Huset [Maleri]
Huset [Maleri] Gjesme, Hans

Hus hjå Hans Gjesme

Sommaren 2019 tok vi eit djupt dykk i samlinga etter Hans Gjesme (1904-1994), for å sjå korleis han skildra hus dei stadane han budde gjennom eit langt liv. Vi fekk ramma inn eit titals bilete som vart synt fram for første gong. Når ein ser gjennom bileta av hus, kjem det raskt for ein dag at hovudmotivet var heimgarden Uppigarden på Voll i Lærdal, og særleg den delen av tunet som var hans revir; kårhuset, stabburet, vedahuset og frukthagen. Den tidlegaste daterte skildringa av Voll er frå 1917. Då var Hans Gjesme 13 år. Om ein vitjar tunet i Uppigarden, slår det ein at Gjesme ikkje gjekk mange metrane frå husveggen før han sette ned staffeliet og byrja å måle. Han måla Lærdalslandskap med utgangspunkt i husa i tunet, i alle himmelretningar. Favorittvinkelen hans var mot fjellet Hynjahovden som «stengjer» Lærdalen mot aust. Dette motivet skildra han ofte; både frå bakkenivå og frå det austvende rommet i andre etasje i huset sitt. Husa er ikkje alltid skildra i sin heilskap, men er ofte med i ytterkanten av bileta, anten for å skape ein målestokk i landskapet, eller omvendt; landskapet vert ein kontekst for husa. Nokre av bileta av kårhuset kan sjåast som «portrett» av heimen. I desse er heile huset skildra frå nordaust mot sørvest eller nordvest mot søraust slik at ein ser huset i «halvprofil». Nokre av dei er lyse og detaljerte og syner ein velstelt heim med rik blomsterflor rundt. Andre, seinare bilete av kårhuset er meir utflytande og symbolladde. Dei er frå tida etter 1971 då Gjesme kom att frå det lange opphaldet ved Gaustad sjukehus. Det flotte og høgreiste hovudhuset med to fulle etasjar, er òg ofte med i måleria frå Uppigarden. På Skigrov, oppe på Tynjaåsen bygde Hans, faren og antakeleg broren Olav opp ei lita steinhytte i tuftene etter ein støl som hadde lagt der. I følgje dei som kjende Gjesme vart dette «slottet» hans, og ein kan sjå i Gjesmesamlinga at han skildra den vesle steinbua både i måleri og etsing. Hans Gjesme var oppteken av hus og arkitektur òg andre stader han vitja og budde. Vi finn skildringar av Borgund Stavkyrkje, andre tun i Lærdal, faren sin heimgard i Flåm, antakeleg bakgarden der han budde på hybel på Kampen i Kristiania i 1923, utsikta mot gata frå Hôtel Isis i Latinerkvarteret i Paris i 1925, utsikta frå Mundal hotell mot grenda i Fjærland i 1926, gamle hus og kyrkja på Røros i 1948, ymse hus og gardar på Austlandet, ulike utsyn over Oslo by, og av dei ulike bygningane ved Gaustad sjukehus i perioden 1955 til 1971.

Mot nord

I dei nordvende bileta er utsynet mot Nerigarden på Voll og fjellet Kvitaberg i bakgrunnen. Det skjedde ein del forandringar i tunet på Voll under utskiftingane som var ferdige i 1959. Dei som budde i Sjurstova eller på «Midvoll» i midten, måtte flytte ut av tunet. Det vesle kvite huset med dei to grøne dørene som er med i fleire av måleria, vart reve, antakeleg etter at storebroren Olav Gjesme døde i 1970. Stabburet til Gjesmefamilien er ofte med, og nokre gonger òg det gamle kvernhuset til Uppigarden som står om lag 150 m sør for tunet.

Utsyn frå tunet på Voll mot Kvitaberg [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn nordover frå Voll mot Kvitaberg [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn nordover frå Gjesme sitt hus, med faren i tunet [Maleri] Gjesme, Hans

Mot aust

Favorittvinkelen til Gjesme frå Uppigarden var mot fjellet Hynjahovden som «stengjer» Lærdalen mot aust. Dette motivet skildrar han ofte; både frå bakkenivå og frå det austvende rommet i andre etasje i huset sitt. Her hadde han sett inn eit takvindauge mot nord etter at han kom heim frå studiane i Kristiania og Paris i 1925. Det ga han meir dagslys ovanfrå når han sto og måla utsikten framfor vindauget mot aust. Takvindauget vart tetta att etter at Gjesme kom att frå Gaustad i 1971.

