Brudavolltunet er eit autentisk gardstun som er forholdsvis lite endra sidan første halvdel av 1800-talet. Tunet har eit våningshus med loft, ei kårstove med eldhus, eit stabbur, ei freda grindløde med fjøsar, eit truskarhjulhus med mura vassrenne og ei gardssmie.

Om Brudavolltunet

Brudavolltunet er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune. Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet på 1800-talet.

I ein stav i løa på tunet er det ripa inn 1622 og initialane til Ivar Jonson Brudevoll. Eit handfast bevis på den lange historia til garden. Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet, etter å ha lege aude lenge. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ein ny stad. Dagens tun er bygd tidleg på 1800-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830, og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet som tok til utover 1800-talet.

Gardstunet vart kjøpt til museumsføremål i 1958 av Ørsta bygdemuseumslag. I dag er det Stiftinga Viti som eig og driv museet med god hjelp frå frivillige i Ørsta bygdemuseumslag.

Det er ei stor samling knytt til museet. Noko er frå dei som har budd på garden og noko har vore gitt eller kjøpt til museet. Det meste er frå 1800-talet og består av diverse redskap, foto, bruksgjenstandar, bøker, bekledning og andre tekstilar.

Visit us

Share to