Digitalt Museum Digitalt Museum

Kunst i offentlige rom - KORO

Gulating lagmannsrett 2 objekter

Nye Gulating er blitt eit signalbygg med lav terskel og åpne rom som tydeliggjør moderniseringen og endringene innenfor domstolen. Endringene blir og synlige i to kunstprosjekter utført av britisk-amerikanske Sarah Morris og norske Marte Johnslien.

På Gulatingplassen, framfor det nye bygget, har Marte Johnslien (f. 1977) utforma ein frittståande skulptur med spesiell tanke på funksjonen til bygget, arkitekturen og korleis plassen er plassert i byrommet. Utgangspunktet for skulpturen Blindfold er Justisia, den romerske gudinna med augebind som gjerne representerer idealet om ei objektiv rettferd. Johnsliens intensjon med prosjektet er å vende lys mot og materialisere kompleksiteten i funksjonen Gulating lagmannsrett har. Assosiasjonane til augebindet og evna vår til å sjå kan vi slik ane i dei opna og lukka flatene til skulpturen.

Skulpturen er sett saman av 15 trekantar som vrir seg rundt sin eigen akse. Samla utgjer lengda 15,5 meter, og høgda på dei ståande trekantane er 2 meter. Tre av trekantane har plater i børsta stål, tre har tovegs spegel, men dei ni siste trekantane er opne rammer. Slik endrar verket uttrykk etter som betraktaren beveger seg over plassen og rundt dei opne og lukka arkitektoniske strukturane til skulpturen. Gjennom eit breitt sett av kunstnariske strategiar er Johnslien oppteken av å utforske historia og forståinga vi har av erfaringar
frå fortida i ulike samfunnskontekstar. Referansane til den minimalistiske estetikken i etterkrigstida er mange, eksempelvis glaspaviljongane til Dan Graham og metallskulpturane til Richard
Serra.

Den internasjonalt anerkjende kunstnaren Sarah Morris (f. 1965) har sidan slutten av 1990-talet utvikla stadspesifikke veggarbeid og filminstallasjonar for fleire internasjonale kunstinstitusjonar, men dette er det første kunstprosjekt hennar i Noreg. Veggmåleriet Judicial-Non-Tesselation er utvikla spesielt for den sentrale fondveggen i vrimlehallen og vil møte besøkjande så snart dei er inne i Gulating-bygningen. Måleriet er 31 meter langt og strekkjer seg frå kaféområdet ut mot Rådhuset og inn mot rettssalane i motsett ende, gjennom dei opne og meir lukka sonene i bygget. Som tittelen ymtar om, er det konseptuelle utgangspunktet til Morris henta frå endringane i funksjonen bygget har som dømmande instans. Ifølgje Morris viser fargane og formene til Gulating-bygningen som stad for motstridande psykologiar, nærmare bestemt dei motstridande eller til tider samanfallande interessene til partane. Det fargesprakande og glansfulle måleriet tilfører det monumentale bygget ein leiken og tvitydig energi som blir forsterka gjennom det dynamiske samspelet i dei abstrakte formene. Slik
minner kunstverket oss om at ingenting er statisk og eintydig, men i konstant rørsle og endring.

Den kunstnariske metoden til Morris er kjenneteikna av komplekse geometriske abstraksjonar som blir bilete på maktstrukturar, gøymde under overflata i dei kvardagslege og urbane omgivnadene til mennesket. Gjennom ei medviten vektlegging av fargeintensitetenog den glossy overflata i måleria blir ei urban oppleving der ein uendeleg straum av teikn og symbol treffer oss i korte glimt, kommunisert.

Kunstkonsulenter: Kari J. Brantzæg og Ole John Aandal
Arkitekt: Perspektiv Arkitekter a/s

Side av 1

Vennligst vent...

Blindfold [Skulptur / 3Darbeid / objekt]...

Kunstner:
Johnslien, Marte

Tilhører:
Kunst i offentlige rom - KORO

Datering:
2011 - 2011

ID:
KORO.006508

Type:
Billedkunst

Judicial Non-Tesselation [Maleri]

Kunstner:
Morris, Sarah

Tilhører:
Kunst i offentlige rom - KORO

Datering:
2011 - 2011

ID:
KORO.006507

Type:
Billedkunst
 

Side av 1

© KulturIT

Vennligst vent...