I dei austvende bileta er eit lite gult hus i nabotunet alltid med. Det er eit viktig kompositorisk element i bileta, og syner den mektige naturen i Lærdal i forhold til dei små menneska som bur der. Gjesme skildrar dette utsynet til fleire årstider, og både om morgonen, med ei skarp, klar sol midt i mot og om kvelden, med sola frå vest som lyser opp Hynjahovden. Han lagde òg ein nydeleg akvarell av same utsyn måla om natta i måneskin.

Interiør [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn frå Voll austover mot Hynjahovden [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn austover frå Voll, vinter [Maleri] Gjesme, Hans
Fullmåne i aust [Akvarell] Gjesme, Hans
Solskinnsdag [Maleri] Gjesme, Hans

Mot søraust

Husa i tunet er ikkje alltid skildra i sin heilskap, men er ofte med i ytterkanten av bileta, anten for å skape ein målestokk og ramme for landskapet, eller omvendt; landskapet vert ein kontekst for husa.

Her ser vi utsynet mot søraust, mot Råken, Bøahovden og Kaldras. Gjesme har måla motivet både med formiddagssola midt i mot og med kveldssol frå vest øvst i fjella. Under fjellet ser vi tuna på Grøte. Mellom husa til Gjesme er det antakeleg tanta Brita Voll (1864-1945) vi ser. Ho tok over hushaldet for Gjesmefamilien etter at søstra hennar Elsa (1868-1905), mor til Hans Gjesme, døydde då han var eitt år gamal.

Utsyn frå Gjesme sitt tun mot søraust i kveldssol [Maleri] Gjesme, Hans
Kveldssol [Maleri] Gjesme, Hans
Frå Gjesme sitt tun i Uppigarden på Voll [Maleri] Gjesme, Hans

Mot sør

Kårhuset til bruk nr. 1 på Voll, nemnd som nystue i eit brev frå 1863, var Gjesme sin heim frå han vart fødd. Mor hans, Elsa Voll (1868-1905), var dotter i hovudhuset på Voll og gift med Knut Gjesme (1861-1949) frå Flåm. Broren Olav var 5 år eldre enn Hans, og dei hadde ei søster som heitte Guri. Ho døydde berre 3 år gamal, same året som Hans vart fødd. Då Elsa døydde året etter, vart Knut aleine med sonene på eitt og seks år. I 1907 tok søstra til Elsa, Brita (1864-1945), over eigarskapen til og hushaldet i kårhuset. To dødsfall i den vesle familien på to år må ha vore særs tøft for dei som var att. Knut var lærar og brukte i tillegg kåreigedommen «Grovaåkeren» til bærdyrking. Han selde bær og saft. «Grovaåkeren» har sidan heitt «Gjesmehagen». Hans var med i bærplukkinga, men hadde elles hus, mat og utstyr hos faren. Knut Gjesme betalte òg for studietida i Kristiania og studiereisa til Paris.

Nokre av skildringane av kårhuset kan sjåast som «portrett» av heimen. I desse er heile huset skildra frå nordaust mot sørvest eller nordvest mot søraust slik at ein ser huset i «halvprofil». Nokre av dei er lyse, fargerike og detaljerte og syner ein velstelt heim med rik blomsterflor rundt. Andre, seinare bilete av kårhuset er meir utflytande og symbolladde. Dei er frå tida etter 1971, då Gjesme kom att frå det lange opphaldet ved Gaustad sjukehus og strevde med skjelvingar som gjorde det vanskeleg å måle.

Gjesme hadde eit atelier søraust for grova ved huset som naboen Vegard Voll og barndomsvenen Karl Sanden var med og bygde på 1940-talet. Det var eit firkanta rom på ca. 30m2. Medan Gjesme var på Gaustad byrja det å forfalle og det lak inn vatn. Noko av det første han gjorde då han kom heim i 1971 var å rydde ting frå atelieret og inn i kårhuset, men mange verk var øydelagde. Atelieret vart reve kring 1990. Vi har ikkje klart å finne landskapsskildringar kor det er med, så det kan hende at Gjesme såg på det som eit framandelement i tunet.

