"Fra Askviknes barnehjem". Datering: 1900-1920. Kilde: MARCUS - Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen: https://marcus.uib.no/instance/photograph/ubb-bs-fol-00324-001.html
"Fra Askviknes barnehjem". Datering: 1900-1920. Kilde: MARCUS - Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen: https://marcus.uib.no/instance/photograph/ubb-bs-fol-00324-001.html Louis Anton Jacobsen

Dei reisande borna som skulle lære å bu: Om Misjonen sine barneheimar på Vestlandet

Opp gjennom historia har folk alltid hatt ei viss mistru til folkegrupper med andre levesett enn det som var vanleg i storsamfunnet. I Noreg har denne mistrua mellom anna vore retta mot romanifolket, som reiste rundt og handla og ikkje hadde fast bustad. Frå slutten av 1800-talet og utover var det ei auke i negative haldningar i samfunnet retta mot romanifolket, òg kalla dei reisande. På Vestlandet var det vanlegast å reise med båt. Denne delen av romanifolket vert kalla dei båtreisande.

Eit “vanleg” og stabilt levesett, med fast bustad og inntekt, vart sett på som sentralt for å kunne leve eit godt og moralsk liv. Romanifolket passa ikkje inn i dette verdsbiletet. For å få slutt på det reisande levesettet, retta presten Jakob Walnum, i spissen for Norsk misjon blant hjemløse, fokuset mot borna. “Misjonen” oppretta fleire barneheimar for born av reisande slekt, der dei ville lære dei å bli “flinke” til å bu og kutte banda deira til slekta og opphavet.

Misjonen tok i løpet av 1900-talet ein stor del av dei reisande borna dei visste om frå familiane sine. På Vestlandet vart det oppretta to barneheimar som romaniborn vart sendt til; Askviknes barnehjem i Bjørnafjorden (tidlegare Os) og Jacob Walnums barnehjem på Karmøy. I denne artikkelen vil eg sjå på kvifor desse barneheimane vart oppretta og haldningane som låg bak dette arbeidet, kva verdiar som stod i sentrum for dei og kva målet og konsekvensane var. Eg vil òg sjå på rolla deira i dag, som institusjonar og kulturminne for romanifolket.

Bakgrunn

Mot slutten av 1800-talet vart det auka fokus frå kyrkja og staten på romanifolket og det reisande levesettet deira, som gjekk imot dei verdiane som vart vektlagt i samfunnet på denne tida. Ein “god heim” og kristen tru vart sett på som naudsynt for god moral og deltaking i samfunnet. Mange såg på dei reisande som umoralske og ei byrde for samfunnet. Å vere utan fast bustad vart forbunde med åndelege og moralske manglar. Økonomisk velstand vart òg sett i samanheng med god moral, og dei fleste reisande var fattige. Det vart òg eit auka fokus på barndom i siste halvdel av 1800-talet. Oppveksten vart no sett på som ein viktig del av utviklinga, som skulle styrast med skulegang og god oppdraging. Det vart stilt større krav til foreldra, som skulle oppdra borna til å bli gode og lovlydige samfunnsborgarar. Livet som reisande vart sett på som umoralsk og ikkje i samsvar med det storsamfunnet meinte var til det beste for borna.

Ein av dei som var bekymra for måten romanifolket levde på var presten Jakob Walnum. Mot slutten av 1800-talet oppretta han ein barneheim for foreldrelause born i Sogn. Hit kom reisande forbi, men dei var ikkje velkomne inn. Likevel fekk synet av svoltne og fattige romaniborn han til å byrje å tenke på korleis han kunne gjere noko med dette levesettet, som han såg på som ueigna for borna og eit problem for samfunnet. I 1890-åra var det aukande debatt rundt romanifolket og Walnum kasta seg ivrig inn i denne debatten. Han ville fortsetje arbeidet Eilert Sundt hadde påbegynt nokre tiår tidlegare, med kristning og busetjing av dei reisande. For å oppnå endringar, meinte han at dei måtte rette fokuset mot borna. Han ville sende dei til barne- og fosterheimar, og slik oppdra dei “riktig”, og kutte banda til familien og den reisande kulturen. Her skulle dei lære seg å bu fast og leve etter storsamfunnet sine forventningar.

