Flyfoto av Bø sentrum mot Lifjell, tatt frå sør, 1970
Flyfoto av Bø sentrum mot Lifjell, tatt frå sør, 1970 Telemark flyfoto / Bø Museum

Skulebygda Bø

Sommaren 2023 hadde Bø Museum ei utstilling som markera to skulejubileum i bygda: To hundre år sidan den fyrste skulebygningen i bygda blei teke i bruk og hundre år sidan Telemark språk- og realskule starta. Denne artikkelen viser tekst og bilete i plakatane i utstillinga samt bilete av ein del av dei utstilte artiklane i utstillinga. Det siste avsnittet om Bø Handelsskule var ikkje med i utstillinga.

Sentrale kjelder i arbeidet med utstillinga har bl.a. vore:

  • Bø soga – skulehistorie av Stian Henneseid
  • Norsk lærebokhistorie av Dagrun Skjelbred m.fl.
  • Skolehistoriske holdepunkt av Odd Asbjørn Mediås
  • Skolen 1739-1989 av Knut Jordheim (red.)
  • Diverse munnlege kjelder – takk til alle som har bidratt

Med kunnskap skulle bygda byggast

I 1729 blei det halde ting på lensmanssgarden Haugland i Bø. Amtmannen var til stades og la fram planar om skuleetablering. Skulespørsmålet engasjerte allereie då, og sidan har temaet vore sentralt for å forstå utviklinga i Bø. Meir enn nokon annan enkeltfaktor har alle skulane og skuleslaga i bygda ført til stadutvikling og arbeidsplassar, og dei har forma bygda sin identitet.

Norsk skulehistorie blir datert tilbake til 1739 då Kristian VI kom med “Forordning om Skolerne paa Landet i Norge, og hvad Klokkerne og Skoleholderne derfor maa nyde”. Dette var eit påbod om at det skulle etablerast almueskular i heile landet, og det var eit forsøk på å lage ein skule for heile folket. Det blei nok ganske raskt etablert ein skule i Bø, for allereie i 1741 var det strid rundt utgiftene. Prest i Bø på denne tida var Isak Pedersønn Muus, og saman med dei lokale skulehaldarane forfatta han dei fyrste reglane for omgangsskulane i Bø.

I 2022 blei Bø kåra til årets studiestad av studentorganisasjonen. Mange elevar, lærarar, rektorar og studentar har vore markante samfunnsaktørar i Bø, og historia om alle skulane går hand i hand med historia om Bø-samfunnet. Denne artikkelen bygger på sommarutstillinga 2023 og viser nokre glimt av den rikhaldige skulehistoria som finst i bygda.

Grauteknapp skule nedanfor Bø kyrkje. Public domain mark (CC pdm)
Den fyrste avgangsklassa på Bø realskule
Telemark offentlege Landsgymnas og Bø Statsrealskule Bø Museum (Copyright)
Bussar ved Bø skule Public domain mark (CC pdm)
Universitetet i Sørøst-Norge

Den norske skulen vart til

av Ellen Schrumpf.

Utbygginga av den norske skulen på 17- og 1800-talet gjekk inn i eit større folkeopplysingsprosjekt og fann stad i heile Europa. Ved å satse på skule og opplysing skulle fornufta råde og gamal overtru og lagnadsstyrt åtferd utryddast. Det var naudsynt med ei storstilt utbygging av den verdslege opplysningsskulen i bygd og by for samfunnet og produksjonslivet vart endra og blei meir komplekst på denne tida.

Frå allmugeskule til folkeskule

Juvsåbakken skule 3. september 1924. Public domain mark (CC pdm)

I Noreg blei det lovfesta obligatorisk skule i 1739. Skulelova av 1739 hadde bakgrunn i ei forordning frå 1736 som innførte obligatorisk konfirmasjon i Noreg, og allmugeskulen var eigentleg ein konfirmasjonsskule. Det var reformasjonens krav om ei betre kristeleg oppseding som danna bakgrunn for den første norske skulelova. Skulen skulle fremje det kristelege kunnskapsnivået hos allmugen for det var ein føresetnad at den som skulle konfirmerast, måtte kunne lese skrifta. Ifølgje lova skulle barna begynne på skulen i sju års alderen, halde fram til dei var ti til tolv år gamle, og opphalde seg på skulen i tre månader i året. Men lovas bokstav blei ikkje alltid følgd. På 1700-talet gjekk barna på skule berre i nokre få veker i året, i fire til fem år. Men det var store variasjonar mellom bygdene og mellom by- og bygdeskulen.

