main article image
Natasha Bjørnste Reksten/Randsfjordmuseet

Sagstuen, ein husmannsplass frå Odnes

Husmannsplassen Sagstuen vart gjeve i gåve til Lands Museum i 1978 av Lars og Kristine Hagenborg. Husa vart tatt ned i 1980 og satt opp på museumstomta over ein to-års periode. Innviinga av huset var 22. august 1982. Husa stod opphavleg på plassen Sagstuen ved Kronborg-brua i Odnes, og høyrte til under Store Odnes gard.

Stua

Dette er ei typisk husmannstue med to rom, bygd ca. 1790. Utvendig er det ein svalgang. Den eine delen av svalgangen er innbygd, og den andre er open. Frå den opne svalgangen er inngangen rett inn i kjøkkenet. Kjøkkenet har ein open peis, sengeplass, bord, kjøkkenkrok, kjøkkenskåp, vaskestell og kiste til snekkerutstyr. I tillegg til kjøkkenet har vi finstua/kammerset.

På det meste veit vi at det budde åtte personer i dette vesle huset. Då var det tre generasjoner av familien pluss to elevar her. Det var finstua som vart leid ut. Dette rommet vart elles berre brukt til fint. Familien sov aldri i finstua, alle sov på kjøkkenet. På sommaren flytta dei vekk plankar i taket slik at ein kunne bruke hemsen til soveplass også. Men det var tydleg at utleie var ei kjærkommen inntekt sidan vi ser ut i frå folketeljingane at det stadig er fleire enn familien som bur i Sagstuen.

Stua vart rundt 1870 flytta høgare opp på plassen. Det vart då lagt nytt golv. Tømmeret var hogg i Store Odnes skog, frakta på skikjelke til ei sag i Fluberg, skåret der og frakta tilbake til plassen. Det vart plukka ut tømmer av hard og seintvoksande skog. Golvet holdt lenge, og det er framleis på plass i stua i dag.

Frå oppsettinga av husene på Lands Museum i 1980-1982.

Låven og fjøset

På veggen i låven står talet 1877 OS rissa inn og malt. Truleg det er når låven vart flytta, for ein meiner at låven og stua er bygd omtrent på same tid. Dei er lafta på same måte. Låven har ei spesielt dør, og historia fortel at denne døra opprinneleg skal ha vore på kornmagasinet på Prestgården i Fluberg som var revet rundt 1850. Døra er solid og har tydlege teikn etter ein kraftig lås.
Fjøset er bygd opp etter flyttinga og er i sinklaft. På sin opprinnelege plass stod låven og fjøset etter kvarandre på ei rekke med eit overbygg i mellom. På museet er dei lagt litt skrått mot kvarandre, framleis med eit overbygg som knyt dei saman. Låven og fjøset har flistak. Det er lavt under taket her og ein kan ikkje stå oppreist. Moderne kuraser kjem ikkje inn, men tidlegare hadde dei både kyr og sauer her.

Folket på Sagstuen

Ole Olsen og Anne Syverdatter Sagstuen, Kristine med Anton på fanget og Andreas Hagenborg utan for Sagstuen 1912 Lands Museum

Plassen Sagstuen låg under garden Store Odnes og første brukarar på Sagstuen var Johannes Bjørnson saman med kona Marthe. Det var dei som rydda plassen og bygde opp stua rundt 1790. Johannes var født i 1757 og var son av Bjørn Pedersen frå Homb og Anne Endresdatter Råumseie. Sonen til Johannes og Marthe, Ole Johannessen Sagstuen var neste bruker. Han var gift med Anne Eriksdatter. Dei hadde tre born saman, Ole Andreas, Hans og Johanne Marie. Ole var tømmermann og snekker. Det finns mykje verktøy etter han merket OJSS. Historier fortel at Ole må ha vore ein ivrig ulvejeger, og han skal ha skutt ein ulv frå vindauget i stua i Sagstuen. Han var iallfall både i 1824 og 1826 i retten for å vise fram skinnet av ulv han hadde tatt.

Ole Johannesen dør i 1859 og eldstesonen Ole Andreas overtar plassen. Hans kone heiter også Anne. Anne Syverdatter Urberg frå Valdres. Ho jobba på Store Odnes som tenestejente kor ho trefte husmannen Ole og gifta seg til Sagstuen. Så i folketeljinga 1865 finn vi husmannen Ole, 40 år, på Sagstuen saman med si kone Anne, 33 år, og borna Anthon 8 år, Alethe 6 år og Sofie 1 år. I tillegg budde mor til Ole der som føderådskone. Dei hadde også dyr; 2 kyr, 3 sauer og 4 geiter. Dei sådde både rug, bygg, erter, blandkorn og sette poteter.

Ole var ein allsidig kar, av fag var han tømrar og snekkar som sin far, men hadde nokon ei vond tann var det til Sagstuen dei drog, og Ole kunne hjelpe til med å trekke den ut. Trengte nokon å få lest opp eller skrevet eit brev kunne dei også komme hit. Både Anne og Ole kunne lese, men berre Ole kunne skrive. Noko han gjorde for fleire.

I ei notatbok etter Peder Erik Aadnes, der han har samla inn opplysningar frå sine husmenn oppgjeve Ole at han fekk feste på plassen mot ei årlig avgift på fire Speciedaler og arbeidsplikt.

Arbeidsplikten er opplyst slik: Arbeidspliktig til enhver Tid efter en Pris af 6 – sex –Skilling pr. Dag om Vinteren, 8 – otte –Skilling pr. Dag om Sommeren udenfor Aannetiderne, 12- tolv-Skilling pr Dag i Staataannen og 16 –sexten –Skilling pr. Dag i Skuraannen eller pr. Skurmaal.

Ingen av borna til Ole og Anne busette seg på Sagstuen. Det vart barnebarnet Kristine og mann hennar Andreas Hagenborg som vart neste brukarar av plassen. Mor til Kristine, Alethe døde når Kristine berre var 1 ½ år gamal, og faren også vart alvorleg sjuk. Derfor vokse Kristine opp saman med besteforeldra på Sagstuen. Ole dør i 1912 og Anne i 1913. Husmannsvesenet er i endring, og Ole er den siste husmannen på plassen som har arbeidsplikt. Ved Annes død kjøper Andreas ut husene frå eieren på Store Odnes. Dei betalte framleis leie for plassen.

På ei kvittering som er tatt vare på står det: D.D. modtaget af Andreas Hagenborg Kr. 400 fire hundrede Kroner, som utløs mig for husene i Sagstuen. Hvorved disse biver hans eiendom P. E Aadnes Odnes den 3/6 1913

Kristine og Andreas fekk to søner. Anton og Lars. Anton dør berre 26 år gamal. Lars giftet seg i 1943 med Kristina Brenden og dei fekk sonen Ivar i 1944. Dei budde i stua på Sagstuen i eit år. Ivar var då sjuande generasjon som hadde budd på Sagstuen. Kristine dør i 1955, og Andreas bur då aleine i stua fram til 1972. Han stortrivest der. I 1972 flyttet han til sjukeheimen Hovli og dør 1978.

Gjenstander frå Sagstuen

Kjelder

  • Tekst skrevet av Olav Hellerud og Lars Sagstuen, 1979; Om de som bygde og bodde i Sagstuen.
  • www.digitalarkivet.no
  • Lands Museums arkiv.
  • Boka om Land, Bind V, Fluberg.

Order this image

Share to