Målet hans var å utslette den reisande livsforma og assimilere romanifolket. Slik han såg det, var det reisande livet ein sjukdom, men romanifolket visste ikkje betre, og måtte reddast frå seg sjølve. Mottoet hans var “Berger du barna, berger du slekten!” Han meinte dei måtte “rykke det onde opp med roten” ved å fjerne borna frå den reisande kulturen. Totalt vart omtrent 1500 romaniborn tekne frå familiane sine mellom 1900 og 1970. Fram til 1953 vart omtrent tre fjerdedelar av desse tekne med heimel i Vergerådsloven. Misjonen var i drift til 1987. Nøyaktig tal på kor mange born som vart tekne er uvisst. Mange av borna såg aldri den biologiske familien sin igjen, eller fann tilbake til dei først i vaksen alder.

Born og tilsette på Jacob Walnums barnehjem i Kopervik. Ukjent år. https://foto.digitalarkivet.no/fotoweb/archives/5001-Historiske-foto/Indekserte%20bilder/PA%20793%209403_0939.tif.info Riksarkivet, ukjent fotograf Attribution (CC BY)

I 1897 grunnla Walnum Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet, som seinare vart omdøypt til Norsk misjon blant hjemløse, kalla Misjonen på folkemunne. I åra rundt 1900 kom Vergerådsloven (1896), ein tidleg form for barnevern som skulle ta born ut av uheldige oppvekstmiljø, og Løsgjengerloven (1900, trådde i kraft i 1907), som var retta mot busetjing av reisande. Med lovverket i ryggen gjekk Misjonen ivrig i gong med å prøve å utslette måten romanifolket hadde levd på i fleire hundre år. Den første barneheimen deira for reisande born opna på Askviknes i Os i 1900. I løpet av dei neste åra opna dei fleire barneheimar spreidd rundt i landet, og dreiv på det meste seks slike barneheimar, retta mot born av reisande. Jacob Walnums barneheim i Kopervik på Karmøy opna i 1921. Den siste barneheimen dei opna var Sørlandets barnehjem på Greipstad utanfor Kristiansand i 1929. I tillegg dreiv dei Svanviken arbeidskoloni frå 1908, der dei sendte heile familiar for at dei skulle lære seg å bli bufaste. Her truga dei med å ta borna frå foreldra om dei ikkje samarbeida. Lovverket var nokså opent når det kom til kva som var grunnlag for å ta eit born frå foreldra. Dei kunne ta borna om dei hadde vist oppførsel som var eller kunne komme til å bli “sedelig fordervet”. Det var ikkje nokon klar definisjon på kva slags forhold dette gjaldt. Likevel vart dette brukt som grunnlag til å ta born frå reisande foreldre utan anna grunnlag enn at dei ikkje hadde fast bustad.

Misjonen vart sett til å ta seg av den praktiske oppfølginga av Løsgjengerloven. Sjølv om mykje av kritikken mot dette arbeidet har vore retta mot Misjonen og Kyrkja, er det viktig å hugse at dette vart gjennomført med staten si støtte og, om ikkje lovverket direkte styrte alt som vart gjort, med staten sin kjennskap.