Skulen av 1739 var ein puggeskule; elevane skulle pugge Pontoppidans katekismeforklaring, og den var for eit segment av befolkninga, nemleg allmugens barn. Barna i det høgre sosiale sjiktet hadde eigne ordningar. Borgarar og embetsmenn heldt gjerne eigne huslærarar for barna, og så gjekk gutane vidare i latinskulen der dei førebudde seg for universitetsstudiar i København og i Kristiania frå 1811. Denne vegen var berre open for dei som kunne betale for seg. På slutten av 1700-talet kom det dessutan borgarskuler i byene som var tilpassa behovet til borgarskapet. Borgarskulen var også ein betalings- og utvalsskule for dei øvre samfunnslaga.

Men utetter på 1800-talet og med folkeskulelovene av 1889 blei dei ulike skuleslaga samla i ein felles folkeskule for barn frå alle sosiale lag, og utviklinga frå innføringa av obligatorisk skule i 1739 til folkeskulelovane av 1889 kan teiknast langs tre liner med omsyn til styring, innhald og rekruttering til skulene. Ein line gjekk frå kyrkjeleg til statleg styring av skulen, den andre gjekk frå pietistisk kristendomsopplæring til folkeopplysning, og den tredje går frå utvalsskule til fellesskule for alle sosiale lag. Skulen blei også eit viktig instrument i nasjonsbygginga, det vil seie i samansveisinga av distrikt, regionar og innbyggjarar til eit organisk-liknande nasjonalt fellesskap.

Bø skule Public domain mark (CC pdm)

Den norske folkeskulen og demokratiet

av Ellen Schrumpf.

Med folkeskulelovene av 1889 blei skulefellesskapet bygd ut i byane og på landet. Den gamle allmugeskulen, som også blei kalla ein fattigskule fordi det var underklassens barn som gjekk der, blei no erstatta av ein felles folkeskule for barn frå alle samfunnsklassar. Det klassedelte parallellskulesystemet med allmugeskule, borgarskule og latinskule blei avskaffa. Frå 1896 varte skulefellesskapet i fem år og frå 1920 i sju år.

Ambisjonane var å byggje ein felles folkeskule for alle norske barn. Likevel var det store skilnader mellom skulane i byane og på bygdene. Etter lova skulle ein folkeskuleklasse på landet normalt ha undervisning i berre 12 veker, med 30 timar per veke i småskulen og 36 timar i storskolen i sju år. Bygdeskulen blei organisert med undervising annankvar dag og med timane fordelte over vinterhalvåret. Ifølgje lova skulle skulen i byane delast inn i tre avdelingar med 18 til 24 timar undervisning per veke. Her blei det skule kvar dag heile året.

Skuleklassar med lærarar på Folkestad. Sjå namna under opplysningar. (Copyright)

Først med folkeskulelova av 1959 blei fellesskulen gjennomført i Noreg. Lova var den første felleslova for bygde- og byskulen, noko som innebar like lang skuletid for barn i bygd og by. Skuletida i bygdeskulen blei forlenga med kvardagsskulen som normalordning. Dessutan blei fagkrinsen den same for heile landet og for gutar og jenter. Gutar skulle no lære seg husstell og jenter sløyd, og dei fekk like mange undervisingstimar i matematikk. Etter kvart blei dei geografiske og kjønnsmessige skilja mellom by- og bygdeskulen bygde ned. I 1969 blei 9-årig grunnskule lovfesta og utvida til ti år i 1997 med skulestart for seksåringar.
Bygginga av ein sjølvstendig og ”heilstøypt, harmonisk utvikla nasjon” har stått høgt på den politiske dagsorden i Noreg, og utbygginga av folkeskulen må sjåast i samband med bygginga av det norske nasjonen og demokratiet. Opplysing og folkedanning var føresetnader for demokratisk deltaking og stod i demokratiet og det nasjonale sjølvstendet si teneste. Ved å samle alle norske barn i den felles folkeskulen skulle også sosiale og kulturelle skilje jamnast ut. Såleis gjekk det til at den norske folkeskulen etablerte eit skulefellesskap som femnde vidare enn i noko anna land.

Elevane ved Forberg skule fotografert i 1941. Læraren er Ketil Bergland. Public domain mark (CC pdm)

Kva har du lært på skulen i dag?

av Evy Beate Stykket.