Vårdag [Maleri] Gjesme, Hans
Huset [Maleri] Gjesme, Hans
Huset [Maleri] Gjesme, Hans
Huset [Akvarell] Gjesme, Hans

Det flotte og høgreiste hovudhuset med to fulle etasjar, er ofte med i måleria frå Uppigarden. Det var opphavleg bygt av Hans Lem som hovudhus på Frønningen gods i 1745. Anders Person Eri Voll kjøpte huset der det stod, reiv det ned, rodde det til Lærdalsøyri, fekk det frakta til gards og sett opp på Voll om lag 1900. Huset var altso nytt i tunet då Gjesme vart fødd.

I dei sørvende skildringane til Gjesme ser vi ofte hovudhuset, Tynjaåsen og munningen til Tynjadalen i bakgrunnen. Dei sistnemnde var inngangsportalar til Gjesme sine kjæraste motiv; Tynjadalen med sine støylsvollar og ulike fjellformasjonar, utsynet frå Tynjaåsen mot Lærdalen og området kring Skigrov. Voll hadde vår- og hauststøl i Tynjadalen i sameige med dei andre bruka i grenda. Fjellstøylen deira var på Breisete øvst i nabodalen Erdal, vest for Skigrov, også i sameige. Stølsdrifta på dette bruket tok slutt om lag 1930.

Uppigarden mot Tynjaåsen [Maleri] Gjesme, Hans
Aprildag [Maleri] Gjesme, Hans

Mot vest

Utsynet frå vestover frå Voll er litt sjeldnare blant motiva, kanskje av di driftsbygningen frå 1920 «stengjer» mot landskapet den vegen. I 1965 vart denne òg utvida. Vi ser at i nokre tilfelle har Gjesme gått austover frå tunet for å skildre heile garden eller berre hovudhuset mot vest. I eit par av bileta skildrar han òg driftsbygningane på nært hald.

Haustkveld [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn vestover frå kårhuset på Uppigarden på Voll [Maleri] Gjesme, Hans
Utsyn vestover frå tunet på Uppigarden på Voll [Maleri] Gjesme, Hans

Skigrov (1240 moh)

På Skigrov, oppe på Tynjaåsen bygde Hans, faren og antakeleg broren Olav på midten av 1920-talet opp ei lita steinhytte i tuftene etter ein støyl som hadde lagt der. I minneordet til Gjesme skreiv Jens Hauge: «Ei lita steinbu høgt til fjells vart slotten hans. Dit for han òg i tankane etter at han ikkje lenger makta å gå den bratte vegen.»

Ein kan sjå i Gjesmesamlinga at han skildra den vesle steinbua både i måleri, etsing og akvarell, i tillegg til mange andre ulike utsyn frå høgfjellet. Før han vart lagt inn på Gaustad var han oppe på Skigrov så ofte han kunne. På den 5 timer lange turen opp Tynjaåsen hadde han med seg målesaker og proviant, slik at han kunne vere der opp til ei veke om gongen og gå i fjellet. Gevær måtte han òg ha med for å skyte rype, men òg grunna eit bjørnetrekk i området. I 1928 vart det skutt ein bjørn i Tynjadalen.

I 1994 konstaterte ordføraren at «Hytta er ikkje i sin beste stand og kan trengja litt restaurering …» Det førte til at steinhytta og stien opp dit vart restaurert på dugnad av entusiastar i bygda, med økonomisk støtte frå kommunen. Vegard Voll rydda den attgrodde stien, medan kulturetaten og Oddkjell Bosheim skilta 16 gamle stadnamn langs stien. I 1996 vart den restaurerte stølsvegen til Skigrov innvigd. Det vart òg laga eit eige hefte om stien og stadnamna. I 2019 kan vi sjå at Skigrov framleis er eit mykje nytta turmål og at stølsvegen dit ligg som turforslag på ut.no.

Steinhytta på fjellet [Maleri] Gjesme, Hans
Steinhytta på Skigrov [Grafikk] Gjesme, Hans

Lauvane (1485 moh)

Ruinane på støylsvollen Lauvane er motiv i fleire av Gjesme sine måleri og teikningar. Den er den høgast liggande støylstufta i Lærdal kommune og ligg i høgfjellet søraust for Voll. Den høyrer til nabogarden Grøtte og var i bruk fram til 1904. I måleriet gjev Gjesme oss ei litt romantisk skildring av støylen med den draktkledde kvinna i høgre biletkant, medan Gjesme skildrar den meir sakleg og enkelt i teikningane.