På Misjonen sine barneheimar var det sentralt at romaniborna skulle lære seg å bu. Dette var evner Misjonen meinte dei fullstendig mangla. Å bu i båt samsvarte ikkje med tankane om kva ein god heim skulle vere. Erfaringar frå livet i båt vart då ikkje heller rekna som erfaring med å bu. For å best mogleg forme borna sin oppførsel og synet deira på verda, skulle dei tas frå foreldra så tidleg som mogleg, før dei rakk å lære livsforma til foreldra. Misjonen sikta i dei fleste tilfella på å sende borna på barneheim når dei var mellom fire og seks år og ha dei der til dei var ti-tolv år. Etter dette skulle dei plasserast i fosterheim hos fastbuande. Dei skulle ha minst mogleg kontakt med sin biologiske familie. Mange av borna som vart sendt til barneheimar fekk beskjed om at foreldra var døde eller ikkje ville ha dei, eller dei fekk beskjed om at dei måtte halde avstand frå dei. Familiar som prøvde å få kontakt med borna sine fekk ofte dei same løgnene, om at borna var døde eller at dei hadde det bra utan dei, og at det ikkje var bra for dei å ha kontakt med familien. Brev kom ofte ikkje fram. I teorien kunne foreldra treffe borna to gonger i året, men barneheimane kunne bestemme at dei fekk treffe dei sjeldnare eller gje dei besøksforbod. Mange visste heller ikkje kvar borna deira var. Dei fleste foreldra som fekk borna tekne frå seg, såg dei aldri igjen. Misjonen ville sørgje for at borna ikkje gjekk tilbake til å leve som reisande, og skulte opphavet deira for dei om dei kunne. Mange vaks opp utan å vite noko om sin eigen kultur. Borna vaks i stor grad opp under forhold der dei vart vist lite kjærleik. Mange opplevde omsorgssvikt og overgrep.

Askviknes barnehjem

Askviknes barnehjem, eit stykke utanfor Bergen, var som sagt den første barneheimen Misjonen oppretta, i 1900. Her skulle det vere plass til 25 born. Helst ville dei få borna hit før dei var fire år, for at dei skulle hugse minst mogleg om familien og bakgrunnen sin. Ved folketeljinga i 1900, same år som barneheimen vart oppretta, finn ein oppført 17 born mellom to og åtte år på Askviknes, i tillegg til en tenestegut, to barnepiker, ei lærarinne, to diakonisser og ei kokke. Generalsekretæren i Omstreifermisjonen, Jakob Walnum, var også registrert som til stades ved barneheimen under denne folketeljinga. Ein finn ingen bestyrarinne oppført på dette tidspunktet. Folketeljinga i 1910 viser heile 37 born mellom to og femten år. Her er òg ei bestyrarinne, enkefru Astrid Heiberg, registrert.

Tvillingar som budde på Askviknes barnehjem. 1925-1927. https://foto.digitalarkivet.no/fotoweb/archives/5001-Historiske-foto/Indekserte%20bilder/PA-0793_9403_00013.tif.info Riksarkivet, ukjent fotograf Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Generalsekretær Walnum hadde gjort omfattande studiar av korleis ein behandla den omreisande livsstilen i andre land, og Askviknes vart drive etter mønster frå liknande institusjonar i Sveits. Det var stort sett ugifte, barnlause kvinner som leia drifta av barneheimane. Forfattaren Thor Gotaas skildrar det slik: «Walnum likte best å ansette ugifte, barnløse kvinner. De fulgte lydig hans tankegang og hamret budskapet inn i de små. Det var ingen idyll å bo på barnehjem i Norge, og også på Misjonens institusjoner tårnet problemene seg opp. Men vanskeligheter var å forvente; barna tilhørte jo romanifolket og bar på en forferdelig arv, ifølge bestyrerinnene.»

Foreldra visste ofte ikkje kvar borna deira var. Mange av borna, både her og på dei andre barneheimane til Misjonen, opplevde dårleg behandling og overgrep. Fleire prøvde å rømme for å finne tilbake til familien. Ofte har dei slite psykisk resten av livet på grunn av opplevingane dei hadde som born. Borna her opplevde mangel på omsorg og overgrep, inkludert seksuelle overgrep. I nyare tid har fleire historier om opplevingane på barneheimane kome fram, til dømes historia fortald av sonen til ein av dei som budde på Askviknes (“– Pappa skammet seg hele livet”, Bergensavisen, publisert 8. januar 2018).