I 1739 blei allmueskulen innført, og det var berre to obligatoriske fag dei fyrste 100 åra i skulen: lesing og kristendomskunnskap. Det var dermed berre bruk for religiøse bøker og ABCar, og i eit møte i skulekommisjonen i Bø i 1834 blei det vedtatt å kjøpe følgande bøkar på skulekassas rekning: 6 biblar, 6 nytestament, 6 eksemplar av grunnlova, 30 stk. av Herslebs mindre bibelhistorie, 50 stk av Pontoppidans forklaring, 100 ABC-ar og 100 stk av Luthers katekisme. I 1827 blei innhaldet regulert på nytt, og skriving, rekning og song blei nye fag i skulen. Sidan har fag og innhald jamnleg blitt justert i nye lovverk og læreplanar, heilt til dagens læreplan som blei innført i 2020. Tabell over når ulike fag blei introdusert, henta frå “Norsk lærebokhistorie” av Dagrun Skjelbred et.al.:

Då skulen fyrst blei etablert etter skulelova i 1739, var det vanskeleg å skaffe lærarar. Dei fekk dårleg løn, og var lågt på den sosiale rangstigen, men dei fekk fritak frå militærteneste og trong ikkje betale skatt, så enkelte lot seg lokke av dette. Det var presten som hadde ansvar for utdanne lærarane i bygda. I 1815 kom den danske presten Willum Willumsen til Bø, og han prega både lærar- og skuleutviklinga i bygda. Blant anna laga han ein instruks for læraren på Grauteknapp der han forklarar korleis kvar time skal starte, korleis læraren skal undervise i lesing med ei pedagogisk bokstavkasse med utskorne bokstavar oppi, kor mykje tid som skal settast av til naturfag, historie og geografi, og kor viktig det er at læraren “omgås Børnene med Godhed og Blidhed”. Seinare heldt Willumsen “klokkarskule”, kurs for lærarar, på Grauteknapp. Etter kvart som skulen fekk fleire fag, auka også behovet for lærarutdanning, og i Telemark kom den fyrste lærarskulen i Kviteseid i 1819. Andres Iversen (1794–1882) frå Veirud gjekk på denne skulen rett etter at den starta, og blei dermed den fyrste bøheringen som gjekk lærarskule. Han var også den fyrste læraren på Grauteknapp i 1823.

Frå 1853 til 1880 var det også ei lærarutdanning i Skien der mange Bø-lærarar gjekk. Frå 1890 fekk kvinner innpass i lærarutdanninga, og i Bø blei den fyrste lærarinna tilsett i 1912. Kvinner fekk lågare løn enn mannlege lærarar, så dette lønte seg for kommunen. Lærarstanden i Bø har vore særmerkt med at dei var rekruttert lokalt. Det er tydeleg at yrket var tillokkande for mange, og i enkelte ætter var det bort imot arveleg.

Døme på timefordelingsplan, denne blei vedtatt av skulestyret i Bø i 1950:

Fag

Småskulen

Storskulen

Kristendomskunnskap

6 t

6 t

Norsk

8

9

Heimstadlære

6

0

Soge

0

2

Geografi

0

2

Naturfag (utan forplant.lære)

0

3

Rekning

6

6

Skrivning

3

1

Teikning

0

2

Song

1

1

Handarbeid

0

2

Kroppsøving

0

2

 

30 timar

36 timar




Omgangsskule i Bø

Biskop Halvor Folkestad (1807-89), jobba som omgangsskulelærar i Bø i nokre år eter at han var konfirmert. Seinare var han også lærar på Karmøy, inspektør på lærarseminaret i Kviteseid og medlem av ein nasjonal kommisjon for allmueskulen på landet (1858-1860) før han til slutt blei biskop på Hamar. Public domain mark (CC pdm)

av Evy Beate Stykket.

I 1741 kom ei lov som sa at ein skulle kalle inn 4 av dei “kyndigste og beste menn” samt lensmann, fogd, prest og kapellanar for å bestemme korleis ein best kunne undervise borna i prestegjeldet. Denne nemnda måtte vurdere innretning på skulen, ordning for lærarar og korleis skulen skulle finansierast. Bøndene klaga over uår dei fyrste åra på 1740-talet, og læraryrket var dårleg betalt, så det var ikkje ei enkel sak. I 1743 var det likevel einigheit om ei lokal ordning, som vidare blei godkjent av både prost, amtmann og Akershus stift.