Det er skrive ned eit segn om Lauvanestøylane: «Tussen som drakk av butten (Lærdal) Bestemor såg ofte både bjørn og huldrer. Huldrekyrne var blå og hadde ikkje rove. I stølsbua var eit lite rom som dei kalla mjølkerommet. Her låg osten og mognast. Den tid hadde dei ikkje seperator. Men mjølka stod i store, vide trekar. Så tok dei av fløyten, syrna han og kinna smør. Av skummamjølka laga dei kvitost og av mysa kokte dei prim og brunost. Ein dag opna ho døra til mjølkrommet, og der stod ein liten huldrekall i blå vest og drakk luvedrykk av mjølka.»

Gamal støl [Maleri] Gjesme, Hans
Lauvane [Maleri] Gjesme, Hans
Lauvadn [Tegning] Gjesme, Hans
Lauvadn [Tegning] Gjesme, Hans

Kristiania

Tidleg på 1920-talet gjekk Gjesme på Pola Gauguin (1883-1961) sin målarskule i Stortingsgata 20 i Kristiania, som han dreiv frå 1917 til 1924. Dei var 9-10 studentar, fleire av dei kvinner. Gauguin skreiv til Knut Gjesme om sonen si utvikling: «Hans Gjesme har vært min elev i sæsongen 20-21, da han kom til mig ung og kunstnerisk helt umoden og nu i sæsongen 22-23. Jeg har saaledes haat lejlighet til at se hvorledes hans talent har utviklet sig. Og det er baade med og overraskelse og glæde at jeg har vært vidne til det alvor og den energi som Gjesme har lagt i sit arbeide og den raske utvikling hans talent har hat. Baade hans talent og hans kunstneriske vilje er av saa stor interesse, at det vilde være baade ret og rigtig at han fik anledning til et mere omfattende studium av kunsten. Jeg mener her særlig ved en studierejse til utlandet. Frankrige eller Italien.»

I studietida hos Gauguin budde Gjesme på hybel på Kampen. Kampen var ein trehusforstad som vaks fram etter 1859. I 1878 vart den ein del av Kristiania. Året etter brende ein del av trehus-busetnaden, og vart erstatta av murgardar. Gamle trehus utgjer likevel ein stor og karakteristisk del av busetnaden på Kampen. På 1920-tallet var det så mange kommunistar som budde på Kampen, at staden fekk kallenamnet «Petrograd».

Kanskje er denne vesle skissa frå den bakgarden Gjesme budde i? Eller er den frå enda eldre delar av hovudstaden? Varsamt skildrar han eit lite barn framfor skeive gamle trehus med valma tak og bindingsverk. Ein høg og stor stige bak barnet fangar blikket vårt og vert eit slags uromoment i biletet.

Gardsrom Oslo [Tegning] Gjesme, Hans

Paris

I Norsk Kunsthistorie skriv Gunnar Danbolt om dei unge norske kunstnarane etter første verdskrigen: «Dersom dei ønskte å utvikle seg som kunstnarar, hadde dei ikkje andre alternativ enn å reise ut. Det innebar på den tida berre éin ting: Paris.» I midten av februar 1925 reiste difor Gjesme dit, til liks med mange andre. Dei første to månadene gjekk han for det meste og kikka i Louvre og andre museum. Han skrytte av all den gode, gamle kunsten, men virka skuffa over at det ikkje var noko særlig nyare fransk kunst utstilt. Han skreiv mange gonger at han ikkje fekk måla noko særleg, og at han sakna å ha eit atelier. Det verkar òg som han sakna å måle utandørs, men etterkvart slo han seg til ro med at det kunne han gjere når han kom heim.

Skule hadde han ikkje lyst å byrje på, sidan han såg føre seg at lokala var tronge, og ikkje hadde han lyst til å bli fortald korleis han skulle måle. Likevel byrja han på André Lhote (1885–1962) sin målarskule l’Académie de Montparnasse i slutten av april. Lhote var sjølvlærd og måla, som Gjesme seinare, alt frå portrett og stilleben, til mytologiske motiv og scenar frå kvardagslivet. Han var påverka av Cezanne, og arbeidde med eit kubistisk formspråk der motivet ved hjelp av lokalfargar og kraftige konturar var oppdelt i halvgeometriske felt, som overlappa kvarandre og skapte rom. Gjesme teikna og måla akt på akademiet frå ni til fire kvar dag, i lag med m.a. tre andre norske elevar. Han trivdes godt og skreiv til faren at Lhôte var ein av dei beste lærarane i Paris.