Biletet viser to born som budde på Askviknes barnehjem. 1933. https://foto.digitalarkivet.no/fotoweb/archives/5001-Historiske-foto/Indekserte%20bilder/PA-0793_9403_01027.tif.info Riksarkivet, ukjent fotograf. Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)

Jacob Walnums barnehjem

Då fru skipsreiar Larsen frå Kopervik vart kretsstyremedlem i Norsk misjon blant hjemløse, ønska ho og mannen hennar å gje ei gåve til Misjonen. Dei meinte det var eit stort behov for tiltak på Sørvestlandet. Det vart beslutta at det skulle opprettast, ikkje ein ordinær barneheim, men eit ”optagelseshjem” for barn av heimslause. Meninga var altså å finne ein bustad som kunne vere ein midlertidig heim, før utplassering i fosterheim. ”Solstrand”, ein eigedom med ”prægtig vaaningshus og uthus og 10 maal jord” vart kjøpt og gjort i stand. Etter ein del ombygging vart heimen innvia i 1921. Heimen fekk namnet ”Jacob Walnums hjem”, for å heidre Jakob Walnum, som starta arbeidet. (Sjå sluttnote om namnet.)

Målet var at barneheimen skulle fungere som ein “vanleg” heim der borna skulle lære seg å bu, noko Misjonen meinte reisande born fullstendig mangla kunnskap om. Her skulle dei forberedast på eit liv som bufast. Barneheimen instruerte om god buskikk med symbolikk og overtydlegheit. Førestillingar om “den gode heim” var sentrale. Notat frå Anna Torgersen, sekretær i Haugesund omstreiferforening (?), skildrar korleis Misjonen såg på borna. Ho skildrar at ho følte "en inderlig takknemlighet over å få være med på å føre dem over fra nøden og elendigheten ind til kristendommens og samfunnets goder". Ved 10-årsjubileet til barneheimen i 1931 skriv ho: "Ja, i sannhed, hvem må ikke bli varm om hjertet ved å se disse små, som er flyttet over fra det elendige og nedbrytende liv fra landeveien til et godt hjem og står der så smilende og lykkelige". Om tre søsken under fem år som kom til Solstrand i 1936 har ho notert: "Hvad var det ikke for disse barn å få komme fra en kahytt om bord i ei skøite til et godt hjem og få blande seg med de øvrige barn på hjemmet." (“Fra en protokoll”, Stavanger Aftenblad, publisert 27. desember 2001.)

Born frå Jacob Walnums barnehjem på utflukt til Åkrasanden, på vestsida av Karmøy, 1924. Riksarkivet

Historiene til nokre av dei som kom hit er fortald i ulike intervju. To kvinner som vart intervjua av Haugesunds avis i 1995 ("Ble misbrukt og forrådt", artikkel i Haugesunds avis lørdag 25. mars 1995) og ein mann som vart intervjua i Stavanger Aftenblad i 2003 ("– Endelig ble vi trodd”, Stavanger Aftenblad, publisert 1. november 2003) fortalde om vanskelege oppvekstar på Jacob Walnums barnehjem, òg her med omsorgssvikt og overgrep. Born som vaks opp på begge barneheimane har slite med traumatiske minne frå oppveksten.

Stadene som kulturminne

Askviknes barnehjem var i drift fram til 1953, då Hordaland fylkeskommune overtok eigedommen. Staden var i drift i mange år som Askviknes Voksenpsykiatrisk Senter, med nytt hovudbygg ved sida av den gamle barneheimen. Riksantikvaren freda det tidlegare Askviknes barnehjem i 2012, og omtaler denne som “et sosialhistorisk viktig kulturminne om den statlig institusjonaliserte assimileringspolitikken overfor tatere/reisende.” Institusjonen vart lagt ned i 2012, og Os kommune tok over eigedommen. Det vert arbeida med vidare utvikling av staden. Barneheimsbygningen står framleis, men er ikkje i bruk. Ein episode i nettserien “Spøkelsesjakt” frå 2023 vart filma i den gamle barneheimen. Episoden jaktar på det overnaturlege, men òg ser på historia til bygningen.

