Ideen om eit postmuseum i Bergen postområde kom frå postmannen Vegard Bakka (19402016). Vegard hadde gjennom ein lang yrkeskarriere ulike roller i Postverket – mellom anna som reisande postekspeditør på fjordabåt. Vegard var ein posthistorisk eldsjel, og han samla inventar og utstyr frå nedlagte poststader. Etter at han gjekk bort i 2016 forvalta kona hans, Aud Smeby Bakka, samlinga. Ho avgjorde i 2020 at Lindås sogelag fekk overta resultatet av Vegards innsamlingsarbeid. Gåva utgjer grunnlaget for postmuseet på Festo. Også andre post- og lokalhistorisk interesserte har donert materiale til museet

Visit us

Share to