Gjesme budde på Hotel Studia og på Hotel Isis i Latinerkvarteret sør for Seinen. I Gjesmesamlinga har vi funne dette nydelege byprospektet i pastell. Motivet og stempla på baksida av arket;"Papier velours pour le Pastel" og "Fournitures Générales pour le dessin G. ROYER, PARIS 54, Rue de Seine", tyder på at pastellen er teikna frå Hotel Isis og ut mot gata i Paris i 1925. Pastellen er i so fall eit av få verk vi kan stadfeste til Paris. Det kan ha samanheng med det Gjesme skreiv til faren: ”Det skal bli bra å koma heimatt å få byrja å gjere noko, for her vert det ikkje so mykje, eg har måla det eine etter det andre på eitt lerett. Men det har forresten ikkje so mykje å sei om eg ikkje får gjort noko større, berre eg lærer noko.”

Utsyn frå hotell, Paris [Pastell] Gjesme, Hans

Fjærland

Våren 1926 fekk Gjesme sin far, Knut, eit brev frå Olaus Dahle (1847-1939): ”Jau det har seg so, at kona mi er i Bergen (3 av døtrene mine og) og der haa dei vore sta aa set vestlandsmaalarane sitt kunstsjaa. Kona mi let vel yver bileti som son din hev maala. Og so skriv ho: ”No maa du skriva til Gjesme og be han telja son sin til aa ta ein tur til Fjærland aa maala.” Det er det som er erendi mi med dette brevet. Her er nok av motiv aa finna. […] Ja, ja me pla ha god plass fyrstande paa sumaren og me skal koma av det med prisen.”

Olaus var direktør for Hotell Mundal i Fjærland som han hadde bygd i lag med kona Brita (1860-1936) og svigerbrørne Mikkel, Per og Johannes Mundal i 1891. Olaus hadde vore lærar i Lærdal og Brita var biletvevar og hadde gått på kurs i biletvev hos Randi Blehr der i 1889. Arkitekten bak Hotell Mundal var Peter Andreas Blix (1831-1901) som og har teikna Fleischer’s hotell på Voss. Hotellet er bygt i sveitserstil og er mellom anna utstyrt med eit staseleg verandabygg i det eine hjørnet. Hotellet vart i 1938 overteke av son til Olaus, Sigurd Dahle (-1957). Under krigen måtte han arbeide som kraftingeniør i Øvre Årdal, då det var vanskeleg å drive hotell.

Eit brev frå september 1926 , og fleire portrett og landskap i Gjesmesamlinga, fortel oss at Gjesme reiste til Fjærland den sommaren. Seinare brevveksling syner at Gjesme heldt kontakt med familien Dahle i mange år. I denne sarte akvarellen har Gjesme skildra bygda Fjærland nordover mot Flatbreen, sett frå eit vindauge på hotellet. Litt av det staselege tårnet rammar inn motivet til venstre og eit tre gjer det same til høgre. Utsnittet er uvanleg og er med på å skape stor djupne i biletet frå nær til fjern.

Utsyn frå Hotell Mundal, Fjærland [Akvarell] Gjesme, Hans

Tønjum kyrkje

Denne skildringa av Tønjum kyrkje, er eit av Gjesme sine største og flottaste måleri, men vart likevel ikkje spent opp på blindramme og ramma inn før etter han var død.

Kyrkja er frå 1832 og er soknekyrkje for Tønjum sokn og hovudkyrkje i Lærdal prestegjeld. Kyrkja ligg om lag 600 meter frå Voll gard og Gjesme har teke turen opp på haugen vest for kyrkja for å få eit godt utsyn over kyrkja, delar av gardstunet på Tønjum og dalføret austover med Hynjahovden i enden. Noko som ser ut som tvillingar i framgrunnen, og eit menneske på vegen gjennom tunet, er med på å gje oss ei kjensle av perspektiv og storleik. Det er sommar og sola står på i frå sør og skapar skarpe skuggar i biletet. Det er antakeleg ein søndag i kyrkjetida Gjesme skildrar, då vi kan sjå folk innanfor gjerdet på veg inn i kyrkja.

