Kvalitetskontroll ved Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrikk (seinare Tangens Gardinfabrikk) i Bergen ca. 1915.
Kvalitetskontroll ved Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrikk (seinare Tangens Gardinfabrikk) i Bergen ca. 1915. Ukjend

Tangens Gardinfabrikk: tyllgardiner frå Bergen

Frå 1890 til 1972 blei det produsert gardiner på Nygårdstangen i Bergen. Ein kan enno skimte fabrikknamnet på mursteinsbygningen i Lars Hilles gate, der bedrifta heldt til i 82 år. Bygget til Noregs eldste gardinfabrikk husar no Fretex.

I 1972 la fabrikken ned, og seinare har Bergen byarkiv og Tekstilindustrimuseet fått overta arkiv, foto og vareprøver etter 82 år med gardinproduksjon på Nygårdstangen i Bergen.

Simonsen og Sundt

I 1881 kjøpte Anton F. Simonsen tomt på Nygårdstangen for å starte gardinfabrikk. Fabrikkbygningen og maskinene blei dyrare enn venta, og Simonsen hadde ikkje nok kapital til å kome i gang med produksjonen. I 1882 slo han seg konkurs, og eigedomen blei kjøpt av den velståande handelsmannen C. Sundt, som overdrog fabrikken til sonen Christian Gerhard.

Dei første åra produserte fabrikken gazegardiner på 36 små vevstolar. På 1880-talet var Nygårdstangen ein aude stad – det einaste andre bygget der tilhøyrte Frelsesarmeen. Åra fram til 1889 må reknast som prøveår for Sundt. Bedrifta gjekk med underskot, men verken den unge eller den eldre C. Sundt miste trua. I 1890 vart drifta omorganisert i eit nydanna aksjeselskap: Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrik.

Brann ved Tangens Gardinfabrikk i Bergen, 15. juni 1903. Brannen skal ha sett fabrikken ut av drift i nesten eit år. Ukjend/Tekstilindustrimuseet
Ei kvinne kontrollerer gardinstoff, truleg ved Skandinaviska Trådgarnfabriken i Stockholm. Fabrikken var ei underavdeling av Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrik (seinare Tangens Gardinfabrikk) i Bergen mellom 1898 og 1920-talet. Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Hvitviblingen ved Skandinavisk Aktie Tyllgarnfabrikk (seinare Tangens Gardinfabrikk), Bergen ca. 1915. Hit kom gardinene kom etter vask, farging, stiving og stryking. Her blei dei skilt frå kvarandre, og den siste kvalitetskontrollen vart gjort før dei blei lagt i samanleggingsmaskina. Ukjend/Tekstilindustrimuseet
Fabrikklokale og arbeidarar ved Tangens Gardinfabrikk (1890-1972), Bergen. Ukjend/Tekstilindustrimuseet
Handelsreisande for Tangens gardiner utanfor Hotel Skandinavie si prøveutpakkingsbarakk etter brannen i Ålesund 1904. Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)

Satsa på tyll

Løysinga vart å byggje ein helt ny fabrikk for å produsere tyllgardiner – teikna av arkitekt Schak Bull og med britisk maskineri. Fabrikken vaks, og i 1896 var arbeidsstokken på 225–250 kvinner og menn. Med moderne maskineri og rasjonell drift satsa Sundt på eksport: først til unionslandet Sverige, der ein kunne føre varer inn i landet utan toll, og så til andre land. Då mellomrikslova vart oppheva i 1897 hadde Sundt allereie danna eit eige aksjeselskap i nabolandet, Aktiebolaget Skandinaviska Trådgarnfabriken, Tangen pr. Stockholm. Tidleg på av 1900-tallet vart Tangens-gardiner eksporterte til heile verda.

Lenge hadde bedrifta faste utstillingsmonter på «Permanenten» i Bergen, og midlertidige utstillingar blei sende ut til mange av landets byer på 1930-talet. Frå 1925 utvida fabrikken med fargeri, og leverte farga gardiner i tillegg til dei klassiske varene i beige, kremkvit og elfenbein.

Sundt måtte selje den svenske fabrikken i vanskelege år etter 1920. Fram til brannen i 1914 vart fabrikken drive av eit stort dampmaskinsanlegg, men etter dette gjekk ein over til straum frå Bergens Elektrisitetsverk. Fire gongar har det vore brann i fabrikken, i tillegg til eksplosjonen i 1944.

Christian Sundt vart sjuk i 1928, og sonen Rolf, og seinare Leif Sundt, tok etter kvart over drifta. I 1935 endra firmaet namn til Tangens Gardinfabrikk – eit enklare namn utan direkte kopling til den skandinaviske marknaden. I 1937 opna ein ei ny avdeling for dekorasjons- og møbelstoff.