På grunn av store avstandar og dårleg råd, blei det bestemt at ein skulle ha omgangsskule, og det blei tilsett 3 lærarar for Bø med to roter kvar. Dei skulle gå frå gard til gard, og dei fekk kost og losji på desse gardane. Finansieringa blei sikra ved at gardane og enkelte husmannsplassar måtte betale skuleskatt, i kyrkja blei det tatt opp kollekt (“tavlepengar”) og enkelte bøtar gjekk til skulekassa. Noko av pengane gjekk til inventar, bøker og til fattig born, og resten til løn til lærarane, som fekk rundt 5 riksdalar kvar. I tillegg fekk lærarane sleppe militærteneste. Det var nok ikkje berre kjærkomme å måtte huse ein lærar i mange dagar om gongen, og i 1743 protesterte Halvor Tolvsson på Nordre Oterholt mot at Søndre Oterholt berre hadde hatt læraren ei veke før han blei sendt vidare. Læraren måtte få hjelp av lensmann Erik Haugland for å ordne opp i saka.

I 1781 kom det nye lokale forskrifter for Bø. Bornetalet hadde auka, og det var dessutan krav om betre løn for lærarane. Det blei bestemt at skuletida skulle vare i ca. 6 månader, frå november til april, og læraren skulle vera på same gard mellom 2 til 8 dagar.

Halvor Skogen (f. 1845) fortel frå sitt møte med omgangsskulen i Askilt og Haugland-rota på midten av 1800-talet: “De to dage jeg var der, forløb som i andre omgangsskoler på den tid. Børnene sad rundt omkring bordet i dagligstuen og læste høit alle på en gang i munden på hinanden, så ingen kunde høre mands mål. Kvindfolkene gik omkring i stuen, sad og spandt, kogte mad, lavede sørpe til kreaturene eller stelte med to spæde tvillinger, der havde sin vugge i same stue og af og til deltog i konserten... Eg var vel 6-7 år da, kan eg tænke. Næste vinter antagelig fik eg følgje med John Hegnune første gang eg skulle begynne på vor egen skole på Grauteknapp.”

Det kom fast skule på Grauteknapp for Bø-rota i 1823, men elles i Bø heldt systemet med omgangsskule fram til ei ny skulelov i 1860 gjorde at det blei faste skular i alle rotene.

Ulike skuleslag

Jønnbu leirskule

av Evy Beate Stykket.

I 1964 fekk Telemark krins av Norges Kristelige Ungdomsforbund ei 14 mål stor tomt på Jønnbu i gåve frå Anne og Olav Raukleiv. Målet var å få bygd eit sportskapell og eit ungdomssenter. Kyrkja sto ferdig i 1969. Det offisielle namnet vart Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter. I 1973 sto andre byggetrinn med internat og styrarbustad ferdig.

Fram til 1977 blei fjellkyrkja nytta av ulike grupper til leirar og som turmål året igjennom. Kvar sundag var det gudsteneste i regi av gruppene som leigde staden, men dei var også opne for bygdefolk og turgåarar i fjellet. Kring midten av 1970-talet blei det tatt initiativ til å etablere ein fast leirskule på staden. Finn Rønning var styrar ved Jønnbu Fjellkyrkje på denne tida, og han var sentral i arbeidet med å realisere leirskulen.

I 1977 blei Arne Slagsvold tilsett som pedagog, og kona hans, Helbjørg Myhre Slagsvold, fekk samstundes jobben som styrar. Dermed blei Jønnbu ein organisert leirskule med ei pedagogisk ramme, der tanken var å bruke naturen og praktiske oppgåver i opplæringa. Det kommunale skulestyret og skulesjef Martin Tørå var viktige i den tidlege utviklinga av leirskulen, og formelt var den pedagogiske sida av drifta underlagt det kommunale skulestyret.

Innhaldsmesig har Jønnbu leirskule vore opptatt av å fremme opplevingar og sosiale forhold, og dette sitatet frå ein elev kan illustrere kva ein sit att med etter eit opphald: “Tusen takk for at vi fikk oppleve naturen også i dårlig vær.”

