Teikninga etter arkitekt L. Hermansen
Teikninga etter arkitekt L. Hermansen Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Bakkegata 4, eit stykke byhistorie i Odda.

Historien til Bakkegata 4 startar den gongen gata heitte Nygata. Olav O. Hagen søkte Odda bygningskommune om byggeløyve ”på hans tomt nord for Nygaten” og leverte to sett teikningar for ”Hagens forretningsgård og pensjonat, Odda.”

Året var 1913, og teikningane var signert L. Hermansen, Bergen 20.04. Bygget var planlagt med full kjellar, 2 etasjar + mansardtak med ein etasje, og ein stor ark mot gata. Same år mottok Bygningskommisjonen melding om fasadeendring og innvilga dette.

Olav Kolltveit skriv i 1952. ”I 1913 vart Hospitset bygt, og i 1. etasje opna eigaren Gunne Hagen (Askeland) bygatens Husholdningshandel, der no Moen & Ormberg har urmakarbutikken sin. I sidebutikken starta Mette Herfindal moteforretningen som er der framleis.”

Hospitset eller Bakkegata 4 ligg svært sentralt i Odda sentrum. Huset som inneheldt forretningar og eit pensjonat, vart bygd i ein periode med stor aktivitet og vekst i folketal og bygningsmasse. Industriutbygginga hadde allereie ført til nedgang i turismen, men det var då 1. verdskrig starta i 1914 at det var slutt på strømmen av turistar som hadde nærmast valfarta til Odda siden 1860-tallet, og behovet for hotelltilbod vart betydeleg mindre.

Hotel Hospitset Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Nygata blir Bakkegata

Arbeidet med Nygata starta i 1907, same år som den første byplanen vart endeleg godkjend. Nygata var den aller første gata som vart påbyrja i tråd med byplanen. Første gatestubben gjekk frå posthuset i Røldalsvegen til Kremarvegen. Seinare vart gata forlenga over Bakke, forbi barneskulen, og fekk namnet Bakkegata.

Forretningslokale og pensjonat

Lokalavisa Hardanger fekk kontor og prenteverk/trykkeri i kjellaren på nordsida av huset. Johan From hadde butikken sin Modehuset på sørsida av bygget på 1950 og 1960-talet.

På 1960-talet kunne ein få klypt seg hos Lilla Damefrisørsalong i 3. etasje. Einar Carlsson og hans entrepenørfirma Hardanger Cementvarefabrikk hadde kontorer her til i 1974. Kitty Herfindal dreiv Herfindal Klær før ho og mannen Vilfred utvandra til Amerika i 1953. I 1971 kom "modehuset" med sal av klede og undertøy etter at Johan From hadde flytta sitt "modehus" til bankbygget ved Almerket i 1970 og kalt det Fokus. Dette var ein såkalla butikk-i-butikk, eit lite kjøpesenter og det første i sitt slag i Norge. I lokalavisa kunne ein lesa at det "retteleg ville bli eit eldorado for damer i alle aldrar".

I 1981 kunne ein få sko seg i to etasjar då Odda Skomagasin utvida butikken sin opp ein etasje. Ein frisør, ein sportsforretning og ein konkursvarebutikk var også innom dei same lokala.

Ved sida av heldt Moen og Ormbergs urmaker og gullsmedforretning stand i same lokale i heile 81 år før dei la ned drifta i 2012. Anders Moen og Guttorm Ormberg kom frå Jostedalen til Odda den 1. mai 1931. Dei overtok først urmakarforretningen til Johannessen og starta urmakarfirmaet Moen & Ormberg. I 1942 kjøpte dei Hotel Hospitset og flytta forretningen inn i lokala i første etasje der. Moen og kona dreiv Hospitset som hotell og pensjonat til 1947.

Andre verdskrig

Rett før krigsutbrotet til 2. verdskrig, hadde Høyfjellsmarinen hovudkvarteret sitt i Hospitset. Urmakar Guttorm Ormberg var ein habil skyttar, motstandsmann og ein av sjefane i Milorg i Odda under krigen. Han tok m.a. imot flydropp og vart arrestert og sett i fengsel i 1942. Han var ungkar og budde i Hospitset.

Den 23. april 1940 blei Odda utsatt for terrorbombing av tyske militærfly. Hospitset fekk ein god del skader, men slapp ei total øydelegging.

Endringar

I 1956 leverte Moen og Ormberg inn søknad og teikningar signert arkitektane Sekse og Mannsåker for å utvida med eit bygg på vestsida av hospitset. Anders Moen hadde tatt svennebrev som gullsmed, og opna eigen gullsmedforretning i det nye bygget. Moen var medeigar i urmakarforretningen til bror hans, Karl Moen, tok over denne i januar 1969.

Moen og Ormberg eigde tomta rundt Bakkegata 4 og utnytta det vesle arealet mellom Lothegarden og Hospitset der trappa til Rymbel-området hadde vore før. Presset på forretningstomtene var stort, og denne snarvegen frå gata vart då ”ofra”. Snarvegen forsvann, og dammen i Rymbilen blei fylt igjen og laga om til parkeringsplass.

I ein artikkel i lokalavisa Hardanger i 1988 seier son til redaktør Olav Kolltveit - Bård Kolltveit - følgande om denne hendinga:

"Utsynet frå sjølve kontoret var ikkje åndeleg inspirerande. To nordvende vindaugo, med glytt gjennom klesturk frå Hospitset til den brune gjørmesuppa som var att av den vesle tjørna Rymbilen. Ingen tårer fall då området vart gjenfylt for å bli parkeringsplass. Den gamle inngangen til Hardanger var no blokkert. No måtte folk gå tvert over den attfylde Rymbilen frå Eitrheimsvegen. Men folk fann vegen likevel, og utsynet var ikkje avgjerande for tankar og formuleringsevne".

For dei som vil lesa meir om atmosfæren i redaksjonen til avisa Hardanger og livet i sentrum og omkring Rymbelen så kan Bård Kolltveit sin artikkel ”Spreidde glimt frå Odda i 1950-åra” i Odda i manns minne nr 6, 1993, vera av interesse.

Forfall og nytt liv

Huset gjekk med tida også gjennom ein del bruksendringar, mellom anna fekk butikkvindauga ein baldakin over seg, og den delen av Bakkegata og Røldalsvegen vart gågate.

Etter at Moen og Ormberg urmakerforretning stengde i 2012, vart ikkje huset bruka til noko, og forfallet gjekk så langt at mange såg på det som ein skamplett i byen. Ein freista finna fleire løysingar, men det var ikkje før privatpersonen Helga Tverdal kjøpte huset i 2016, at det byrja skje noko. Pågangsmot, vilje og ei tru på at huset var verdt å ta vare på, resulterte i at det høgreiste bygget med den lange og innhaldsrike historia no har fått den tydelege og rettmessige plassen i bybiletet som det fortener.

Hospitset pensjonat, som i dag går under navnet «Det blå huset», opna i 2019. Det har gått inn i ein ny epoke som overnattingstad og forretningslokaler, og er eitt av dei finast restaurerte bygga i Odda.

Hospitset "Det blå huset" i 2019 Anne Gravdal, Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Byvandring

Her kan du ta ei byvandring i Odda sentrum

Order this image

Share to