Klevask i Nordfjord (6 objekter)
Før vaskemaskina si tid var klevask tungt og tidkrevjande kvinnearbeid. Utviklinga frå vaskebrettet til den heilautomatiske vaskemaskina er også ein del av kvinna si historie.
Før vaskemaskina si tid var klevask tungt og tidkrevjande kvinnearbeid: Først la dei kleda i bløyt kvelden før. Dagen etter vart kleda kokt i store sink- eller koparkjelar. Etter kokinga vaska dei kleda i varmt vatn med såpe på vaskebrett i store stampar. Etter såpevasken tok dei gjerne kleda ned til elva og skylde dei der. Til slutt var det å vri opp kleda og henge dei til tørk.
Med elektrisiteten vart klevask enklare. Elektriske vaskemaskinar byrja å komme i bruk i Nordfjord etter andre verdskrigen. Den første typen var av tre og tok berre vaskinga. Framleis måtte ein legge i bløyt, koke, skylje og vri opp kleda sjølve. Etterkvart kom dei halvautomatiske vaskemaskinane som både vaska og sentrifugerte. Dei letta arbeidet mykje. No kunne ein henge kleda til tørk rett frå maskina. I 2012 er vaskemaskina heilautomatisk og både bløytgjer, vaskar, skyl og sentrifugerar.
Er du glad du lever i den heilautomatiske vaskemaskina si tid?
Vaskemaskin
- Produsent:
- Moelven
- Tilhører:
- Nordfjord Folkemuseum
- Datering:
- 1947 - 1947
- ID:
- NFM.2007-00025
- Type:
- Gjenstand
Vaskemaskin
- Produsent:
- Scharpf
- Tilhører:
- Nordfjord Folkemuseum
- Datering:
- 1960 - 1970
- ID:
- NFM.2007-00026
- Type:
- Gjenstand
Vaskemaskin
- Produsent:
- Miele
- Tilhører:
- Nordfjord Folkemuseum
- Datering:
- 1970 - 1970
- ID:
- NFM.2007-00027
- Type:
- Gjenstand
Vaskemaskin
- Produsent:
- Hoover
- Tilhører:
- Nordfjord Folkemuseum
- Datering:
- 1950 - 1960
- ID:
- NFM.1986-00129
- Type:
- Gjenstand


Godt at det har blitt lettere med årene.
– Gunn W • 11. apr. 2012 kl. 13.21
Kommenter
Toppsak mellom 08. mars 2012 og 31. mars 2012
Utviklinga frå vaskebrettet til den heilautomatiske vaskemaskina er også ein del av kvinna si historie.
– Ingrid Berger, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum • 07. mars 2012 kl. 10.18
Kommenter