Skiløparar ved Jønnbu fjellkyrkje. Public domain mark (CC pdm)

Telemark distriktshøgskule / Høgskolen i Telemark / Høgskolen i Søraust-Noreg / Universitetet i Søraust-Noreg

I mai 1970 bestemte Stortinget at det skulle plasserast ein distriktshøgskule i Bø. Vedtaket kom etter fleire år med dragkamp, der spesielt Grenland men også Notodden hadde vore konkurrentar. I 1970 budde det i underkant av 4000 personar i Bø, og distriktshøgskulen blei eit stort løft for ei lita bygd. Folkets hus på Frivoll blei bruka i starten, og nye bygg på same tomta kom etter kvart (dagens ungdomsskule). Kommunen regulerte 18 nye tomter til hus med full husbankfinansiering i Breisås, til tilsette som skulle flytte til bygda. I 1980 var Telemark distriktshøgskule den tredje største distriktshøgskulen i landet, målt i studenttal. Slikt krev plass, og i tillegg til Frivoll leigde TDH seg i ulike periodar inn i andreetasje på Telemarksbanken midt i gata; Samvirkelaget; “Sæterbygget” eigd av Thor Napastaa; “Nye Napastaa” ved Gvarvvegen; Liabygget og i “Tonar forretningsbygg” øvst i gata.

I 1994 sto nytt bygg i Gullbring ferdig, og same året blei TDH del av Høgskulen i Telemark der fellesadministrasjonen for studiestadene Bø, Rauland, Notodden og Porsgrunn skulle ligge i Porsgrunn. I 2015 blei Høgskolen i Telemark fusjonert med Høgskolen i Buskerud og Vestfold, og den nye fusjonerte høgskolen fekk namnet Høgskolen i Søraust-Noreg. I 2018 fekk den fusjonerte høgskulen universitetsstatus og dagens namn: Universitetet i Søraust-Noreg.

**Kjelde: Soga om høgskolen i Bø (2018) av Olav Rovde

Folkets hus på Frivoll. Biletet er frå 1980-åra medan distriktshøgskulen ennå bruka huset. Huset blei rive i 2005. Public domain mark (CC pdm)

Dei siste grendeskulane

av Evy Beate Stykket.

På 1860-talet bygde ein opp faste skulestover over heile Bø. På det meste var det samstundes opp i 11 skular med tilhøyrande krinsar(sjå kart annan stad i utstillinga). Dei grendeskulane som overlevde lengst, var Sanda (til 1999), Eikjabygda (til 1995), Forberg (til 1995), Vatnar (til 1992) og Valen (til 1990).

I 1989 oppnemnte Kommunestyret ei skulestruktur-nemnd. Dette blei starten på fleire år med diskusjon om den framtidige skulestrukturen i bygda. Det var foreldreaksjonar og folkeavrøystingar, og ulike alternativ blei lagt fram, men i desember 1993 blei det vedtatt at Eikjabygda og Forberg skulle leggast ned, elevane på Forberg skulle overførast til Sanda. I tillegg kom diskusjonen om å flytte ungdomsskulen frå Bø skule og opp til Frivoll, ettersom distriktshøgskulen bygde nye lokale i Gullbring-området. I 1997 blussa diskusjonen opp att då Sanda skule også blei foreslått nedlagt, noko som blei realitet i 1999.

Bø blad 11. januar 1990
Bø blad 9. september 1993
Bø blad 2. desember 1993
Bø blad 2. desember 1993
Bø blad 11. september 1995
Sanda skule Public domain mark (CC pdm)
Eikjabygda skule Public domain mark (CC pdm)

Skulebygg og krinsar

av Evy Beate Stykket.

Det fyrste skulebygget i Bø var på Grauteknapp, og til denne rota høyrde Bø, Nordbø, prestegarden, Fossheim, Sisjord, Sanda, Grivi, Torstveit, Borgja og Staurheim.

Kartet viser ei oversikt over dei fyrste skulebygga (blå markeringar) som kom etter ei ny skulelov i 1860. Då blei det slutt på omgangsskulen, og innført 12 veker skuleplikt. I tillegg blei det bestemt at prestegjelda skulle delast inn i krinsar i staden for dei tidlegare skulerotene, og kvar krins skulle ha fast skule. Dermed starta ein å bygge skulestover i alle krinsane i Bø.

