Anne Bamle var frå Heddal i Telemark. Ho kom til Oslo som sydame medan ho var ung, og på søndagane arbeidde ho som tunvert ved Norsk Folkemuseum. Der fekk ho sjå nokre av dei gamle draktplagga frå Aust-Telemark, og ho vart inspirert til å utvikle ein meir brodert bunad enn den som alt var i handelen. Sjølv er ho avbilda i både stakk og liv, og beltestakk, i tillegg til fleire raudtrøyebunader. I1921 flytta ho til Notodden og byrja som bunadsaumar. Dei broderte bunadene hennar blir ofte kalla Anne Bamle-bunad. (Bjørn Sverre Hol Haugen, 2023)