Riksantikvaren freda det tidlegare Askviknes barnehjem i 2012, og omtaler denne som “et sosialhistorisk viktig kulturminne om den statlig institusjonaliserte assimileringspolitikken overfor tatere/reisende.”

Hovudbygget på Askviknes i 2021. Anna Tveit/Haugalandmuseet

Sjølv om bygninga er freda, er det likevel verdt å spørje kva denne bygningen betyr for romanifolket i dag. Det er eit kulturminne som fortel om historia til dei reisande, men dette er ei vanskeleg historie. Ønskjer dei med tilknyting til staden å bevare bygningen? Bør bygningen brukast til formidling av historia? Eller ønskjer folk som budde her å gløyme denne delen av historia? Finst det òg gode minne herifrå? Er det best om bygningen blir brukt til noko heilt anna? Med slike kompliserte kulturminne er det ikkje nokon fasit på korleis desse skal brukast og formidlast. Same kva som skjer, vil historia alltid vere ein del av staden.

I motsetnad til Askviknes barnehjem, står ikkje den gamle barneheimsbygningen i Kopervik i dag. I 1970 hadde bygningen og ideane drifta var basert på blitt utdaterte. Huset vart rive og erstatta med eit moderne bygg med nye funksjonar, som no skulle vere meir ein institusjon enn ein vanleg heim. Dei bytta då namn til Solstrand barnehjem. Misjonen vart i 1987 lagt ned og erstatta av Stiftelsen Kirkens Sosialtjeneste året etter. Denne endra namn til Stiftelsen CRUX i 2017.

Då Misjonen vart nedlagt, var det Kirkens Sosialtjeneste som tok over drifta av Solstrand. Staden vart då eit akutt- og korttidstilbod for born i Nord-Rogaland. Året etter fekk dei òg oppfølgingsansvar for beredskapsheimar. Det vart etablert ei foreldre- og barn-avdeling i 1992. I 2001 endra institusjonen namn til Solstrand barnevernsenter. Dette skulle no vere eit senter, ikkje ein heim, med fokus på tryggleik og omsorg. Institusjonen vert no drive av det som i dag er Stiftelsen CRUX. Sjølv om dei har heilt andre funksjonar enn Norsk misjon blant hjemløse hadde, er CRUX likevel ei direkte vidareføring av Misjonen og arbeidet deira. Drifta av Solstrand har òg ei direkte linje tilbake til tida då det var barneheim for romaniborn. Dei prøver i dag å vere bevisste på eigen fortid og ikkje skjule opphavet til institusjonen, men heller lære av den uretten som vart gjort. Staden har ei komplisert historie, og det er vanskeleg å vite kva ein skal gjere med den.

Born utanfor Jacob Walnums barnehjem, Kopervik på Karmøy, 1922. Riksarkivet

Sidan den opphavlege bygningen i dag er borte, er dette ein annan type kulturminne enn Askviknes. Staden og minna finst der, men ikkje sjølve strukturen. Det er òg ein institusjon på staden som er ei direkte vidareføring av den tidlegare drifta, men med nye funksjonar. Kva kjensler har reisande som budde her som born og etterkommarane deira om staden i dag? Truleg er det vanskeleg og komplisert for mange. Historiene som er referert til i denne artikkelen handlar om vonde minne. Sjølv om det kan finnast gode minne, er det mest det vonde og vanskelege som har kome fram i kjeldene eg har sett på. I stor grad er nok òg dette representativt for opplevingane borna hadde. Det kan ha vore lysglimt i kvardagen, men samstundes måtte dei vakse opp utan familie, med strenge rammer som styrte kven dei fekk lov til å vere.

Sidan bygningen er borte er det ikkje noko konkret kulturminne å ta vare på. Likevel fortel denne staden, på lik linje med Askviknes, ein vond, men viktig del av historia til romanifolket.