Lilla markering

Grauteknapp, skulestart i 1823

Blå markering – skulestover bygd etter ny lov i 1860

 

Plassering

Krins

Tveiten 

Tveiten og Uvdal

Breskhaug ved Brenne

Eikjabygda

Grauteknapp

Nordistugu Forberg 

Forberg, Espedalen, Skoe, Tveitane

Evju

Tveitan, Erikstein

Sanda (litt vest for det seinare skulehuset)

Sanda, Grave, Verpe

Søndre Vreim

Vreim

Dikene 

Oterholt,Siglhus, Sønstebø, Furuvoll, Li

Hellekås

Folkestad, Ågetveit, Østerli, Eika, Årmotdalen, Skjelbrei

Haugen

Askiltgardane, Askiltrud

Hauglandskåsine

Gåra, Vestgarden, Roteberg, Haugland, Valen

Mellom Engene og Plassen

Åse, Stokland, Jørgedal, Vatnar

Merknader: Før 1883 høyrde Øvrebø ovanfor Tveitan og Erikstein til Seljord; Roheimgrenda høyrde til Sauherad fram til 1914; Nordigard Vatnar med alle husmannsplassar høyrde til Heddal fram til 1883, og skulestoga som blei bygd mellom Engane og Plassen i Roheimsgrenda i 1866, var eit spleiselag med Heddal og Sauherad.

Raud markering – nye skulebygg i nye krinsar frå 1880-åra og framover

 

(Ny) plassering og byggeår

Krins

Skoghaugen (1892)

Bø 

Eikjahamna mot Eikjarud (1888)

Eikjabygda, Roegrenda, Staurheim, Moland

Tveiten, uendra plassering, lagt ned 1927

Tveiten/Uvdal

Sanda, uendra plassering

Sanda

Harpeståmyrane (rundt 1855)

Forberg, Sudigard Tveitan og utover, Midtbø, Mørkholt, Løvskeid

Grotemo (rundt 1885), lagt ned 1968

Vreim, Erikstein 

Juvsåbakken (rundt 1885) 

Folkestad, Oterholt, Li

Tjyrukåsa (rundt 1885) 

Valen, Haugland, Askilt, Gåra, Vestgarden, Roteberg

Flåta, flytta til nytt skulehus på Skjelbrei lenger sør i 1937, lagt ned 1950

Skjelbrei, Årmotdalen, Åse, Orebakken

Fyllinga (rundt 1885)/Åkrokane (1892)

Vatnar, Roheim, Stokland

Myklestul (frå 1895 til 1912)

Myklestul/Stavsholt

Stavsholt (frå 1937 til 1939) 

Myklestul/Stavsholt

Merknader: Det budde mykje folk i Li-marka heilt vestover til Myklestul, særleg i siste halvdel av 1800-talet. Borna her høyrde til skulen på Vreim, men det var ein lang og vanskeleg veg. Det blei derfor søkt om eigen skule her, og dermed var det skule i eit kammers på Myklestul i nokre få år. Seinare, på 1930-talet, var det også tre år med skule på Stavsholt. Skulen i Eikjabygda blei flytta frå Breskhaug til Eikjahamna, men heldt på namnet Breskhaug skule vidare.

Gul markering – dei nyaste skulane

Eikjabyga

Bygd 1888

Forberg

Bygd 1918

Folkestad

Bygd 1926

Valen

Bygd 1931

Sanda

Bygd 1915

Vatnar

Bygd 1955

Bø (Grivi)

Bygd 1963

Frivoll 

Bø ungdomsskule flytta inn i 1995 etter at distriktshøgskulen flytta ut året før

Ved å klikke på kartet nedanfor vil du få opp skulekartet i stort format i ei ny fane .


Vidaregåande skule

Det starta med Telemark språk- og realskule

av Gunnar Brekke Amundsen.

Me skal 100 år tilbake i tida. Året er 1923. I eit lite klasserom på Bø folkeskule på Skoghaugen set lærar Ole Nerheim i gang den fyrste timen på Telemark språk- og realskule framom 30 spente elevar. Utanfor høyrer elevane ljomen av spikarslag og rop frå arbeidarar. Berre eit steinkast frå klasserommet blir eit nytt skulebygg reist som skal kome til å stå ferdig på nyåret 1924. Det er her historia om Bø vidaregåande skule startar.

Realskulen i Bø var toårig og førebudde til gymnas. Dette var ein forløpar til dagens treårige ungdomsskule som blei innført på landsbasis tidleg på 1970-talet. Realskulane var utvalsskular der ein måtte bestå ei opptaksprøve i fleire fag for å koma inn.

Skuleklasse 1923

Historia til Bø vidaregåande skule må sjåast i samband med Telemark språk- og realskule. Tanken bak etableringa av realskulen var å få eit landsgymnas til Bø. Tidleg på 1900-talet låg gymnasa i byane. Mange foreldre på denne tida hadde ikkje råd til å sende borna sine på skule i byen. Ungdom frå landsbygda utgjorde såleis ein liten del av uteksaminasjonane på bygymnasa. Dette var eit sosialt og demokratisk problem. I 1914 oppretta staten difor eigne landsgymnas som var tilpassa bygdeungdom. I Bø håpa ein at Telemark språk- og realskule raskt ville bane veg for etableringa av eit offentleg landsgymnas i bygda, men det skulle gå over 30 år før gymnasdraumen blei realisert.

