var det godt skjult.

I 2000 valde Odda kommune Tysso I som sin tusenårstad. Kraftstasjonen Tysso I vart i 2005 kåra til Århundrets byggverk i Sogn- og Fjordane og Hordaland, med over 50% av stemmene. I kåringa av Århundrets byggverk i Norge, kom Tysso I på ein 4. plass.

Restaureringa av kraftstasjonen frå 2000-2005 Harald Hognerud, Kraftmuseet (Copyright)
Restaureringa av kraftstasjonen frå 2000-2005 Harald Hognerud, Kraftmuseet (Copyright)
Restaureringa av kraftstasjonen frå 2000-2005 Harald Hognerud, Kraftmuseet (Copyright)

Kjelder

Ole Kristian Grimnes, Sam Eyde - den grenseløse gründer

AS Tyssefaldene sitt jubileumsskrift 1956

NVE KINK - Kulturminner i norsk kraftproduksjon

Oppgave i arkitektur ved NTNU - Nina Gjester Hoel

Store Norske Leksikon

Kraftmuseet arkiv

Share to