Tønjum kyrkje [Maleri] Gjesme, Hans

Røros

I september 1948 reiste Gjesme på ein studietur til Røros. Røros bergstad vart anlagt i 1646 og mykje av det gamle preget var framleis intakt av di Riksantikvaren frå 1920-talet av arbeidde med å ta vare på sentrale delar av bymiljøet. No er heile bykjernen med barokkkyrkja «Bergstadens Ziir» frå 1784 og slagghaugane verna, og i 1980 kom Bergstaden med på UNESCO si verdsarvsliste. Ikkje rart at Røros var ein stad Gjesme ønskte å sjå med eigne auge.

Gjennom brev til faren får vi innblikk i kva han tenkte: «Ja no er eg her på Røros. […] I dag har eg rusla rundt og sett meg om, og det er ein interessant liten by, med masse gamle hus. Kyrkja er ein praktbygning. Gjennom byen renn ei elv, og her er svere slagghaugar, som dei har smelta malmen or, smeltehytta viser til høgre på biletet. Omlandet er noko flatt, med åsar langt borte, so soli glar ikkje før i 7 tidi, og det er fint ver her no» . I eit seinare brev fortel han at det ikkje berre er han som er der i kunstnarleg ærend: «Det har vore mange målarar her i sommar, so Røros er vist i skotet» .

I Gjesmesamlinga finn vi mange skildringar frå Rørosopphaldet både i måleri, kolstift og fargestift. Ein kan sjå at Gjesme har vandra rundt for å observere det gamle bymiljøet frå ulike vinklar, men kyrkja er alltid med, sjølv i skissa kor han har flytta seg lenger opp og bort frå sentrum synast kyrkja og ei pipe så vidt over ein slagghaug.

Frå Røros [Maleri] Gjesme, Hans
Røros kirke [Maleri] Gjesme, Hans
Røros kirke [Tegning] Gjesme, Hans
Røros [Tegning] Gjesme, Hans
Byprospekt Røros [Tegning] Gjesme, Hans
Røros kyrkje, bergverket og slagghaugar [Tegning] Gjesme, Hans

Gaustad

Hans Gjesme vart lagt inn på Gaustad sjukehus i Oslo i 1955 grunna psykisk sjukdom. Han vart ikkje skriven ut att før i 1971, men etter dei første vanskelege åra var han frisk nok til at han fekk komme og gå som han ville. Han måla, vitja slekt og vener på Austlandet og gjekk på utstillingar.

Arkitekturen på Gaustad er imponerande og har tydelegvis gjort eit sterkt inntrykk òg på Gjesme. Sjukehuset opna i 1855 som Noregs første sinnsykeasyl og var planlagt etter modell av utanlandske institusjonar. Bygningskomplekset vart teikna av arkitekt Heinrich Ernst Schirmer og er rekna som eit av dei viktigaste arkitektoniske arbeida i Noreg på 1800-talet. Det var det første i Norge ført opp i upussa tegl og var sett saman av seks pasientfløyer og andre bygningar som fyrhus og forvaltarbustad, gruppert omkring den store portbygningen med det karakteristiske tårnet.

I eit intervju i 1991 sa Gjesme: «Heile tida budde eg på eit tremanns-rom i lag med to andre. Det var kjekke karar og eg fekk stå på badet og måle». Pasientbygningane var delt inn etter kjønn, betalingsevne og mental tilstand. Gjesme skildra portbygningen frå fleire vinklar, fyrhuset, forvaltarbustaden, den spesielle fasaden på pasientbygningane, parken og utsikta frå rommet med eit tre framfor enden på nabopasientbygningen gjennom alle årstidene. Nokre av motiva frå Austlandet er antakeleg òg frå nærområdet kring Gaustad. Sjukehuset låg landleg til på 1950-talet, og både Vestre Sogn gartneri og Solvang kolonihage låg eit steinkast unna.