Foto frå varemesser og vindaugsutstillingar

Vindaugsutstilling av gardiner hos C. Sundt i Bergen, september 1924. Skagen & Co.
Vindaugsutstilling hos C Sundt i Bergen i 1924. Skagen & Co.
Vindaugsutstilling hos Christian Johannesen Manufacturforretning. Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Frå Tangens Gardinfabrikk si gardinutstilling i Oslo, 1938 Ukjend/Tekstilindustrimuseet Public domain mark (CC pdm)
Tekstilmesse i Oslo, 1957. All-Foto (Copyright)

Presisjonsarbeid

Knappenålsterningane vart ein populær reklameartikkel for bedrifta. Tekstilindustrimuseet Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Gardinene blei framstilte frå idé til ferdig gardin på ein og same fabrikk. Først blei mønsteret utforma og teikna, og slått inn i papplater som «programmerte» mønsteret i jaquardveven. Dette arbeidet var ein samansett prosess med høge presisjonskrav: mottoet til Sundt sjølv skal ha vore «Nøyaktighet er grunnlaget for enhver forretning».

Til møbel- og gardinstoff brukte ein stort sett bomullsgarn, kunstsilke og cellull. Garnet blei spola opp på ein trommel av trespiler, og så tilbake på bommar som blei sette inn i maskina. Jacquardvevane kunne vege heile 30 tonn og var 6 meter høge. «Tekstilingeniørene som kommer hit, tror på forhånd de vet noe om veving. Etter å ha sett våre maskiner, skjønner de ingenting», sa dåverande direktør Rolf Sundt til Bergens Arbeiderblad i 1932.

Etter at gardinene var ferdig vevde blei de sende til «råviblingen», ein stor sal der kvinnene sat og retta feil i gardinstoffet med nål og tråd. Så blei gardinene sende gjennom ei sjakt til vaskeriet og bleikeriet. Ei strykemaskin behandla to-tre lengder med stoff ved sidan av kvarandre om gongen.

På «hvitviblingen» ble gardinene nok ein gong sjekka for feil. Deretter var gardina klar for samanleggingsmaskina. Den blei målt og rulla saman i lengder på 40–60 meter med papirmåleband, og merka med løpenummer, lengd, breidd og fargenummer. På lageret og ekspedisjonen blei varene pakka og merka med namn og adresse før dei blei sende ut på verdsmarknaden.

Varer frå Tangens Gardinfabrikk

Prøve på tyllgardin frå Tangens Gardinfabrikk Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Prøve på tyllgardin frå Tangens Gardinfabrikk Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Prøve på tyllgardin frå Tangens Gardinfabrikk Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Brikke med motiv av Håkonshallen og Rosenkrantztårnet i Bergen, produsert ved Tangens Gardinfabrikk. Bevaringstenestene MuHo / Museumssenteret i Hordaland Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Oval duk frå Tangens Gardinfabrikk Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Fabrikken produserte også møbelstoff. Tangens Gardinfabrikk / Museumssenteret i Hordaland Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Gardinprøver i Dralon, ein type akrylstoff. Bevaringstenestene MUHO Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Musikalsk overtid

Heilt i starten var arbeidstida var frå 07:00-18:00, med overtid til 21:00. I jubileumsboka til bedrifta finn ein utdrag frå korleis Erica Strand hugsa overtidsarbeid i 1916:

Da der blev så masse rack å gjøre ferdig på råhvibling, måtte vi også samtidig bli ferdig på hvitvibling, og da strakte ikkje den alminnelige tid til, men vi måtte innføre overtid på rå- og hvitvibling. Folkene gikk med på det en tid, men så ble de lei, og vilde ikke arbeide over. (…) Så sa herr Sundt at pathéfonen skulle bringes opp på råhviblingen. Når det ble bestemt overtidsarbeid kunne vi så sette pathéfonen i gang og musisere hele aftenen. Dette hjalp. Pikene arbeidet over flittig hver eneste aften når de fikk musikk. Pathéfonen var meget benyttet.

Christian Sundt var tidleg ute med å framheve opphavslandet til varene, og etikettar og merkelappar vart merka med «Norsk fabrikat». Til Bergens Arbeiderblad sa han i 1932: «Til å begynne med spant man ikke silke på å fremheve varens norske oprinnelse. Det var jo en tid da alt fint skulde være utenlandsk. Men fabrikken fastholdt prinsippet, og i det lange løp har den vunnet på det. Den beviste at norsk varer er kvalitetsproduksjon. Og nu vet alle at så er tilfelle».

Kjelder

  • Grieg, Sigurd (red.). Norsk tekstil (1950).
  • O. Simonnæs, Tangens Gardinfabrikk (1950).

Share to