Barneheimane er kulturminne som fortel om historia til romanifolket, men dette er ei svært vanskeleg historie for mange. Likevel kan det vere reisande som òg har positive minne knytt til stadene. Det er uansett stader som fortel om ein viktig del av fortida til dei reisande. Same kva funksjonar stadene får i framtida, er det viktig å ikkje leggje skjul på kva dei var tidlegare.

Konklusjon

Jakob Walnum og Norsk misjon blant hjemløse stod for mykje av den uretten som vart gjort mot romanifolket i Noreg. Arbeidet deira, både med barneheimar og busetjing av familiar, står sentralt i forklaringa om kvifor dei aller fleste av reisande slekt no er bufaste, og at den tradisjonelle romanikulturen, med reising og handel mesteparten av året, så godt som er borte. Misjonen slo hardt ned på det reisande levesettet, og nådde i stor grad målet sitt med å utslette det reisande levesettet. Likevel finst det mange reisande i dag som er opptekne av å bevare kulturen sin og finne tilbake til det som er gått tapt. Auka aksept i samfunnet har ført til at fleire vågar å stå fram som reisande. Det finst framleis fordommar, men haldningane har endra seg mykje. I dag er det tydeleg for dei aller fleste at det er gjort ein stor urett mot romanifolket. I si samtid var Misjonen sine tankar breitt aksepterte. Det vart då sett på som eit arbeid til det beste for borna, med gode intensjonar.

I dag kan vi sjå kor negative konsekvensar dette hadde for borna og familiane deira. Tvangen og metodane til Misjonen er eit tydeleg overgrep mot romanifolket, sett med eit moderne blikk. Både Kyrkja og staten kom med offisielle unnskyldningar til romanifolket for dei overgrepa som vart gjort mot dei i åra 1998-2000. Barneheimane og dei andre tiltaka gjort mot dei er ei side av Noregs historie som mange ikkje kjenner til, og som gjerne ikkje stemmer overeins med folk sitt syn på Noreg som ein god og rettferdig stad å bu. Det kan vere sjokkerande å høyre at Misjonen dreiv med assimileringsarbeidet sitt heilt fram til 1987. Denne historia er mykje nærare enn mange trur. Mange reisande som lever i dag har opplevd å sjølve bli sendt til, eller har nær familie som budde på ein av Misjonen sine barneheimar. Storsamfunnet må vere bevisste på denne historia og konsekvensane dette har hatt for romanifolket. Vi må setje søkelys på denne uretten sjølv om det kan vere ubehageleg, og gjere det vi kan for å leggje til rette for at romanifolket skal kunne finne tilbake til det storsamfunnet tok frå dei og styrke forholdet til eigen kultur.

Sluttnote

Det er noko uklarheit rund om det heiter Jacob eller Jakob Walnums barnehjem . Dei fleste kjelder som omtaler barneheimen skriv “Jacob”, medan grunnleggjaren oftast omtalast som “Jakob”, sjølv om dette òg varierer i ulike kjelder. Det ser ut til at barneheimen og mannen sjølv truleg stava namnet ulikt.

Kjelder

Aftenbladet.no, “Fra en protokoll”, Stavanger Aftenblad, publisert 27. desember 2001. https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/RO3yO/fra-en-protokoll

Bruarøy, Kjetil Vasby, “Vil bygga omsorgsbustadar på Askvikneset”, Midtsiden, publisert 8. august 2019. https://www.midtsiden.no/vil-bygga-omsorgsbustadar-pa-askvikneset

Edna Olaug, Bergen Byarkiv, “Askviknes Barnehjem”, Oppslagsverket oVe. https://www.bergenbyarkiv.no/oppslagsverket/2007/12/13/askviknes-barnehjem/

Flatekvål, Kai og Linda Hilland, “– Pappa skammet seg hele livet”, Bergensavisen, publisert 8. januar 2018. https://www.ba.no/barna-som-ble-tatt/romanifolket/oslo/pappa-skammet-seg-hele-livet/f/5-8-720517

Glomdalsmuseet, “Barnehjem”, Latjo drom, sett 05.12.2023. https://latjodrom.glomdalsmuseet.no/motet-med-storsamfunnet/barnehjem