Haust Gaustad sjukehus [Maleri] Gjesme, Hans
Hus om natten [Maleri] Gjesme, Hans
Drivhuset og åkrane på Gaustad [Maleri] Gjesme, Hans

Kjelder

  • Om forholda på Voll, takvindauget og atelieret: Intervju med Vegard Voll av Herman Starheimsæter, 19. juni 2003.
  • Informasjon om Voll frå Alfred Espe og Kåre Hovland, Lærdal bygdebok III Heim og ætt, 1994, s. 95, 103.
  • Om korleis han og faren arrangerte seg, om Hotel Isis og Gaustad: Jan Nyberg, «Kunstnar Hans Gjesme», Bergens Tidende, 9. februar 1991.
  • Om Skigrov: Jens Hauge, «Minneord over Hans Gjesme», Sogn Avis, 15.4.1994. Ordførar Hans A. Tønjum i «Restaurerer hytta til Hans Gjesme», Sogn Avis, 17.8.1994. Kai Martin Brekke, «I Gjesme sine fotspor», Sogn Avis, 4. 9.1996. «Velkomen til Tynjaåsen, Ein tur i Hans Gjesme sine motiv», hefte, Lærdal kommune, 1996.
  • Segn om Lauvane: Nedskrive av Velgjerd Starheimseter. Bestemora som var fødd i 1854, var budeie på Grøttestølane Lauvane. Innsamla av Torbjørn Røberg i åra 1994, 1995 og 1998. (http://segner.no/?sid=1796)
  • Om Gjesme gard: Oddleif Løset, «Kjetil kjøpte spøkelsesgard», NRK, 02.12.2007.
  • Om Pola Gauguin sin målarskule: Store norske leksikon om Pola Gauguin, https://snl.no/Pola_Gauguin
  • Om Paris: Brev frå Pola Gauguin til Knut Gjesme, 01.06.1923. Gunnar Danbolt, ”Periferi og sentrum”, Norsk Kunsthistorie, Oslo, 2001, s. 276-77. Brev frå Hans Gjesme til Knut Gjesme, i perioden 25.02.- 26.05.1925. Om Académie André Lhote, 18 rue d’Odessa, nær Montparnasse stasjonen. Dreve av Lhote frå 1925-1962. https://andre-lhote.org/academie
  • Om Fjærland: Brev frå Olaus Dahle til Knut Gjesme, 17.3.1926. www.allkunne.no om Hotell Mundal, Brita og Olaus Dahle. Brev frå Olaus Dahle til Hans Gjesme, 17.09.1926.
  • Om Tønjum kyrkje: https://leksikon.fylkesarkivet.no om Tønjum kyrkje.
  • Om Røros: Store norske leksikon. Brev frå Hans Gjesme til Knut Gjesme, Røros 8. september 1948. Brev frå Hans Gjesme til Knut Gjesme, Røros utan dato 1948.
  • Om tida på Gaustad sykehus: Herman Starheimsæter, i Hans Gjesme, Landskap og portrett, 2004, s. 34. Store norske leksikon.

Søk på emneordet "Hus" i Digitaltmuseum:

Søk på emneord "Bygning" i Digitaltmuseum:

Andre kunstverk relatert til Paris på Digitaltmuseum:

