Fargefoto av Bø gamle kyrkje
Fargefoto av Bø gamle kyrkje Bø Museum Public domain mark (CC pdm)

Kistene under golvet i Bø gamle kyrkje

I samband med ei større restaurering og utgraving under golvet i gamlekyrkja i 1985, blei det avdekka i alt 28 kister. Dei eldste kistene var frå slutten av 1600-åra og den siste var sett ned i 1785. På grunn av tidspress vart 20 av kistene undersøkte, nokre få grundigare enn andre.

Dei arkeologiske utgravinga i 1985 avslørte dessutan at kyrkja var bygd på same stad som ei eldre trekyrkje hadde stått, ei såkalla stolpekyrkje. Det er lite ein veit om denne kyrkja, men det vart avdekt fleire graver frå den tida ho var i bruk. Det blei også funne graver frå før kyrkja blei bygd, truleg frå 1100-talet.

Rett under golvet fann ein dei 28 kistene frå 1600- og 1700-åra. Vi skal her sjå nærare på noko av det som blei funne.

Kistene med innhald var stort sett i god stand. Dei låg på eit underlag av grus og sand, og den tørre lufta hadde skapt gunstige høve for bevaring. Desverre hadde fleire av kistene vore opna gjennom åra, og innhaldet var rota om. Dette gjorde at det ikkje var like lett å identifisere personane i kistene. Omkring 1800 vart det, etter søknad frå major Mathias Andreas Rye på Nerbø, gjett løyve til «å reinse opp i kjellaren» på grunn av skjemmande lukt. Ein del av lika blei då fjerna og lagt i ei felles grav framfor kyrkjedøra. Det finst ikkje opplysningar om kven som vart fjerna.

Kven var dei så, desse som vart gravlagde under golvet kyrkja?

I all hovudsak var det prestane med koner og born som blei gravlagde her. I tidsrommet 1641-1785 har det vore seks prestar i Bø. Alle desse døydde i bygda, og vi må rekne med at dei er gravlagde her.

I tillegg blei også kyrkjeeigarar gravlagde her. Kyrkjene var kongeleg eigedom, men etter all krigføringa i 1600- og byrjinga av 1700-åra, var statskassa tom. Kongelege eigedomar vart selde, så også kyrkjene. Ulike eigarar sat med kyrkja i privat eige heilt fram til 1864 då ho vart seld til Bø kommune.

Kva inneheld så desse kistene som blei opna og registrert i 1985?

Den eldste daterte kista var ei barnekiste frå 1698. Den siste kista vart sett ned i 1785. 10 av dei registrerte kistene, var barnekister. Ein del av personane vart identifiserte, andre ikkje.

Her skal vi ikkje gå i detalj på kvar av dei 20 kistene som vart registrert, men sjå på innhaldet i fire av dei. Vi kallar dei her kiste 1,2,3 og 4.

Kiste 1.

Dette er ei barnegrav. Gut ½ - 1 år gamal. Kroppslengde ca. 58 cm. Kista er som dei aller fleste, svartmåla med ein innskoren kross. Kista har tidlegare vore opna, omrota og kroppen har vore teken ut. Guten ligg på eit underlag av høvelflis og planterestar. Av kleda er det berre restar att, men han har hatt ei drengeluve på hovudet. Ut frå forma på kista er grava truleg frå 1700-åra. Opplysningane ein fann tyder på at denne guten svært sannsynleg er Christian Gregarson Frambø, fødd 02.12.1763, død 18.06.1764. Han var son av Gregar Bø som eigde kyrkja i denne perioden.

Kiste 2.

Også ei barnegrav. Jente 6-7 år gamal. Lengde om lag 97 cm. Kista har ei brunleg marmorering. Botnen er sprekt og lokket fjerna. Barnet ligg på ryggen, utstrekt med folda hender. Tekstilane er svært omrota, og det er berre restar att. Dette er også ei kiste frå 1700-åra. Det er berre to kister som har denne brunlege marmoreringa. I den andre ligg to av barna til presten Jacob Achton, så det er nærliggjande å tru at denne jenta her er ei yngre syster. Jacob Achton døydde i 1726, og i skiftet etter han same år, er sju born oppførte som arvingar. Mellom dei, Johanne 7 år gamal. I 1727 har etterfølgjaren hans, presten Isak Muus, skive i ministerialboka: **24. Febr. Kast. Jord paa Johanne Jakobsdatter, min Foremands Hr. Jakob Acktons Daatter.

Kiste 3.

Kvinne, om lag 25 år gamal. Lengde ca. 155 cm. Svartmåla kiste med knust lokk. Hovudpute fylt med humle. Kvinna ligg på ryggen med hendene folda på magen. Ho har på seg ein serk med ein likkjortel på utsida. Kvinna kan ikkje identifiserast, men ho representerer utan tvil embetsstanden. Måten ho er kledd på samt ein del prydnad med kunstige blomar og kniplingar tyder på gravlegging i andre halvdel av 1700-åra.

Kiste 4.

Mann, truleg over 50 år. Lengde 176 cm. Kista er svartmåla. Mannen ligg med strake bein og hendene folda over magen. Han er kledd i ei skjorte og over denne ei likkjortel. På hovudet har mannen ein glatt, blond parykk. Det er Isak Pedersøn Muus som ligg i denne kista. Han var prest i Bø frå 1726 til han døydde i 1753. I ministerialboka står det: 1753. 7. Aug. om Eftermiddagen kl. 5.00 døde Hr. Isak Muus. 14. Aug. blev Sl: Hr. Isak Muuses Legeme sadt i Bøe Kirke. Det er, så langt det er mogeleg å kontrollere, einaste gongen det er nemnt at ein person er «sadt» i kyrkja.

I 1805 kom det ei lov som fjerna skikken med å gravlegge folk under kyrkjegolvet, men kistene som er omtalt her, ligg framleis under golvet i gamlekyrkja. Og dei som blei gravlagde her, skal framleis ha denne plassen som sin siste kvilestad.

Kjelda til denne artikkelen er boka «de sal: folches kisteklæder» i Bø gamle kyrkje. Graver frå 1600- og 1700-åra, av Ingebjørg Gravjord. Dersom nokon er interesserte i å lese meir om dette gravprosjektet, kan boka kjøpast på Bø museum.

Link til Bø museum sin nettbutikk

Share to