Støl til Magistad, Vestre Slidre.
Støl til Magistad, Vestre Slidre. Ukjent / Valdres Folkemuseum

Fotosamlinga frå Vestre Slidre

Fotoavdelinga ved Valdres Folkemuseun

Øystein Berge, Vestre Slidre, kjører påsketuristar. Ukjent / Valdres Folkemuseum

Valdresmusea har si eiga fotoavdeling som består av ein fotoarkivar samt tre frivillige. Totalt forvaltar fotoavdelinga kring 150 000 bilete. Dei frivillige hjelper til med både skanning og registrering av fotoa me har. Museet får inn foto jamleg, anten som fysiske kopiar eller som digitale filar.

Vestre Slidre fotosamling

Digitaliseringa av Vestre Slidre Historielag si store samling av bilete er no fullført, og søkbar her på Digitalmuseum.no. Historielaget med Trond Hamre i spissen samla inn og avfotograferte ca. 3000 bilete rundt 1980. Sonen til Trond, Arne Hamre, digitaliserte seinare desse. Så var ynsket om biletebok frå Vestre Slidre sett fram i 2012, og skanning av andre bilete fram til om lag 1965 vart sett i gang. Alle forsamlingslokale i Vestre Slidre vart besøkt, og det kom inn omlag 1000 bilete til saman på desse møta. Bileteboka « Det var ein gong ... Vestre Slidre gjennom hundre år» kom ut i 2015 med omlag 450 bilete. For å få gjort dei resterande bileta tilgjengeleg for alle kontakta Vestre Slidre Historielag Valdres Folkemuseum på Fagernes. I 2019 tok dei imot heile samlinga, og har fram til januar 2024 arbeidd med registrering og publisering på Digitalmuseum.no. I tillegg til dei tilsette på fotoavdeliga på museet har fleire frivillige gjort eit godt arbeid for å få dette til. Håpar mange vil ha glede og nytte av å bruke Digitalmuseum.no for å finne bilete av slekt, gardsbilet og landskapsmotiv.

Budeiene på Kinnhølt. Snortheim, Nils A. / Valdres Folkemuseum

Share to