Realskulen på Skoghaugen i Bø Public domain mark (CC pdm)

Telemark språk- og realskule blei seinare lagt under statleg drift i 1947, og fekk namnet Bø statsrealskule. Da Bø omsider fekk Telemark offentlege landsgymnas i 1954, blei Bø statsrealskule med på flyttelasset opp til Gymnasbakken der eit nytt skuleanlegg stod ferdig i løpet av 1950-talet.

Statsrealskulen var ein populær skule med elevar frå heile landet, i særleg grad frå bygder i Telemark, Numedal og Hallingdal. Det var difor hard tevling på plassane da opptaksprøvene tok til på seinsommaren. Tidleg på 1960-talet var søkjartalet så stort at mange elevar frå Bø og nabobygdene ikkje kom inn på skulen. Det blei difor oppretta eigne interkommunale realskuleklasser med lokale elevar.

Hausten 1970 innførte Bø kommune treårig ungdomsskule. Dette markerte slutten på realskulen. Siste klassa på skulen gjekk ut i 1974. Ein reknar med at mellom 2500-3000 elevar gjekk på realskulen i Bø i perioden frå 1923 til 1974.

Eitt av tolv offentlege landsgymnas

av Evy Beate Stykket.

I 1947 blei Telemark gymnas etablert. Skulen blei reist med midlar frå Bø kommune, Telemark fylke og frivillige foreiningar i Telemark. Målet var å få staten til å ta over drifta og gjere skulen til eit offentleg landsgymnas. Undervisninga på Telemark gymnas gjekk føre seg i ei ombygd brakke frå krigen som låg like ved realskulen på Skoghaugen. Forholda i «Gymnasbrakka» var mildt sagt kummerlege med mangel på innlagt vatn, isolasjon og toalettfasilitetar.

I 1954 lukkast det å få staten til å ta over gymnaset. Telemark offentlege landsgymnas var ein realitet. Dette var det siste av i alt 12 landsgymnas i landet. Bygginga av ein ny skule for både statsrealskulen og landsgymnaset tok til same år på ein eigedom kalla Holmen, i dag betre kjent som Gymnasbakken. I 1959 stod eit moderne anlegg ferdig med ein klasseromsfløy (1955), kombinert fest-, gym- og matsal (1957) og internat (1959). I følgje rektor Halvor Dalene hadde ein gått frå å ha «ein av landets dårlegaste skulehus til eitt av dei finaste i landet».

Bø sentrum, Nederst til høgre ser ein realskulen, "brakkegymnaset" (tyskerbrakka), uthus med vedskjol og Bø folkeskule heilt til høgre.
Russetog
Russetog
Opptaksprøve til realskulen 1957

Livet på elevheimen

av Margit Ims.

Skulen flytta opp til nytt skuleanlegg i Gymnasbakken i 1954. Det skulle gå enda nokre år før siste byggjetrinnet med internat stod ferdig. Aukande elevtal frå midten av 1950-åra gjorde det vanskeleg for skulen å skaffe nok hyblar til elevane. Det var ei velferdssak å sikre gode buforhold for elevane ved skulen. Mange av elevane var svært unge og budde langt heimafrå. Elevheim med tilsyn gav tryggleik for elevar som måtte flytte for å gå på skule.

“Brakkegymnaset”

"Geitosten”

I 1958 stod internatet klart for innflytting. Bygget hadde fem etasjar med husrom til 80 elevar og gjekk under namnet «Geitosten». Namnet kom av forma og fargen på bygget, som var mykje lik ein G-35. Romma var enkelt utstyrt med seng, bokhylle, pult, leselampe og spegel. For mange av hybelelevane var det likevel ei stor forbetring å flytte inn i den nye elevheimen. Elevar som tidlegare hadde budd på hyblar med varierande standard opplevde internatlivet som luksus. Innetemperatur regulert av sentralvarmeanlegg, installasjonar med varmt og kaldt vatn og tilgang på dusj bidro til ei stor oppgradering av levekåra.