Gotaas, Thor, “Jakob Walnum”, frå bokverket Norsk biografisk leksikon, utgitt 1999–2005, https://nbl.snl.no/Jakob_Walnum

Hannisdal, Andreas, “Fant, tater eller omstreifer? Det norske samfunnets omtale av et omreisende folk”, Masteroppgave i historie - femårig lektorutdanning Veileder: Øyvind Thomassen Masteroppgave Mai 2021 https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2775811/no.ntnu%3Ainspera%3A80290154%3A12002565.pdf?sequence=1

Hansen, Sigmund, "Ble misbrukt og forrådt", artikkel i Haugesunds avis lørdag 25. mars 1995.

Indrebø, Hans Torgny, “Tater eller romani – eller Dei elendige si historie – eller Ei hårreisande historie”, *Sjå Jæren – Årbok for Jærmuseet 2000 *

IRMAS – International Roma Menneskerettighets & Antirasistisk Senter, «Solstrand barnehjem i Kopervik på Karmøy. – Noen historiske ord om Solstrand.» artikkel hentet fra nettside 25.01.2005. www.irmas.info/solstrand.htm

Kulturminnesøk, “Askviknes Voksenpsykiatrisk Senter, Humanitær institusjon”, sett 05.12.2023. https://www.kulturminnesok.no/kart/?q=&am-county=&lokenk=location&am-lok=&am-lokdating=&am-lokconservation=&am-enk=&am-enkdating=&am-enkconservation=&bm-county=&bm-municipality=&cp=1&bounds=60.17682214928575,5.381895303726196,60.17539748169955,5.38404107093811&zoom=18&id=148697

Madshus, Karin, “Barn ble kidnappet av den norske staten. Så startet marerittet”, publisert på vi.no 9. januar 2021, overført til kk.no. https://www.kk.no/helse/barn-ble-kidnappet-av-den-norske-staten-sa-startet-marerittet/73245250

NOU – Norges offentlige utredninger 2015: 7 Assimilering og motstand Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag https://www.regjeringen.no/contentassets/4298afb537254b48a6d350dba871d4ce/no/pdfs/nou201520150007000dddpdfs.pdf

Olsen, Kurt-Johnny, «Kirken ber taterne om tilgivelse», artikkel i Aftenposten, fredag 16. oktober 1998.

Pettersen, Karen-Sofie og Bjørn Hvinden «Den norske kirke, staten og taterne», artikkel i Aftenposten, 12.11.1998.

Riksantikvaren, “Romanifolkets / taternes kulturminner”, Riksantikvaren, publisert 9. mars 2021, sist endret 27. November 2023. https://www.riksantikvaren.no/kulturminner-kulturmiljo-og-kulturlandskap/nasjonale-minioriteters-kulturminner/tater-romani-kulturminner/

Risholm, Toril, "– Endelig ble vi trodd”, Stavanger Aftenblad, publisert 1. november 2003. https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/9o7Kq/endelig-ble-vi-trodd

Store norske leksikon, “Jakob Walnum”, sist oppdatert 1. august 2023, https://snl.no/Jakob_Walnum, sett 05.12.2023.

Svendal, Jan Petter, “Se hva de fant!”, NyttiOs.no, publisert 27. november 2023. https://lokalen.wordpress.com/2023/11/27/se-hva-de-fant/

Svendal, Jan Petter, “Slutt for Askviknes”, NyttiOs.no, publisert 30. september 2011. https://lokalen.wordpress.com/2011/09/30/kan-bli-utbygging-pa-askviknes/

Tranøy, Joar, «Et redningsarbeid i den kristne kjærlighets tjeneste – Korte innblikk i omstreifermisjonens barneredning». Arr – idéhistorisk tidsskrift 1-95

Vie, Grethe Paulsen, “De båtreisende - romanifolket som reiste sjøveien”, Fortellinger om kyst-Norge, 2013. https://www.kyst-norge.no/Dokmntr//Reisende.pdf

Order this image

Share to