Photo: Ukjent / Kunst i offentlige rom

Politihuset i Florø

Politihuset er eit signalbygg i Florø. Om lag 85 menneske har sitt daglege virke på huset, som òg rommar friomsorgskontor og alarmsentralen for Sogn og Fjordane. Den 2,3 meter høge skulpturen til Mikkel Wettre blei sett opp i 2010, på den opne plassen utanfor inngangen. Den er laga av utskorne aluminiumsplater som er varmesveisa og pulverlakkert. Skulpturen speglar naturen rundt, med djupe fjordar og høge fjell, og er utforma i eit stilisert og digitalt formspråk.

Tittelen "The Goblin’s Raincoat" viser til eit japansk eventyr om eit lite, vondskapsfullt troll som lurar til seg ei kappe som gjer deg usynleg. Figuren dukkar òg opp i europeiske soger frå tidleg mellomalder, og i ulike variantar i norrøne mytar og norske folkeeventyr, mellom anna som vette. Regnfrakkvarianten til Wettre har noko mystisk over seg, samtidig som den gjev assosiasjonar til behovet for vern – mot vêr og vind, regn og kulde, eller ei vanskeleg og trugande omverd.

Skulpturen bygger vidare på tidlegare prosjekt av Mikkel Wettre. Skulpturane hans er enkle og strenge, men vekkjer òg ei kjensle av noko irrasjonelt og poetisk. Kunstnaren jobbar med teikning og datagrafikk, og lagar verk som set i spel konfrontasjonar mellom fysiske gjenstandar, krefter og element som er henta frå både det virtuelle og det konkrete, naturen og det syntetiske.

Mikkel Wettre (f. 1974) er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og ved School of Visual Arts i New York. Han har hatt ei rekkje separat- og gruppeutstillingar i Noreg og i utlandet.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to