Eigen rytme

Internatkvardagen var ordna med faste tidspunkt. Måltida var sentrale og gav felles dagsrytme. Kjøkkenet var i drift frå 1957. Husmora heldt resten av kjøkkenpersonalet i sving for å servere svoltne elevar næringsrik og rimeleg kost. Gryter, sleiver, auser – alt av utstyr –hadde store proporsjonar, for her skulle ein kunne servere opp mot 400 menneske dagleg.

For å få middag måtte ein stille seg i matkø. Der framme venta ein oppmålt porsjon, kanskje med kjøttpudding og kokte grønsaker. Og sjølv om ein hadde flytta heimafrå kom ein ikkje unna å eta opp middagen før desserten. Av og til kunne ein lærar stå der ein leverte frå seg til oppvask og sjå etter at det ikkje låg for mykje att på tallerken.

For dei som gjekk på førebuingskurset i perioden 1961–1978 var ikkje skuledagen over etter middag. Skulen hadde lagt opp til kveldsundervisning for å få det intensive kurset til å gå opp med rom og lærarkrefter. For dei andre elevane venta leksetid. Da skulle det vera ro i internatet. Det gjaldt også reglar for besøk på tvers av gute- og jenteavdeling. Husfar var bokstavleg tala ein nøkkelperson i internatet og heldt tilsyn og låste dørene for kvelden.

“Hotell Ambassadør”

Internatet var populært, og ein trong etterkvart fleire rom. Med ein avtale med Utanriksdepartementet og Undervisningsdepartementet for å gi skuleplass til elevar med foreldre i utanriksteneste fekk ein reist eit nytt internat i 1967. Det nye internatet blei kalla «Hotell Ambassadør». I dei to elevheimane hadde ein til saman 146 internatplassar, fordelt på 58 enkeltrom og 44 dobbeltrom. Dette bygget blei selt til Telemark distriktshøgskule i 1983, og blei i tida framover nytta som studentheim. Internatdrifta ved Bø vidaregåande skule blei avslutta i 2009.

Internata og skuleplassen 08.07.1970. Public domain mark (CC pdm)

Bø Handelsskule

av Olav Finstad.

Bø Handelsskule blei etablert i 1958 i regi av Telemark mållag. Skulen blei drive av mållaget med støtte frå Bø kommune i form av fri bruk av skulelokale. Undervisninga fann derfor stad i kommunestyresalen. Drifta elles blei finansiert gjennom skulepengar frå elevane.

Handelsskulen var ei halvårig utdanning som gav godkjent undervisning for å løyse handelsbrev. Dette var eit næringsbrev på kjøpmannshandel som ein i tida 1907 til 1980 måtte ha for å kunne vere innehavar av ei forretning.

Bø Handelskule tok til i september og var ferdig i mars. I desse månadene måtte elevane gjennom obligatoriske fag som bokføring, handelsrekning, handelslære og handelsrett, norsk handelskorrespondanse og kontorarbeid. Som valfag kunne ein velje mellom maskinskriving eller engelsk handelskorrespondanse.

Før hausstudiet i 1961 blei det skrive følgande i ei telemarksavis:

«NY STYRAR VED BØ HANDELSSKULE. Skulen tek til att 1. september. Som tidlegare opplyst kan Bø Handelsskule ta til med nytt kurs 1. september i år etter at ein har vore så heldig å få ein kompetent styrar for skulen. Den nye styraren heiter Magnus Netland og er frå Sørlandet. Han har m.a. vore handelsskulelærar ved Uldals Handelsskole i Stavanger i 5 år og er kjent som ein svært energisk mann. Etter det formannen for Bø Handelsskule, Olav Fundlid, opplyser, har det alt kome fleire søknader til skulen og ein ventar å få fullt kurs».

Bildet nedanfor viser styrar Magnus Netland og dei 34 elevane som gjennomførte utdanninga i skuleåret 1961/62.

Den 24. april 1968 blei det vedteke av Telemark fylke at dei skulle overta drifta av skulen frå 1. august 1969. Dette blei godkjent av Kyrkje og Undervisningsdepartementet i skriv av 6. august 1969. Handelsskulen blei dermed nedlagt og Bø yrkesskule for handel og kontorarbeid starta opp. Yrkesskulen blei frå august 1978 slått saman med Bø gymnas. Frå 1994 blei utdanninga ein del av studieretninga for allmenne, økonomiske og administrative fag.




Utstillinggjenstandar

Bilda nedanfor er av gjenstandar utstilt i sommarutstillinga 2023 ved Bø Museum .

Share to