Paris II [Fargetresnitt] Thorkildsen, Ivar
Fra St. Cloud Bechen, Johan
Fra Paris [Akvarell] Eikeland, Ragnvald
Paris Ording, Dorothea (Doro)
Skisse til Natt og Børsen, Paris Midelfart, Willi
Paris/ Place du Tertre-Montmatre [Akvarell] Ukjent,
Gråvädersdag, Paris [Oljemålning] Joann, Sven
Urtsikt från Square S:t Pierre, Paris [Oljemålning] Joann, Sven
Paris. Arc de Triomphe de L'etoile [Fotografi] L. P. Phot
Gatumotiv från Paris [Målning] Hellqvist, Carl Gustaf
Min atelier i Paris [BLYERTSTECKNING] Borg, Axel
Bromotiv, Paris [Kolteckning] Joann, Sven
Balkongutsikt vid Rue de Parme, Paris [Oljemålning] Joann, Sven
Regnstämning från mitt fönster vid Rue Tronchet i Paris [Oljemålning] Tynell, Märtha
På teater. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Grønnsakshandleren. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Triumfbuen. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Gårdsrom. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Gatehjørne. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Boulevard. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Gatescene sett ovenfra. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Avenue du Bois. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Plass om kvelden. Fra serien "Quelque aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Tittelblad "Quelques aspects de la vie de Paris" [Grafikk] Bonnard, Pierre
Vardag i Paris Okänd
Eldsvådan i Hôtel-Dieu i Paris 1772 Hubert Robert
Utsikt över Paris från kajen under Pont Neuf Elias Martin
Utanför en restaurang i Bois de Boulogne, Paris. Skiss Hugo Birger
Ateljéinteriör i Paris Eva Bonnier
Vår i Paris Gerda Roosval-Kallstenius
Konstnären Carl Frisendahls flyttning i Montparnasse, Paris Bertil Lybeck
Nils Forsberg jr i Paris-ateljén Nils Forsberg
Förstad till Paris Richard Bergh
Fra Hotel Cluny i Paris [Tegning] Backer, Harriet
Høyfjellsbilde, Paris [Olje på lerret] Askevold, Anders Monsen
Mannsportrett. Paris [Oljemaleri] Aasen, Astri
Billedhuggeren, Paris 1921 [Oljemaleri] Bye, Roar Matheson
Folkefest i Paris [Maleri] Ukjent kunstner, flamsk
Bibliotheque Nationale de France Paris V [Fotografi] Höfer, Candida
Høyfjellsbilde. Paris [Oljemaleri] Askevold, Anders Monsen
Fra Paris Backer, Henrik
Paris [Maleri] Rørhus, Gunnar
Fra Paris 1949 [Maleri] Rørhus, Gunnar
Pont d'Arcole, Paris [Maleri] Heramb, Thore
Paris [Maleri] Sitter, Inger
Paris [Målning] Baertling, Olle
Metrostation Paris [Grafik] Billman Torsten
Fernand Legér, Paris 1954 [Fotografi]
Olle Baertling, Paris 1950 [Fotografi]
Paris -90 [Måleri] Olson Bengt
E Thorén Paris 1926-1927 [Skissbok] Thorén Esaias
Tårgas i Paris [Grafik] Billman Torsten
Bouquinisterna, Paris [Målning] Claësson, Ralph
Paris qui remue [Karikatyr] Forssell, Stina
Paris [Opplagstrykk] Sitter, Inger
Arbeiderdemonstrasjonstog. 1. mai i Paris [Tegning] Aulie, Reidar
Fra Paris [Akvarell] Weidemann, Jakob
Fra Aulnay ved Paris [Maleri] Gørbitz, Johan
Interiør fra Paris [Maleri] Wentzel, Gustav
Fra Paris [Maleri] Thaulow, Frits
Gare d'Orleans i Paris under bygging [Maleri] Thaulow, Frits
Ved Madeleine-kirken i Paris [Maleri] Thaulow, Frits
Hustak, Paris [Maleri] Lærum, Arne

Andre kunstverk med motiv frå Fjærland på Digitaltmuseum:

Fjærland [Akvarell] Eikaas, Ludvig
Fjærland [Akvarell] Eikaas, Ludvig
Fjærland [Akvarell] Eikaas, Ludvig
Fra Fjærland i Sogn Normann, Eilert Adelsteen
Parti fra Fjærland i Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Parti ved Suphellerbræen i Fjærland, Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Parti ved Suphellerbræen i Fjærland, Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Bøiomsbræen i Fjærland, Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Bøiomsbræen i Fjærland, Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Parti fra Mundal i Fjærland, Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Parti fra Fjærland i Sogn [Fotografi] Knudsen, Knud
Fjærland [Oljemaleri]
Supphellebreen i Fjærland [Tegning] Gude, Hans

Andre kunstverk relatert til Røros på Digitaltmuseum

På veg til Røros Grøstad, Terje
Benjamin Sigismund preker for første gang i Røros kirke Grøstad, Terje
Vinter-Røros Grøstad, Terje
Malmplassen - Røros Grøstad, Terje
Øvre bru (Røros) [Oljemaleri] Gleditsch, Rolf Juell
Frå Røros [Oljemåleri] Solli, Håkon
Natt (Røros kirke) [Oljemaleri] Sohlberg, Harald Oskar
Fra Røros [Maleri] Refsum, Tor
Fjellbjerk, Røros [Maleri] Holtsmark, Karen
Lys natt, Røros [Maleri] Kielland, Else Christie
Gate i Røros [Maleri] Sohlberg, Harald
Natt, Røros kirke [Antemensale] Sohlberg, Harald
Gårdstun i sneløsningen, Røros [Maleri] Sohlberg, Harald
Gate i Røros [Maleri] Sohlberg, Harald

Share to